Den norske Eurovision-draumen hang i ein tynn tråd då stemma til Jonas Lovv var i ferd med å svikte denne veka.
Bergensaren Jonas Lovv vann den store MGP-finalen på Lillehammer i vinter med låten «Yayaya».
No er spesialhjelp flydd inn frå Noreg for å få artisten klar til den avgjerande juryprøva onsdag kveld.
For etter fleire dagar med hardt press og krevjande øvingar, har Jonas Lovv fått store utfordringar med stemma.
For å løyse krisa har NRK og den norske delegasjonen valt å hente inn akupunktør Dag Nergård.
Han var på plass i Wien for å hjelpe Jonas Lovv måndag føremiddag.
Nergaard er i TV, musikk- og teatermiljøet kjent som ein «trollmann» når det kjem til å behandle profesjonelle stemmer.
Fann ikkje hjelp lokalt
Eurovision-general Mads Tørklep seier dei har prøvd å finne lokal hjelp i Austerrike, men utan hell.
Delegasjonen såg at Jonas hadde utfordringar, og dei freista å finne lokale krefter i Wien for å løyse situasjonen.
– Men det er ingen som har den same spisskompetansen som Dag er kjent for i Noreg. Difor valde me å fly han ned for å hjelpe oss i innspurten, seier Tørklep.
Muskulært drama
Låten Lovv skal framføre er teknisk krevjande, med mykje belting og høge tonar. Det set store krav til muskulaturen.
– Mi rolle er først og fremst å sikre at han kjem seg gjennom dette, forklarar Dag Nergård.
Han fortel at problemet ofte ligg i musklane rundt stemmebanda.
– Om han blir for stram i muskulaturen som påverkar stemmebandet, kan det bli kritisk, seier eksperten.
Han undersøker no området frå skuldrene og opp, særleg halsmuskulaturen, for å få det så fritt som mogleg.
– Når musklane slappar av, jobbar dei med stemmebanda i staden for mot dei, slik at han når dei høge tonane, seier Nergård.
Nergård har over 20 års erfaring frå teater og TV, og seier det er mangel på slik stemmekompetanse i Europa.
Alt står på spel
Sjølv om den store semifinalen er torsdag, er det onsdag kveld det meste blir avgjort.
Det er då fagjuryane skal vurdere framføringa, og deira røyster tel heile 50 prosent av det totale resultatet.
– Juryprøva er kanskje viktigare enn sjølve TV-sendinga på torsdag, fordi det er fagfolk som gjer vurderingane. Det må sitte no, seier ein spent Mads Tørklep.
Trass i stemmeproblema, er optimismen framleis til stades i Wien.
– Det blir nokre intense dagar, men det er ei kul låt. Jonas har litt «Queen» over seg, og dette bør halde til ein finaleplass, avsluttar Nergård.