En mann i dress snakker i mobiltelefon. Han har briller og slips. Bakgrunnen er uskarpe trær og himmel. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
REAGERER: Bård Hoksrud (Frp), parlamentarisk nestleiar i Frp og leiar for transport- og kommunikasjonskomiteen, er uroa over feilen hos Telia. Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Bård Hoksrud, parlamentarisk nestleiar i Framstegspartiet, ser på avsløringa av sporing av Telia-kundar som «svært alvorleg».

– Eg reagerer kraftig på det som har komme fram. Dette er tryggingshol som kan vere svært alvorleg for personar i kritiske samfunnssituasjonar, seier han til NRK.

Frp vil sende skriftlege spørsmål til digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Oldernes Tung for å vite kva regjeringa gjer for å følge opp situasjonen på ein «trygg og god måte».

– Eg er opptatt av å komme til botns i saka slik at vi får klarleik i korleis dette kunne skje. Eg vil sjølvsagt svare Stortinget på alle spørsmål dei måtte ha i saka, seier Tung til NRK.

En bygning med flere antenner på taket er synlig. Antennene er festet til stolper og koblet med kabler. Det er en lys himmel med noen skyer. Bygningen er av nyere dato med store paneler. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Basestasjonar tar imot trafikk mellom mobiltelefonar og telefonnett. Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Torsdag blei det kjent at Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit og Datatilsynet opnar tilsyn mot Telia.

Det etter at NRK onsdag avslørte at Telia-kundar har vore sporbare via mobilen sin sidan 2023.

Feilen, som blei retta natt til tysdag, råka både privat- og bedriftskundar – som til dømes stortingspolitikarar, tilsette i politiet og journalistar.

– Vi tar avviket, som no er lukka, på største alvor, og beklagar overfor våre kundar, seier pressekontakt Daniel Barhom.

– Ettersom avviket er lukka, er det ikkje behov for at kundane gjer noko, legg han til.

Verksemda vil ikkje opplyse om kor mange som har vore direkte råka av feilen, samstundes hevdar dei at omfanget har vore «avgrensa».

Det er ingen indikasjonar på at feilen har blitt utnytta, ifølge Telia.

Les korleis NRK spora stortingspolitikar Peter Frølich her:

Sikkerhetshull gjorde Telia-kunder sporbare: – Vanvittig opplevelse

– Kjempealvorleg

Hoksrud ville sjølv ha vore sårbar for feilen.

Frp-politikaren har tidlegare vore valobservatør for OSCE – ei rolle som skal sikre frie og rettferdige val.

– Vi skal kunne bevege oss fritt rundt og kontrollere vallokal kor ingen skal vite kor vi er, seier han.

– Det er kjempealvorleg, legg han til.

En mann i dress snakker i en mobiltelefon. I bakgrunnen er en bygning med antenner på taket. En gren med knopper henger foran. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Hoksrud har sjølv vore sårbar for feilen hos Telia. Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Hoksrud reagerer kraftig på det som har komme fram.

– Eg går ut frå at dette blir følgt opp av myndigheitene.

Frp skal sende skriftleg spørsmål til digitaliseringsministeren om kva regjeringa gjer for å følge opp.

– Det handlar om tryggleiken og personvernet til innbyggarane i Noreg, seier han.

Les fleire reaksjonar her:

Kan ikkje talfeste råka kundar

Sjølv hevdar Telia at «få eller ingen» personar kan vere råka av feilen, kjem det fram i ei avviksmelding til Datatilsynet som NRK har fått innsyn i.

Samstundes opplyser verksemda, med rundt 2 millionar mobilkundar i Noreg, at dei ikkje kan talfeste kor mange kundar som har vore direkte påverka.

Sårbarheita gjorde ikkje alle mobilar sporbare. For å utnytte feilen måtte fleire føresetnader vere til stades, ifølge Barhom.

Telia har mobilkundar i fleire europeiske land. Verksemda opplyser til NRK at dei ikkje har fått stadfesta om desse kundane var råka.

Det er ikkje indikasjonar på at sårbaheita har vore utnytta mot desse kundane, opplyser Telia.

Det skal Datatilsynet finne ut av. Datatilsynet ser alvorleg på tryggingsbrotet som kan ha omfatta «veldig mange menneske», ifølge Line Coll, direktør i Datatilsynet.

Datatilsynet opna torsdag tilsyn mot verksemda.

– Vår foreløpige vurdering av saka støtter opp under alvoret i avviket, og vi opnar no tilsyn mot Telia. Vårt primære fokus i tilsynet vil vere konsekvensar avviket kan ha hatt for enkeltpersonar, seier Coll.

Også Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har opna tilsyn mot Telia.