Brannbil på Oslo lufthavn Gardermoen
RØYKUTVIKLING: Brannvesenet stod klare då flyet landa på Gardermoen. Foto: tipser

– Brannvesenet vil gå inn med to røykdykkarar for å sjå kor røyken kjem frå.

Det seier Operasjonsleiar i politiet Håkon Hatlen, til NRK klokka 20.30 laurdag kveld.

Eit fly frå Trondheim på veg til München måtte avbryte turen på grunn av røyklukt inne i flyet.

Seks brannbilar stod klare då flyet landa på Gardermoen.

– Brannvesenet melder at dei verken fann røyk eller røyklukt inne i kabinen. Det framstår udramatisk, seier operasjonsleiar Hatlen til NRK klokka 20.45.

Brannvesenet inne i flyet på veg til München
Brannvesenet sjekkar flyet. Foto: tipser

– Kom løpande fram og tilbake med det som såg ut som brannsløkkingsapparat

Ein av passasjerane på Lufthansa-flyet fortel at flyturen frå Trondheim starta heilt normalt.

– Heilt til flypersonalet kom løpande fram og tilbake med det som såg ut som brannsløkkingsapparat, seier Thomas Hansen.

Han fortel at det likevel var roleg på flyet og at dei fekk beskjed om kva som skjedde like før flyet landa på Gardermoen.

– Vi sat på rad fem sjølv, dette føregjekk lengre bak, seier Hansen som ikkje kjente røyklukt.

Thea Hansen Midttun, Martine Hansen Midttun, Thomas Hansen og Mari Midttun
Reisefølget frå venstre: Thea Hansen Midttun, Martine Hansen Midttun, Thomas Hansen og Mari Midttun. Foto: privat

No held flyselskapet på å undersøke om det er trygt å fortsette turen til München, ifølge Hansen.

– Siste beskjed er at dei ikkje finn nokon skade, og at dei har klart å kutte straumen til seta der dei meiner røyken kom frå. Det kan vere trygt å fly vidare, seier passasjeren.

Han beskriv det heile som udramatisk, men upraktisk.

– Vi er på veg til Japan for fire veker sommarferie og skal fly vidare frå München i morgon, så håpar vi kjem oss vidare i kveld!

Like etter fekk passasjerane beskjed om flyet kan reise vidare.

– Då er vi framleis på veg til Japan!

Skjermdump fra flightradar viser at seks brannbiler stod klare da flyet som skulle fra Trondheim til München måtte lande på Gardermoen
Seks brannbilar stod klare då flyet landa på Gardermoen.Grafikk: Flightradar

– Passasjerar hadde kjent røyklukt

– Det blei meldt innleiingsvis at ein eller fleire passasjerar hadde kjent røyklukt, forklarar operasjonsleiaren.

Difor søkte Lufthansa-flyet om å få lande ved Oslo lufthamn, Gardermoen.

– Vi brekrefter at flyet søkte om å få lande på Gardermoen og fekk tillating til det, seier kommunikasjonsrådgjevar i Avinor, Camilla Haugen Walla.

Flyet skal ifølge politiet ha landa utan problem på Gardermoen.

– Så då gjekk vi tilbake til normal beredskap. Det verkar udramatisk, seier Hatlen i politiet.

Lufthansa bekreftar til NRK at flyet måtte lande på Gardermoen på grunn av røyklukt, men at flyet straks er på veg til Tyskland igjen.