To av de er tiltalt for å ha skaffa seg, oppbevart og selt narkotika.
Det skal gjelde 137 kilo kokain, 25 kilo hasj og 3 kilo amfetamin.
Dei er også tiltalt for grov kvitvasking av 240. 000 kroner.
Det opplyser statsadvokat Kristine Knutsen-Berge til NRK.
Ein av dei tiltalte er ein NHH-student. Han skal saman med ein forretningsmann frå Austlandet ha kjøpt narkotika for nesten 10 millionar kroner, meiner politiet.
– For dei andre to gjeld hovudpunkta i tiltalen 6 kilo kokain, 10 kilo hasj og 102 gram amfetamin, seier Knutsen-Berge.
Lange strafferammer
Politiet har gjort beslag av narkotika fleire plassar i landet.
– Bevisa tilseier at dei tiltalte har hatt ulike roller, der nokre har hatt leiande roller og andre har utført konkrete oppdrag, seier Knutsen-Berge.
Ifølgje statsadvokaten er dette ei alvorleg sak med betydeleg mengder narkotika.
Strafferamma for det mest alvorlege forholdet er på 21 års fengsel.
– Tiltalen er eit resultat av ei omfattande og grundig etterforsking, og politiet si målretta innsats mot kriminelle nettverk, seier ho.
Betalt for narkotika via krypto
Den tiltalte NHH-studenten skal ha betalt for narkotikaen via krypto. Kommunikasjonen skal ha føregått på krypterte meldingstenester.
Studenten har sete i varetekt sidan desember 2025.
Politiadvokat Jørgen Henriksen fortel at dei gjennom etterforskinga har gjort beslag av kryptovaluta.
Studenten skal ha disponert store verdiar i ei kryptert kryptolommebok. Han ville ikkje oppgi kodane til lommeboka for politiet.
I eit rettsmøte frå september kom det fram at politiet hadde lukkast å få tilgang til lommeboka. Retten meinte det styrka mistankegrunnlaget mot mannen.
Det blei bestemt at mannen skulle sitte i varetekt fram til rettssaka startar.
Politiet knyter ikkje saka til eit miljø på NHH.
Rettssaka startar i Hordaland tingrett 16. november. Det er sett av tolv dagar til saka.
NHH vil ikkje kommentere saka.
– Vi har ingen indikasjonar på at saka har tilknyting til studentmiljøet på NHH, seier direktør Geir Mikalsen for kommunikasjon og samfunnskontakt ved NHH.