Kystvakta og redningsselskapet i redningsaksjon etter at ein båt med fire fisketuristar på Averøy vart funnen
FORTSATT SAKNA: Ein av dei fire mennene vart funnen omkomen etter den omfattande redningsaksjonen. Tre er framleis sakna. Foto: Redningsskøyta Henry von Koss/Redningsselskapet

Det har gått tre veker sidan dei fire tsjekkiske mennene som drog på fisketur utanfor Averøy forsvann.

Fisketuristane kom ikkje i land som avtalt og det vart sett i gang ein storstilt redningsaksjon. Ein av mennene vart funnen omkomen. Dei tre andre er sakna.

No har dei etterlatne i Tsjekkia lovd ein dusør på inntil 400.000 kroner for dei som finn fiskarane, skriv VG.

– Det er enormt mykje pengar for oss. Men vi gjer dette fordi vi endå håper at dei tre kan bli funne og sendt heim til oss familiane, seier dottera til den eine fiskaren til VG.

Åtvarar uerfarne

Ordførar i Averøy, Ingrid Ovidie Rangønes (Ap) har fått med seg at familien vil gi dusør.

– Dei ynskjer rett og slett ei grav å gå til, og det forstår eg godt. Vi føler jo med dei vi også, i den fortvilinga og sorga dei står i.

Kvinne foran Averøy kommunehus. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Ordførar Ingrid Ovidie Rangønes forstår at familiane vil ha heim dei omkomne, men ber om at uerfarne ikkje utset seg for risiko. Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Likevel er ordføraren uroa for kva dusøren kan føre til. Området rundt Smøla og Grip er vêrhardt, og kan vere vanskeleg å manøvrere i. Rangønes er redd for at folk utan båterfaring skal starte private søk.

– Eg håper ikkje at ikkje-båtvande folk tar turen ut og tar risikoar for pengane si skuld. Det er veldig synd dersom det skjer endå fleire ulykker, seier ordføraren.

Det har vore to ulukker dei siste åra med fisketuristar i området.

Ordføraren meiner at dei lokale fiskarane held utkik kvar einaste dag, uavhengig av dusøren.

Fryktar at dei aldri blir funne

Dagfinn Nuncic og kompisen Terje Stensønes er rutinerte hummarfiskarar, og i dag observerer dei ekstra stor båttrafikk.

Særleg fisketuristar med ukjente navn.

– Vi har snakka om kva vi skal gjere dersom vi finn ein av mennene, men vi har ikkje noko forhold til dusøren i det heile tatt, seier Nuncic.

Dagfinn Nuncic
Dagfinn Nuncic har sjølv mista ein onkel på havet. Foto: Privat

Han har sjølv mist ein onkel på havet, som aldri vart funnen. Nuncic fryktar at det same kan skje med dei tsjekkiske fisketuristane dersom dei har kome under 10 meter.

Begge hummarfiskarane støttar ordførar Rangønes i at uerfarne ikkje bør starte søk. Nuncic beskriv farvatnet som uoversiktleg med mange grunner og små skjer.

Hummarfiske Ålesund
Biletet er tatt av Nuncic og Stensønes på Smøla torsdag. Foto: Privat

– Du skal vere rimeleg godt kjent for å dra og rote opp i hola rundt øyene her, seier Nuncic. Han meiner det er rett og slett er farleg for dei utan lokalkunnskap.

Politiet avslutta søket etter dei tre fiskarane to veker etter at dei forsvann.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med dei tre fiskarane sine pårørande.