Det norske riksvåpenet henger på en trevegg i en rettssal. Et kamera er montert under våpenet.
VITNE: Fleire personar skal ha høyrt eller sett deler av den grove valdshendinga på brakkeriggen i Ulstein. Likevel var det ingen som varsla naudetatane. Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

– Det er første gong i mitt liv at eg har sett ein så sadistisk situasjon, sa mannen som budde på brakkeriggen.

Gjennom døropninga si blei ein mann vitne til delar av den grove valdtekta og valdshendinga som skjedde lenger nede i gangen.

To menn i 30- og 40-åra møter denne veka i Sunnmøre tingrett, tiltalte for å ha utsett ein kollega for grov vald og valdtekt.

Fornærma blei alvorleg skadd i hendinga og statsadvokaten har sagt at skadane kunne ha vore livstruande.

Gøymde seg i frykt

I retten hevda vitnet at fornærma blei kasta rundt som ein kosebamse, og at det var mykje bråk i korridoren.

– Eg skjønnar ikkje kvifor ikkje andre reagerte på dette.

Deretter gøymde han seg på rommet sitt i frykt for å bli oppdaga og fordi han sjølv var redd.

Fleire vitne

Fem personar, som på ulike måtar var vitne tilvaldshendinga, har så langt forklart seg i retten.

Eit vitne gjekk ut i gangen for å sjå kva som skjedde, etter å ha høyrt bråk.

Der såg han ein medvitslaus person på golvet, som blei sparka av ein av dei tiltalte. Han gjekk inn igjen på rommet sitt då han blei oppdaga.

Ein mann forklarte at han gjekk ut for å be dei involverte om å roe seg, etter å ha blitt vekt av bråk. Då såg han fornærma ligge på golvet.

– Kva tenkte du om at det låg ein på bakken?, spurte aktor.

– Det er ikkje noko usedvanleg, hevda han.

– Er det vanleg at folk blir slått ned på brakkene i helgene?

– Ja. Neste dag eller etter nokre dagar var folk som regel venner igjen, meinte han. Mannen såg ikkje sjølve valden.

Statsadvokat Inger Myklebustett under rettssaka etter voldshendelse på brakkerigg i Ulstein
Aktor Inger Myklebust. Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Eit anna vitne skal ha sett ein skadd person i gangen, og deretter kontakta ein formann på verftet.

I mellomtida skal dei tiltalte ha flytta fornærma frå gangen og inn på rommet sitt.

Formannen fortalde at han opna døra og såg fornærma ligge på golvet, men at han skal ha fått beskjed om å forlate staden.

Låg lenge før han fekk hjelp

Valdshendinga skal ha skjedd mellom klokka 02 og 03 på natta.

Naudetatane blei ikkje kontakta før klokka var like over 10 neste dag.

Ein av dei som jobba ved verftet skal ha fått beskjed om å sjå til fornærma, og hadde deretter kontakta hjelp.

Hovudetterforskaren i saka, Cathrine Kristiansen, forklarte i retten at det kan ha vore ulike årsaker til at det tok så lang tid før naudetatane vart tilkalla.

– Politiet forstår det som kommunikasjonssvikt og manglande forståing for alvoret i saka.

– Skremmande

Politiet har gjennomført avhøyr av minst 53 personar i samband med saka.

Kristiansen fortel at det har vore krevjande å få informasjon i saka og at etterforskinga har vore omfattande.

– Det framstår openbert at fleire held tilbake informasjon. Vi har grunn til å tru at det er folk som har høyrt og veit meir enn dei har fortalt politiet.

Grunnen er at det var fleire som hadde rom i nær tilknyting til åstaden.

Politietterforskar Cathrine Kristiansen
Hovudetterforskaren i saka, Cathrine Kristiansen og aktor Inger Myklebust. Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Likevel har ikkje politiet grunn til å tru at fleire har sett valdshendinga.

Aktor Myklebust seier det er skremmande og uforståeleg at ingen varsla.

– Samtidig så har det vel kome fram i etterforskinga at det kan vere ein annan kultur når det kjem til å varsle om vald og slåsting enn i Noreg. Det er bekymringsfullt.

Alle dei involverte er frå andre land.

Redd for å miste jobben

Den tiltalte mannen i 30-åra har forklart at han frykta han, medtiltalte og fornærma ville miste jobbane sine på grunn av slåstinga.

Heller ikkje han kontakta naudetatane.

– Hadde eg visst det var så alvorleg, så hadde eg ringt legevakta. Eg skammar meg.

Den tiltalte mannen i 40-åra har sagt at han ikkje hugsar hendinga.

Tidslinje

Politiet har laga ei tidslinje som starta den dagen hendinga skjedde og utover kvelden og natta.

I retten torsdag blei det lagt fram ei rekke bilde- og videobevis som viste deler av valdshendinga og partane i etterkant av valden.

Tom rettssal med dommerplass, skjermer og riksvåpenet på veggen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Rettssaka går føre seg i Sunnmøre tingrett. Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK