Etter dagar med kanselleringar, fortvilte passasjerar på feltsenger og skiftande avgangsskjermar kom gjennombrotet:
Partane er samde om ei «heilskapleg løysing», og flygeleiarane kjem tilbake på jobb «så snart som praktisk mogleg».
«Vi er svært nøgde med å ha kome til einigheit, slik at streiken som har ramma passasjerar og flytrafikken no vert avslutta,» uttalte Spekter og Flygeleiarforeininga i ei felles pressemelding.
Men sjølv om flya lettar igjen, går det føre seg framleis ein kamp om kva denne streiken eigentleg handla om.
Gjennom konfliktdøgna har det versert fire ulike historier i offentlegheita – fire forteljingar som formar korleis vi sit att og ser på flygeleiarane, Avinor og den norske arbeidslivsmodellen.
Historia om den uforsvarlege kvardagen
I denne forteljinga var streiken eit rop om hjelp. Flygeleiarane sit med hundrevis av menneskeliv på radarskjermen, og eit enkelt sekund kan få katastrofale følgjer.
Når fagforeininga peikar på at dei må ete matpakken med blikket festa til radaren, appellerer dei til alle som bryr seg om helse, miljø og tryggleik.
Historia om dei privilegerte
I denne framstillinga er flygeleiarane ei yrkesgruppe med god løn og sterkt vern. Når dei nyttar kampmiddel som råkar titusenvis av uskyldige tredjepartar, framstår dei som ei kravstor gruppe som strekkjer strikken for langt på kostnad av fellesskapet.
Ikkje minst ettersom domstolane har sagt at Avinor held seg innanfor rammene til lova.
Historia om at staten må på bana
I denne forteljinga vart streiken framstilt som ei krise som var i ferd med å vekse seg større enn partane. Når 300 passasjerar må overnatte på terminalgolvet på Flesland, reisast spørsmålet om «ulempe» er dekkjande, eller om streiken i praksis fekk «alvorlege samfunnskonsekvensar».
Så alvorlege at Arbeids- og inkluderingsdepartementet burde rykka inn med tvungen lønnsnemnd.
Historia om den heilt ordinære maktkampen
I den siste og meir nøkterne forteljinga er dette verken ei nasjonal krise eller eit urimeleg opprør, men den norske arbeidslivsmodellen i praksis. Streikeretten er lovfesta, lovleg og legitim.
Partane møtte veggen i forhandlingar om vanskelege turnus- og avtalebestemmingar, og det måtte gjere vondt nok til at båe sider fann saman i eit kompromiss.
Det at folk måtte vente på flyplassen var prisen for at systemet fungerer slik det var tenkt.
Kampen har berre så vidt starta
No er streiken over og partane har fått på plass ei «heilskapleg løysing», men etterspelet om forteljinga har berre så vidt starta.
Dersom Spekter sit att med definisjonsmakta – historia om dei «privilegerte som tok passasjerane som gissel» – vil det sitje langt inne for flygeleiarane å hente publikumssympati neste gong turnus og arbeidstid vert tema.
Om flygeleiarane derimot lukkast med å overtyde opinionen om at dette handla om tryggleik og menneskeleg slitasje, vert ettermælet eit helt anna. Då sit vi att med eit inntrykk av at ein hardt pressa yrkesgruppe måtte ta støyten for at vi andre skal kunne kjenne oss trygge i lufta.
Partane vart samde over kaffikoppane i Oslo til slutt, før Stortinget måtte gripe inn.
Men kva for ein versjon vi sit att med på nettvett og rundt lunsjborda, vil prege styrkeforholdet i luftfarten lenge etter at feltsengene på Flesland er pakka vekk.