– I verste fall kan slike feil føra til at folk ikkje får helsehjelpa dei treng.
Det seier legevaktsjef i Bergen, Anne Karoline Tyssøy Pedersen, til NRK.
Torsdag ettermiddag var det store problem i mobilnettet, og folk kunne ikkje ringa, mellom anna til naudnummer og legevakt.
Pedersen seier legevakta raskt merkte at noko ikkje var som vanleg.
– Me merkte at det blei stillare i telefonen enn vanleg. Men me fekk raskt ut informasjon til folk om kva dei skulle gjera, seier ho.
Legevakta la mellom anna ut informasjon på kommunen sine sider, og bad media om å skriva kva folk skulle gjera. Folk som trengde hjelp blei bedne om å møta opp direkte hjå legevakta.
– Me har ikkje registrert at folk ikkje har fått hjelpa dei treng, men det er jo urovekkjande at slikt kan skje, seier legevaktsjefen.
Heva beredskapsnivået
Stavanger universitetssjukehus vedtok torsdag å heva beredskapsnivået til gult i samband med feilen i mobilnettet.
Sjukehuset vurderte situasjonen som alvorleg, og samla beredskapsleiinga, seier beredskapssjef Geir Haakonsen til NRK.
Haakonsen seier sjukehuset også oppretta kontakt med det regionale helseføretaket Helse Vest og Statsforvaltaren i Rogaland.
– Personar med akutt behov for helsehjelp blei oppmoda gjennom andre kanalar å møta direkte på sjukehus eller legevakt. Fødande blei også oppmoda til å møta direkte, skriv Haakonsen.
– Ser helst at dette ikkje skjer igjen
Ingen helseføretak har førebels registrert at nokon ikkje fekk hjelpa dei trengde som ei følgje av at dei ikkje kom gjennom på telefonen.
Kommunikasjonssjef Arve Uglum i Helse Førde peiker likevel på at slike feil gjer det vanskeleg å driva sjukehus.
– Eit velfungerande telefonnett er ein heilt sentral del av den kritiske infrastrukturen, ikkje berre for helsevesenet, men for heile samfunnet, seier Uglum, og held fram:
– Ein svikt i telefonnettet kan i verste fall få alvorlege konsekvensar.
Uglum peiker på at det er heilt avgjerande at både pasientar, pårørande og helsepersonell kan kommunisera når dei treng det.
– Me set veldig pris på om dette ikkje skjer igjen, seier Uglum.
Også alvorleg for politiet
Heller ikkje politiet har registrert at nokon som trengde det ikkje fekk hjelp. Men Politidirektoratet er samd med helsevesenet at feilen var alvorleg.
– Dette kunne potensielt fått store konsekvensar, seier politiinspektør Geir Arne Nessa.
Politiet gjekk tidleg ut med alternative nummer publikum kunne ringa, men Nessa skriv at politiet er avhengig av at innbyggjarane har tillit til politiets naudnummer og at dei kan nå politiet dersom dei treng hjelp.
Politiet har alt starta ei intern evaluering av hendinga, og skal også delta i Telenor og Nkom sine evalueringar.
Nessa skriv at dei til no har oppdaga at:
- Aktivitetsnivået på innkomne samtaler viser at mange fekk med seg dei nye nummera.
- Valdsalarmar blei ikkje påverka.
- Det blei valt ulike løysingar i politidistrikta når det gjeld måtar å gjera seg tilgjengeleg for innbyggjarane på. Det er naturleg, basert på demografi, geografi og kriminalitetsbilete
- Politiets samband og naudnett var upåverka
– Alle bør ha ein plan B
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, DSB, kalla inn til ein samordningskonferanse med alle aktørane som blei råka.
Avdelingsdirektør Elisabeth Longva seier dei opplever situasjonen som alvorleg, og at han blei oppfatta som dramatisk då det stod på.
Ho oppmodar alle til å tenka gjennom kva dei skal gjera i ein liknande situasjon.
– Alle bør ha ein plan B. Både straum og telefonnett kan bli borte. Då må folk ha tenkt gjennom korleis dei skal handtere det, og ha moglegheit til å kommunisera gjennom andre kanalar, seier ho.
Ho peiker på at kommunane har blitt bedne om å laga oppmøtestader der folk kan koma for å få informasjon.
Tok to timar å løysa problemet
Feilen oppstod klokka 15.15 torsdag. Kring to timar seinare, klokka 17.25 var mobilnettet tilbake til normalt, ifølgje Telenor.
All togtrafikk blei også stansa som ei følgje av feilen. Det er førebels ikkje kjent kva som førte til feilen.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, Nkom, har varsla tilsyn med Telenor.
Telenor-direktør Birgitte Engebretsen sa til NRK i går at det er naturleg at Nkom ønskjer å sjå på saka.