gf
TETT I TETT PÅ SAUEN: Flåtten trivst best der ulla ikkje gror, som under haka og i armholene. Foto: Ragnhild Nyhammer / NRK

På ei øy i Solund kommune, har Hågøy Villsaulag gjennomført årets første sauesanking. Under sankinga merka dei uvanleg mykje flått der ulla ikkje strekker til.

– Eg har aldri sett så mykje flått før. Vi har heldigvis fått behandla dyra no, seier Anne Marie Gåsvær, styreleiar av Hågøy Villsaulag.

Beitedyra i Solund er ikkje dei einaste som lever farleg.

Kvart år blir om lag 300 000 lam i Noreg smitta av den flåttborne sjukdomen sjodogg, og mange av dei døyr fordi immunforsvaret blir svakare.

Flåttsmitte har blitt den vanlegaste dødsårsaka for dyr som beitar i fjellet

Fleire bønder har merka til flåttauka.

Omringa av blåbærlyng med utsikt over Naustdal, går geitebonde Vigleik Øvrehus Kalland. Han sjekkar dyra etter å ha mista fleire kje til flåtten.

– Ei veke etter at vi tok dyra ut på innmarksbeite, merka vi at det eine var veldig slapt. Vi tok det inn i fjøset, men forma blei ikkje betre. Etter berre ei veke døde fem dyr.

Tidlegare har han knapt funne ein einaste flått på dyra. Kanskje ein eller to i løpet av sesongen.

– Vi må nokk begynne å behandle for flått kvart år framover. Det er veldig leit å finne døde dyr på beite.

– Flått tek fleire liv enn rovvilt

Erik Georg Granquist, professor i produksjonsdyrmedisin ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) seier at flåttsjukdom er ein av dei vanlegaste dødsårsakene til sau og lam.

– Dødsfall som følgje av flått er meir vanleg enn dødsfall av rovdyr. Flåttsjukdom er såpass utbreidd, og eg trur det er meir underrapportert fordi vi har mangelfulle registreringar, seier Granquist.

Granquist ser at utfordringa berre veks.

– Vi kjem til å sjå meir flått og flåttsjukdom i framtida grunna klimaendringane. Vi får eit varmare og våtare klima. Flåttbestanden kjem til å fortsette å auke.

Flåtten er observert lengre nord i landet og høgare opp i fjellet. I fjor blei det observert flått i Vadsø.

– Flåtten likar fuktige område, så han trivst best ved kysten. Men han spreier seg. Det kjem meir flått Nord i landet, i Innlandet og på Austlandet.

Professoren understrekar at førebygging er nøkkelen

– For at dyra ikkje skal få antibiotikaresistens ber vi folk unngå behandling og heller drive med førebygging.

Flåttmiddel er ei flytande væske ein drypp direkte på huda, og fører som ei stripe over ryggen til sau og geit.

hund i villmarka
Foto: Inger Johanne Solli / NRK