Krimtekniker undersøker en knust rute i Trondheim
TREFT: Ruta blei knust av eit prosjektil laurdag morgon. Foto: Morten Børre Karlsen / NRK

Like etter klokka 9 laurdag morgon fekk politiet melding om at eit prosjektil hadde gått gjennom vindauget til eit bustadhus på Tanem i Trondheim.

Etter å har gjort undersøkingar på staden kom politiet i kontakt med eit jaktlag.

– På bakgrunn av kva dei fortel oss så har vi tatt beslag i eit jaktvåpen som tilhøyrar eit av medlemmane i jaktlaget, siger operasjonsleiar Ketil Stene til NRK.

Operasjonsleiar i politiet Håvard Okan Lossius seier at ein mann i 50-åra er sikta i saka, fordi dei har beslaglagt våpenet hans.

Dei skal gjere tekniske undersøkingar av våpenet.

Ragnhild Huseby seier til Adresseavisen at mannen er sikta for uforsiktig omgang med skytevåpen. Huseby er jourhavande politijurist i Trøndelag politidistrikt.

– Vi tar dette på alvor, men vil trygge publikum om at vi har ingen grunn til at tru at dette er ei vilja handling, seier Lossius.

En rute som er knust etter at et prosjektil traff.
Det var fleire barn i huset dra prosjektilet trefte. Foto: Morten Børre Karlsen / NRK

– Svært ubehageleg

NRK har vore i kontakt med eigaren av huset som blei treft.

– Det var svært ubehageleg. Det var barn i huset, fortel huseigaren som ønsker å vere anonym.

Operasjonsleiar Stene fortel at det var to vaksne og tre barn i huset. Han fortel at politiet har oppretta sak på hendinga og no gjer undersøkingar på staden.

– Vi ser på dette som ei hending som er såpass farleg for allmenta at vi sett inn kriminalteknikarar, seier Stene.

Okan Lossius seier at prosjektilet gjekk gjennom eit vindauge før det trefte ein sofa. Han seier at det må ha vore ei skremmande oppleving, men at det skal gå bra med dei som bur i huset.

Krimteknikere undersøker et bolighus som ble truffet av et prosjektil.
Krimteknikarane gjer undersøkingar på staden laurdag. Foto: Morten Børre Karlsen / NRK

Politiet seier at dei skal gjere undersøkingar på staden utover dagen.

Operasjonsleiaren fortel at dei vil gjere undersøkingar på staden utover dagen.

– Så får resultatet av undersøkingane danne grunnlaget for om vi vil gå vidare med saka eller ikkje.

– Dei undersøkingane vi gjer no vil danne grunnlaget for å vurdere om han har vore aktlaus i forbindelse med jakta eller om det rett og slett var eit uhell som ikkje var mogleg å unngå.

– Aldri opplevd før

Bustadhuset ligg tett ved eit område som blir brukt til jakt.

– Vi er vane med elgjakt i nabolaget, fortel ein nabo NRK har snakka med.

– Men vi har aldri opplevd at det har kome prosjektil inn til husa her.

Krimteknikere undersøker et hus som ble truffet av et prosjektil.
Politiet fortel at dei ikkje har grunn til at tru at det var ei villa handling at prosjektilet trefte huset. Foto: Morten Børre Karlsen / NRK

Fleire naboar NRK har prata med fortel at dei høyrde fleire smell laurdag morgon.

– Det var overraskande å høyre såpass mange og høge skot.

– Kan vere fleire grunnar

Kvifor prosjektilet trefte ruta veit ikkje politiet enno.

– Det kan vere fleire grunnar til at eit prosjektil går gjennom eit vindauge, seier Stene.

– Det kan vere ein rikosjett frå eit eller anna bak der dei har skote på jakt som gjer at prosjektilet tar ein heilt anna veg enn det var meint eller det kan vere noko heilt anna.

Kva jaktlaget har forklart at skjedde vil ikkje Stene gå inn på.