Å lagre Noregs atomavfall er ikkje nødvendigvis ei attraktiv oppgåve, men heile tolv kommunar på Austlandet har no frivillig sagt ja til å bli vurderte som vertskap.
At så mange vil ha avfallet i eigen bakgard, vekker internasjonal oppsikt.
– Kollegaene mine i andre land trur nesten ikkje at det er sant.
Det seier Martin Andreasson som er direktør for kommunikasjon i Norsk nukleær dekommisjonering om den gode responsen.
Norsk nukleær dekommisjonering, NND, har fått oppdraget med å rydde opp etter dei historiske forskingsreaktorane på Kjeller i Akershus og i Halden i Østfold.
Totalt blei 22 kommunar på Austlandet peika ut som moglege kandidatar for Noregs mest krevjande ryddejobb.
– Det som overraskar, er at så mange som tolv har vore interesserte i å vite meir. Det synest å vere ei veldig positiv nyheit, seier Andreasson.
Desse kan bli vertskommune for atomavfallet:
Eit nytt lager skal gi sikker plass til 17 tonn høgradioaktivt avfall, og 5000 tonn låg- og mellomaktivt avfall.
Dette er atomavfall frå dei fire norske atomreaktorane som har vore brukte til forsking. No er reaktorane stengde og anlegga skal fjernast.
Opphavleg blei 22 kommunar vurderte ut frå blant anna geologi og sikkerheit. Etter politisk behandling i kommunane, er no tolv kommunar med vidare i prosessen.
Dei er fordelte på tre fylke:
- Østfold: Aremark, Halden, Sarpsborg, Rakkestad, Marker
- Akershus: Frogn, Lillestrøm, Enebakk, Aurskog-Høland, Nes
- Innlandet: Stange, Sør-Odal
No startar ein fase med oppstartsmøte og analysar, fortel Andreasson.
– Fram mot årsslutt reknar vi med at vi har den informasjonen vi treng. Då kjem vi til å skrive ein rapport der vi anbefaler to til fire kommunar som vi meiner er dei som er absolutt best eigna for å gå vidare med.
Lokkar med milliardinvesteringar
Å vere vertskommune inneber eit stort ansvar, men kan også bidra til lokal og regional utvikling.
Foreløpige anslag frå NND peikar mot totale investeringar for dei samla anlegga på godt over 10 milliardar kroner. Dette har vore utslagsgivande for fleire kommunar.
– Det kan bety mange arbeidsplassar til kommunen og ikkje minst regionen vår. Det er sånne faktorar som gjer at vi er villige til å sjå på det vidare, seier ordførar i Sarpsborg, Magnus Arnesen.
Han ser for seg at det vil bety jobbar for lokalt næringsliv når anlegget skal etablerast, og arbeidsplassar for innbyggarar når anlegget er i drift.
Også i Aremark har kommunen sagt ja.
Ordførar Håkon Tolsby (Sp) fortel at moglegheitene for arbeidsplassar, i tillegg til det å ta eit nasjonalt ansvar for avfallet, var utslagsgivande.
Ventar harde frontar
Men atomavfall er eit omstridd tema. Ordføraren i Sarpsborg ser ikkje bort frå at det kan bli uro når planane blir meir konkrete.
– Det er ikkje tvil om at det er eit tema som ber litt frykt med seg, og det skal vi ta på alvor. Det vil det sikkert alltid bli ved sånne typar etableringar. Ein skal ikkje vere så naiv, seier Arnesen.
I Aremark trur Tolsby det er sosial aksept i kommunen, mykje fordi dei som nabokommune til Halden har levd tett på ein atomreaktor i mange tiår.
– Eg trur dette er noko som dei fleste aremarkingar har eit forhold til. Halden er jo vår næraste by. Vi handlar der, går på skule der og arbeider der. Så det er nok meir utrygt korleis dette avfallet er lagra i Halden per i dag, påpeikar Tolsby.
Kortsiktige lagringa er løyst
I februar blei det kjent at NND kjøper delar av Norske Skog Saugbrugs eigedom i Halden. Arealet skal brukast til å rive den gamle Haldenreaktoren og lagre radioaktivt avfall mellombels, når nødvendige løyve er på plass.
– Dei mest kortsiktige behova vi har, reknar vi med å kunne løyse anten på eller i nærleiken av dei anlegga vi har i Halden og på Kjeller, seier Andreasson i NND.
Men det står att å få på plass langsiktige løysingar for atomavfallet. NND ønsker å vere på plass med nye bygg innan 2035.
Fleire av kommunane som no er med vidare, har sett som vilkår at dei kan takke nei seinare i prosessen.
Endeleg avgjerd om lokalisering og bygging vil vere opp til Stortinget og dei aktuelle kommunane.