SEX og samfunns ABORT-TILBUD
NYE ABORT TAL: Fleire tek abort etter veke 12. Foto: Kaspara Stoltze / NRK

I juni i fjor heva Noreg grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Medisinsk fødselsregister ved Folkehelseinstituttet kom i dag med tal som viser ein liten auke i talet på abortar etter veke 12.

Det var om lag 100 fleire abortar etter veke 12 i fjor, samanlikna med året før.

Det seier overlege Mette Løkeland-Stai i Abortregisteret, Folkehelseinstituttet.

Kvinne med langt rødt hår ser i kamera
Overlege Mette Løkeland-Stai i Abortregisteret ved Folkehelseinstituttet seier at dei hadde venta ein liten oppgang. Foto: Jon Petrusson / NRK

– Vi hadde forventa ein liten oppgang. Dette kan vere innanfor normal variasjon, og det vi måtte forvente ved ein overgang.

Danmark heva også abortgrensa for sjølvbestemt abort i fjor. Der opplevde dei ein langt større auke i abortar etter veke 12, skriv Dansk Radio.

Dei fleste tek abort i veke 10.

I 2025 vart det gjennomført 13 211 abortar samanlikna med 12 839 året før.

Kvinner i aldersgruppa 25–29 år er dei som oftast tek abort. Av 1000 kvinner er det 18 som tek abort i denne aldersgruppa, seier Løkeland-Stai.

Ni av ti abortar vert utført innan veke 10.

Same antal abortar vert utført ved at kvinna tek eit legemiddel som provoserer fram aborten.

Av desse abortane som skjer før veke 10, blir fleirtalet gjennomførd utanfor sjukehus.

KrF jobbar med eit framlegg til Stortinget om abortførebyggjande tiltak etter at den nye abortlova kom på plass, det seier helsepolitisk talsperson Ida Lindtveit Røse.

– Eg er svært uroleg over at tala no viser fleire seinabortar etter utvidinga av fri abort til veke 18, og at den nye lova gjer at vi ikkje lenger får viktig informasjon om svangerskapsavbrot etter veke 12. Vi har tidlegare fått aborttala ned, no aukar dei år for år, og det viser behovet for fleire førebyggjande tiltak.

Kvinne med langt hår ser i kamera
Helsepolitisk talsperson Ida Lindtveit Røse seier at dei jobbar med tiltak for å få ned aborttala. Foto: Nadir Alam / NRK

Ho meiner det er fleire årsaker til at kvinner vel å ta abort i dag.

– Det er særleg alvorleg at økonomi og press frå partnar framleis er blant årsakene kvinner oppgjev. Når lova slår fast at kvinner har rett til å fullføre svangerskapet, må styresmaktene sørgje for at den retten også kan brukast i praksis gjennom støtte, tryggleik og tilgjengelege tenester.

Den statleg finansierte rådgjevingstenesta Amathea gjev råd til kvinner både før, under og etter ein abort. Dagleg leiar i Amathea, Andrea Skaarer Kreutz, seier behovet for oppfølging er stort.

– Amathea synest det er bra at kvinner som har behov for abort, får det. At tala svingar, er heilt naturleg og noko vi som samfunn skal akseptere. Kvinner skal oppleve at det er din kropp og ditt val, både før og etter abort.

Ho seier aborttala viser at kvinner nyttar retten sin til helsehjelp.

– Det er viktig at kvinner får tilgang på informasjon, rettleiing og oppfølging når og viss dei treng det. Etter den nye abortlova har vi ikkje erfart at kapasiteten til dette er styrkt.

Andrea Skaarer Kreutz. Direktør hos Stiftelsen Amathea.
Dagleg leiar i Amathea, Andrea Skaarer Kreutz, seier at behovet for oppfølging i samband med abort er stort. Foto: Anders Haualand

Tilbod utanfor sjukehusa

I fjor haust lanserte klinikken Sex og samfunn eit nytt aborttilbod. Det vart det første i landet der kvinner kunne setja i gang ein heimeabort utanfor sjukehus.

Frå august til desember 2025 tok 163 pasientar abort hjå Sex og samfunn.

– Sex og samfunn er i dag den einaste staden som tilbyr abort utan ultralyd, og halvparten av abortpasientane fekk behandling utan føreundersøking med ultralyd. 30 prosent av abortpasientane fekk utført abort i veke 4 og 5, medan på sjukehus må ein vente til tidlegast veke 6 for å få utført abort.

Det seier gynekolog og medisinskfaglig ansvarlig for aborttilbudet ved Sex og samfunn Siri Kløkstad.

Siri Kløkstad står i et undersøkelsesrom ved Sex og samfunn i Oslo. Hun har på seg blå legeuniform.
Gynekolog Siri Kløkstad i Sex og samfunn seier det er viktig å få aborttilbodet ut i primærhelsetenesta. Foto: KRISTOFFER ELIASSEN

Men NRK har tidlegare fortalt at Helsedirektoratet stoppa prosjektet.

– 2025 var det første året då pasientar kunne ta abort i primærhelsetenesta og utan bruk av ultralyd. Med politisk vilje kunne så mykje som 50–80 prosent av abortpasientane landet over fått den same hjelpa, utan reiseveg og unødvendige undersøkingar.

Ho seier aborttala er nyttige for å leggja om kursen til ei abortteneste på premissane til pasientane, også utanfor sjukehus.

– Her står både helsesjukepleiarar og jordmødrer klare til å gjera jobben.