Etter en pressekonferanse står en mann i dress med en nøytral ansiktsuttrykk. Han er omgitt av flere personer, delvis skjult av kameravinkler. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
UVANLEG INNKALLING: Det er ikkje vanleg å kalla inn andre lands ambassadørar på teppet slik UD gjorde denne veka, ifølge utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).Fotografi: Lars Martin Hunstad / NRK

Tysdag vart Russlands ambassadør til Noreg kalla inn på teppet.

– Truslane dei har kome med mot utanlandske tilsette, deriblant våre, er heilt uakseptable.

Det seier utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) til NRK.

Truslane han viser til, er ei melding frå det russiske utanriksdepartementet måndag.

Der åtvara dei om «ei systematisk serie med åtak mot ukrainske militære mål i Kyiv».

I meldinga bad dei òg utlendingar, inkludert tilsette ved ambassadar og i hjelpeorganisasjonar, om å forlata den ukrainske hovudstaden.

Rask avgjerd

– Me har ikkje tenkt til å flytta vårt personell. Dei tar dei nødvendige tryggingstiltak, men har ikkje tenkt til å dra nokon stad, seier Eide.

Avgjerda om å kalla inn den russiske ambassadøren på teppet, vart tatt allereie måndag kveld.

Eide som ser alvorlig ut foran en fargerik bakgrunn.
Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) er tydeleg på at norske tilsette ikkje vil forlata Ukraina trass i truslane frå Russland.Fotografi: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Utanriksministeren vil ikkje svara på kor lenge møtet varte, anna enn at det «varte den tida det tar å gje den beskjeden».

– Det er ein klar og tydeleg beskjed, og det er ein veldig sterk uttrykksform for ein stat som då innkallar ein stadleg ambassadør. Då må ein møta opp. Det er eit tydeleg diplomatisk signal til Russland, seier han.

– Kor vanleg er det at de kallar inn andre lands ambassadørar på teppet på denne måten?

– Det er ikkje så veldig vanleg. Det skal ganske mykje til for at ein skal gjera det på denne måten i Noreg. Difor er det òg eit ekstra tydeleg signal når me gjer det, svarar Eide.

To barn løper over gata, i bakgrunnen et ødelagt bygg
Hovudstaden Kyiv vart i helga råka av eit av dei største russiske åtaka sidan fullskalakrigen byrja i 2022.Fotografi: TETIANA DZHAFAROVA / AFP,NTB

Europeiske reaksjonar

Utanriksdepartementet i Noreg er ikkje dei einaste som har reagert kraftig på dei russiske truslane.

Òg i Tyskland og Nederland har dei russiske ambassadørane vorte kalla inn på teppet, skriv Reuters.

– Åtak på sjukehus, skular og tyske TV-studio, oppmodingar om at ambassaden vår skal forlata Kyiv. Russland har tatt i bruk truslar, terror og opptrapping. Det er grunnen til at me har kalt inn Russlands ambassadør i dag, skriv tysk UD på X.

Tyskarane skriv vidare at dei ikkje vil la seg trua og at framleis vil gi full støtte til Ukraina.

– Eg trur det er fordi me ser det same biletet. Det er naturleg at fleire andre land har gjort det same me har gjort i dag, seier Eide til NRK.

FNs generalsekretær António Guterres seier òg at han er svært bekymra for truslane frå Russland om fleire åtak mot Kyiv, skriv Reuters.

Stort åtak

I helga vart òg Kyiv råka av det som fleire har kalt eit av dei største åtaka sidan fullskalakrigen starta i 2022.

Bilde av nattens angrep supervåpen angrep mot Ukraina
Det frykta Oresjnik-missilet trefte Bila Tserkva, like sør for hovudstaden Kyiv. Foto: State Emergency Service of Ukraine / State Emergency Service of Ukraine

Fire personar vart drepne og 83 skadd.

Russland brukte mellom anna supervåpenet Oresjnik mot hovudstaden for fyrste gong. Det er tredje gong dei har brukt dette våpenet hittil i krigen.

Interessert i det som skjer i verda? Høyr utanriksredaksjonens podkast: