Politihuset i Bergen nærbilde
Foto: Jon Bolstad

Aksjonen fann stad i Solheimsviken i Bergen, der politiet tok seg inn i eit husvære. Bakgrunnen for aksjonen var mistanke om at personane var involverte i hendinga.

– Dei er sikta for medverknad til fridomsberøving, opplyser politiadvokat Elise Kleiven.

– Eg kan ikkje seie noko utover at det er ei alvorleg sikting og ei sak som politiet ser på som såpass alvorleg at vi må setje inn ein del ressursar på den, seier Kleiven.

Vil ikkje gå ut med detaljar

Politiet er svært tilbakehaldne med opplysningar på noverande tidspunkt, og ønsker ikkje å seie noko om forhistoria til saka, korleis dei kom på sporet av ho, eller om offeret har kome til skade.

– Vi er såpass tidleg i etterforskinga at vi ikkje vil seie så mykje, fordi vi vil innhente bevisa utan at dei blir påverka på noko vis, forklarar politiadvokaten.

Kleiven understrekar samstundes at folk i området ikkje treng å vere urolege.

– Mannen i gata treng ikkje å frykte noko i dag, i alle fall.

Vurderer varetektsfengsling

Politiet tek sikte på avhøyre dei fire sikta personane, og politiet skal ha god kontroll på staden der aksjonen fann stad.

– Reknar du med at det kan kome fleire arrestasjonar i saka?

– Eg utelukkar ingenting, seier Kleiven.

Politiet vurderer no fortløpande kva som skal skje vidare med dei fire pågripne personane.

– På generelt grunnlag vil det vere aktuelt med varetektsfengsling i ei slik type sak, men det må vi kome tilbake til, avsluttar politiadvokaten.