– Vi må ha kamera for å kunna føla oss trygge der vi bur.
På skjermen viser Nina Olsen Holm NRK ferske videoopptak utanfor huset i Arendal.
Her ser vi ein mann som snik seg rundt midt på natta, før han forsvinn med elsykkelen til familien til over 60.000 kroner.
Det er ikkje første gong ho filmar uvedkommande ved bustaden.
Fleire nordmenn gjer det same som Olsen.
Kraftig auke i klagar
Salet av overvakingsutstyr har nemleg auka kraftig, og no strøymer klagene inn hos Datatilsynet.
– Kamera har blitt billige og enkle å ta i bruk. Det fører til at vi får svært mange klager knytte til nabokonfliktar, seier Helene Brenna.
Ho er juridisk rådgivar i Datatilsynet.
Brenna fortel at klagar på kamera ved private heimar aukar aller mest.
I fjor kom det 125 klagar til Datatilsynet om kameraovervaking frå heim og bustadar. Til samanlikning kom det 26 klagar på filming frå offentlege plassar, og 20 frå arbeidsplassen.
– Kameraet er ofte berre ein del av ein større nabokrangel, seier Brenna
Men regelverket skil tydeleg mellom eiga og andre si tomt.
Filmar du berre eigen hage, kor ingen andre har rett til å ferdast, gjeld ikkje personvernlova.
Fangar linsa derimot opp fortau eller eigedommen til naboen, stiller saka seg annleis.
– Regelverket krev rettsleg grunnlag, noko ein privatperson som filmar naboen sjeldan har. Skilting gjer heller ikkje overvakinga lovleg, understrekar Brenna.
Ulovleg filming kan ende med formelt vedtak om lovbrot.
Oftast løyser sakene seg med rettleiing til partane.
– Vi oppfordrar folk til å prøve Konfliktrådet før dei klagar til oss.
Hyllevare i butikkane
Også i elektronikkbutikkane merker dei auka interesse,
Sidan 2018 er salet av overvakingskamera hos elektrogiganten Power mangedobla.
I butikken i Arendal viser seljar Leon Benjaminsen fram hyllene.
– Før var dette noko for spesielt interesserte. No er kamrane betre, billigare og enklare å bruke, seier salssjef Truls Vikane i Power.
Over halvparten av kamrane kjedene sel er no til utebruk.
– Vi snakkar med kundane om at dei berre kan filme sitt eige område, og ikkje hagen til naboen eller vegen utanfor, understrekar salssjefen.
Sjekkar før dottera går ut
Tilbake på Myrene i Arendal fortel Nina Olsen Holm om eit nabolag prega av tjuveri og rusmisbruk.
Ho betalte rundt 1600 kroner for to kamera som ho håpar skal gi auka tryggleik for familien.
– Vi har ringt politiet fleire gonger, men dei har ikkje kapasitet til å hjelpe oss. Når det stadig sit rusavhengige i oppkøyrselen, må vi passe på,
Tryggleiken til barna var den viktigaste grunnen til kjøpet.
– Vi sjekkar kameraet før jentungen går ut på kvelden. Vi vil vere sikre på at det ikkje står nokon i vegen, seier ho.
Nesten alle naboane i gata har no skaffa seg eigne kamera, ifølge henne.
– Et opp personvernet
Øystein Flø Baste forskar på overvaking og personvern. Han forstår ønsket om å verne seg mot innbrot, men fryktar ei farleg normalisering av overvaking:
– Folk kan ha gode og rettmessige grunnar til å setje opp kamera. Men vi må spørje oss kva det gjer med oss som samfunn og den einskilde når stadig fleire gjer det, seier han.
Baste peikar på at opptak aukar faren for krenkingar, og åtvarar mot kva som skjer når kontrollbehovet tek overhand:
– Sikkerheit og nytte er omsyn som trumfar personvernet. Då et ein opp personvernet bit for bit.
Han trekkjer særleg fram at familie og vener har eit avgrensa rettsvern mot filming i private heimar, så lenge overvakinga ikkje er omsynslaus eller seksuelt krenkande.
I Arendal kjenner tobarnsmora Holm på dilemmaet.
Overvakinga førte til at ho fann att ein verdifull sykkel, men ho liker likevel ikkje retninga samfunnet tek:
– Eg synest eigentleg det er ei dårleg utvikling med kamera over alt, men vi har ikkje noko val, seier ho.