Gardseigar Ellisiv Bræin trudde knapt det ho fekk høyre då ho fekk beskjed om funnet førre veke.
– Vi tenkte det kanskje kunne stamme frå 1600-talet, men at det er så gamalt er stort å ta innover seg og smått utruleg, seier Bræin.
Ho er klar på at dei no skal gjere alt dei kan får å ta vare på funnet.
– Det er mange som kan vere interessert i dette. Ikkje berre meg som eigar.
Elleve år før pesten
Ein tradisjonshandverkar merka seg uvanleg gamle spor i tømmeret, mellom anna bruk av den gamle lafteteknikken spretteljing i den 37 meter lange låven på Utigard i Sunndal på Nordmøre.
Det vart tatt ut årringsprøvar av fleire stokkar i bygninga. Desse vart analysert ved NTNU, og resultatet viste at fem av prøvane kjem frå tre som vart felt vinteren 1337-1338, elleve år før pesten som la store delar av Noreg aude kom til landet.
Funnet gir eit sjeldan innblikk i byggeskikk og handverk frå tida før svartedauden.
Tømmeret har opphavleg vore ein del av ein bygning som truleg vart reist i 1338, eller kort tid etter, og seinare blitt brukt att i dagens låve.
– Det eine treet som vi har datert var over 300 år gamalt då det vart felt, og byrja å vekse kring år 1007. Vi snakkar om verkeleg gammal tømmer som står i bygninga her, seier Ola Hjelen som jobbar med kulturminnevern i Møre og Romsdal fylkeskommune.
For å avklare opphavet er det fleire undersøkingar som står att.
– Vi veit enda ikkje kvar tømmeret kjem frå, og det er merker etter flytting på tømmerkassa. Det kan ha vore flytta ein eller fleire gongar, seier Hjelen.
Fleire funn på nabogarden
Men ifølgje arkeologane og ekspertane i fylket er det òg spor under bakken som gjer funnet interessant.
Dei ser funnet i samanheng med dei omfattande funna som vart registrerte på nabogarden Østigard i Flatvad hausten 2025.
Her vart det på eit avgrensa område påvist 28 strukturar, mellom anna dyrkingslag, kokegroper og spor etter minst tre bygningar.
Det eldste sporet er restar etter eit hus datert til 436–585 e.Kr., og funna gir ein sjeldan kunnskap om busetting i periodar der det elles finst få arkeologiske spor, særleg frå mellomalderen.
– Det er spennande funn som viser kontinuiteten i busettinga på Flatvad og bruken av området, seier arkeolog Guro Dehli Sanden.
Til sommaren skal NTNU Vitenskapsmuseet gjere endå fleire utgravingar i området.
– Vi gler oss veldig til å finne ut meir om kva som er dyrka, og om husdyrhald og busettinga på Flatvad, seier Sanden.
Første gang
I ein nasjonal samanheng er det svært uvanleg å finne bevart bygningsmateriale frå 1300-talet i verdslege bygningar.
Dette er den første gongen ein har datert eit bygg som ikkje er ei kyrkje frå tida før 1500-talet i Møre og Romsdal.
Museumsdirektør Eigunn Stav Sætre ved Nordmørsmusea er entusiastisk og meiner funnet kan bidra til viktig forsking på handverk og norsk busettings- og bygningshistorie.
– For oss som driv mykje med bygningsvern i praksis og opplæring av handverkarar er dette kjempestort, og noko som gir heilt nye moglegheiter, seier ho.
At ein har oppmerksame gardeigarar og handverkarar, slik som i dette tilfellet, meiner ho er ein del av nøkkelen.
– Då får ein kopla på dei rette instansane. Vi oppmodar alle som har gamle bygg på eigedommane sine til å følgje litt ekstra med, seier Sætre.