For berre to veker sidan var det 18 grader og strålande sol fleire stader i landet.
Fleire har allereie funne fram badetøyet som ligg bakarst i skapet, kosa seg med ein is i sola eller tatt sin første utepils.
Men no snør det igjen.
Måndag og tysdag er det nemleg gult farevarsel for snø i store delar av landet.
I løpet av desse dagane kan ein vente snø i både Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland, Rogaland, Innlandet, Agder, Buskerud og Telemark.
– Det kan komme som eit sjokk med tanke på det vêret som var førre veke, seier vakthavande meteorolog Emili Carin Rønning.
Sidan fleire har budd seg på finvêr i tida som kjem, seier meteorologen at dei har sendt ut farevarselet for å gjere folk obs på at det kan komme snø.
– Det er jo mange som allereie har bytta til sommardekk, så det kan jo vere berre litt snø som skal til før det kan bli vanskeleg føre på vegane eller glatt.
Avlyser turen
Svein Inge Gunnes er ein av dei som køyrer på sommardekk over Ørskogfjellet mellom Vestnes og Ålesund.
Han har reist frå Trondheim, men avlyser no siste del av turen sin på grunn av vêret.
– Dette passa særdeles dårleg. Vi køyrer på sommardekk og då må vi gjere endringar. Vi skulle til Geiranger, men tar ikkje sjansen på det.
No har han utsett opphaldet og må rett og slett reise i retur.
– Eg trudde ikkje det skulle bli så mykje, då hadde eg droppa å køyrd, seier han.
Adrian Moen Haukås har også tatt turen over Ørskogfjellet måndag, og synest ikkje noko om snøvêret.
– Dette likar eg ikkje litt ein gong. Det er mai.
Han hadde ikkje sjekka vêrmeldinga, og blei overraska då han oppdaga snøen.
– Eg vil helst ha sol, seier han.
Siste krampetrekninga
– I Møre og Romsdal og Trøndelag vil det komme kanskje 3–15 centimeter snø, mens i Nordland vil det komme 5–15 centimeter, seier meteorolog Rønning.
Sjølv om det snør no igjen, trur ho ikkje at snøen har komme for å bli.
– Trur du dette er siste krampetrekninga med snø?
– Det kan sjå slik ut, den snøen som kjem no vil ikkje bli liggande.