– Det fortel ei historie om ei heilt anna verd, seier Per Christian Burhol om plantefossila ved fjellet Storehesten ved Bygstad i Vestland.
Fossilet gir informasjon om livet der for nær 400 millionar år sidan – lenge før dinosaurane levde.
I ei tid då landskapet minna om ein ørken.
Men fossilet, som først blei oppdaga og omtalt for 100 år sidan, var nær ved å gå i gløymeboka.
Men så dukka Per Christian Burhol opp, over snittet interesserte i spor etter fortida.
– Som å leite etter nåla i høystakken
For då arkeologen Burhol begynte å lese i 100 år gamle geologiske rapportar om plantefossil ved Storehesten i Bygstad, blei interessa hans vekt.
Han ønskte å sjå desse funna med eigne auge.
Men det viste seg å vere lettare sagt enn gjort i eit massivt fjellandskap.
– Det var som å leite etter nåla i høystakken, vedgår Burhol.
For eit utrent auge er fossil lette å gå forbi.
Det er små detaljar i steinen som avslører dei.
På veg til å gi opp, og litt lei, snubla han nærast over eit fossil: brunaktige, svake strekar i ei steinblokk.
– Eg trur eg sa nokre ukristelege ord i glede og sende bilde til frua, seier han.
Paleontolog: – Litt pinleg
Bilda sende han også til forskarar ved paleontologisk museum i Oslo – som sperra auga opp:
– Dette er veldig stort, seier paleontologFranz-Josef Lindemann ved Universitetet i Oslo om funnet til Burhol.
– Men også litt pinleg, legg han til.
For funnet av plantefossilet i området for 100 år sidan, gjekk altså i gløymeboka etter at han som gjorde funnet døydde.
Forskarar og andre undersøkte aldri funnet noko nærmare.
– Men no er det altså oppdaga på nytt, seier paleontologen, som saman med Burhol drog på seg fjellskoa og reiste opp i området.
Her fann dei fleire plantefossil som stammar frå Devon-tida.
Lindemann har vore ein del i området sjølv og har kartlagt underlaget til devonmassivet.
– Men eg har aldri sett plantefossila. Det er imponerande at Per Christian basert på gamle rapportar har gått opp dit og jobba så iherdig.
Få slike funn
Burhol jobbar som arkeolog i Vestland fylkeskommune. Funnet ved Storehesten går inn i paleontologi, eit anna fagfelt.
– Men eg har alltid vore over snittet interessert i både menneskeleg historie og naturhistorie, seier han.
I dag er det nokre få andre kjente område på Vestlandet med devonske plantefossil, på Værlandet i Askvoll, Hyen i Gloppen og Hornelen i Bremanger.
– Funna er ei interessant kjelde til å forstå prosessane som har forma Vestlandet. Det var ganske harde forhold den gong, slik som Death Valley i Nevada i dag, varmt og tørt, seier arkeologen.
– Det er eit vitnesbyrd om eit heilt anna landskap som ligg på same plass som i dag, men likevel i ei heilt anna verd.
Kvart funn kan fortelje litt meir om korleis naturen såg ut her for millionar av år sidan.
I devontida, som var lenge før dinosaurane si tid, var det mykje liv i hava. Tida blir kalla fiskane sin tidsalder.
Funnet i Storehesten er ikkje det eldste kjente plantefossilet som er oppdaga. Frå før er plantefossil frå Røragen, aust for Røros funne. Det er frå tidleg devon, og er eldre og representerer ein endå enklare flora.
Arkeologen trur det ligg fleire fossil rundt omkring som det er mogleg å finne.
– Det er berre ein måte å finne ut av det på, og det er å gå ut og leite meir!
Viktig med privatpersonar
Forskarmiljøet jublar over folk som tipsar dei om alt frå fossil, mineral, sommarfuglar eller bergartar.
– Vi er usedvanleg glade for at folk tek kontakt når dei gjer funn slik at forskarane våre kan vurdere funna, seier paleontolog Hans Arne Nakrem ved Universitetet i Oslo.
Til dømes skal han til Mjøsa-området snart for å sjå på nokre interessant funn privatpersonar har gjort, fortel han.