Til no er minst fem døde og 41 personar sakna etter at ferja tok fyr, skriv Reuters.
Totalt var det 271 menneske om bord på båten, som var på veg frå Surabaya i Aust-Java provinsen til Makassar i Sør-Sulawesi.
Til no har 225 personar blitt redda frå båten. Redningsarbeidet held framleis på.
Det er ikkje kjent kva som forårsaka brannen.
UD i kontakt med ambassade
Ingen nordmenn skal vere råka av brannen.
– Utanriksdepartementet har så langt ikkje informasjon som tilseier at norske borgarar skal vere involverte i ulukka, skriv pressevakt Cecilie Roang i Utanriksdepartementet i ein e-post til NRK.
– Vi er i kontakt med vår ambassade i Jakarta som arbeider med å kartlegge situasjonen, og undersøker om norske borgarar er råka, legg ho til.
Tidlegare ulukke
Førre månad sokk ei ferje utanfor øya Selayar sør for Sulawesi.
Om bord var meir enn 70 menneske. Minst fire omkom og 14 personar er framleis sakna, skriv nyheitsbyrået AFP.
Fem store skip, eit fly og eit helikopter blei tatt i bruk under søket av personane.
Interessert i det som skjer i verda? Høyr podkasten til Urix: