Fly med logoer fra SAS og Hainan Airlines står parkert ved en flyplassterminal under ombygging. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Fleire fly er innstilte og forseinka. Kva har du som reisande krav på? Foto: Jonas Sandboe / NRK

Laurdag er fleire fly kansellerte og forseinka på grunn av flygeleiarstreiken.

Viss streiken held fram, vil Oslo Lufthamn Gardermoen vere heilt stengt for trafikk søndag frå klokka 6.30 til 11.30.

Men om du er ein av dei som skal reise dei neste dagane, bør du likevel ikkje avbestille reisa di.

Det er oppfordringa til forbrukarjurist Nora Elise Wennberg Gløersen i Forbrukarrådet.

– Viss du sjølv avbestiller før du veit om flyet ditt er ramma, mister du viktige rettar.

En kvinne ser i kamera. Hun har blondt hår og en svart genser på seg. Hun står i et urbant miljø.
Nora Elise Wennberg Gløersen er forbrukarjurist i Forbrukarrådet, Foto: Helen Mehammer / Forbrukerrådet

Det er viktig å hugse at reiseforsikringa normalt sett ikkje dekker streik: Det er flyselskapet du skal kontakte.

Dersom du ikkje får beskjed om at flyginga din er påverka, må du planlegge for å reise som normalt.

Dersom flyet ditt blir påverka av streiken, har du tre alternativ.

  • Ombooking snarast mogleg
  • Ombooking på eit seinare tidspunkt
  • Pengane tilbake

Pressevakt i SAS, Anna Christine Johansen, seier at dersom ombookinga ikkje passar for passasjeren, er det mogleg å be om ei anna løysing.

Det kan ein gjere enten sjølv i appen eller på nettsidene deira, eller ved å kontakte kundeservice.

– Passasjerar som har mottatt ei ombooking kan framleis velje å kansellere mot full refusjon, seier Johansen.

Også pressekontakt Lina Lindegaard Carlsen i Norwegian og Widerøe, seier at dersom ein ikkje ønsker å nytte seg av ombookinga, kan ein få pengane tilbake.

– Viss det blir mange kanselleringar og at luftrom tidvis er stengt for passasjertrafikk, er det ikkje alltid ein har like mange gode alternative å presentere kundane. Det skjønner vi er frustrerande, men då kan ein søke refusjon.

Kan booke andre alternativ sjølv

Gløersen minner om at det er mange som skal ombookast samtidig og at det kan vere vanskeleg for flyselskapa å få folk av garde.

Om du ikkje får tilbod om ombooking eller om tilbodet er heilt håplaust, kan du ta saka i eigne hender, seier Gløersen.

– Du kan bestille deg nye flybillettar med eit anna flyselskap, dersom det gir vesentleg mindre ulempe.

Flyplassbygning og kontrolltårn ved Oslo lufthavn med fly parkert på bakken. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Om du finn ei betre reise enn den du har blitt booka om til, kan du ombooke sjølv. Foto: Jonas Sandboe / NRK

Då må du likevel vite at du må ha pengar til å legge ut for billetten, og at det kan ta litt tid før du får de pengane tilbake.

I tillegg har du ein tapsavgrensingsplikt.

– Du kan ikkje kaste deg rundt og kjøpe dei dyraste buisnessbilettane du finn.

Du har også krav på mat, drikke og overnatting, dersom det tar lang tid før flyet ditt går.

Kva med tog og buss?

Sjølv om utgangspunktet er at du kan ombooke deg til eit anna fly, er det mogleg å få refundert billettar til buss eller tog for å komme deg fram.

Men då blir det ei heilt konkret vurdering i kvar sak om du får pengane tilbake.

– Viss det er ein situasjon der flya står på bakken eller er heilt utselt, men du ser at det er tilgjengelege togbillettar til ein helt fornuftig pris, vil du truleg få tilbake pengar for den togbilletten.

Då folk sat «askefast» som følge av vulkanutbrotet på Island i 2010, sette dåverande NSB inn ekstra togavgangar.

Bergensbanen / Flåmbanen Bergen stasjon
Vy har ikkje sett inn ekstra avgangar. Her frå Bergen stasjon i juni. Foto: Hannah Blom / NRK

Det er ikkje aktuelt for Vy i dagens situasjon med flygeleiarstreik opplyser kommunikasjonssjef Siv Egger Westin i Vy til NRK.

Vy har derimot høve til å sette inn ekstra bussavgangar på lange strekk, som Oslo-Bergen og Oslo-Göteborg.

– Det vurderer vi om vi ser at etterspurnaden aukar kraftig. Vi ønsker å bidra der vi kan og har høve, seier Westin.

Han er ikkje kjent med at det er sett inn ekstra bussavgangar no.

Et norwegianfly i lufta
Foto: Jonas Sandboe / NRK

Når får du pengane tilbake?

Viss du legg ut for mat, overnatting eller billettar sjølv, er det viktig å ta vare på alle kvitteringar for å få pengane refunderte.

– Av erfaring veit vi at det ofte er diskusjonar fram og tilbake om kva ein har krav på, og vi ser også at ein god del saker hamnar i Flynemnda, seier Gløersen i Forbrukarrådet.

Ho minner om at regler om til dømes forseinkingsrente også gjeld for flyreiser.

– Viss du ikkje får pengane tilbake innan 30 dagar, begynner forseinkingsrenter å løpe. Har du kravd refusjon, har du krav på forseinkingsrenter etter sju dagar.

Johansen i SAS seier at dei handterer enkeltsaker om refusjon for utlegg så raskt som mogeleg.

– Gitt situasjonen vil det no kunne ta noko lenger tid, seier ho.

Et propellfly flyr på en grå himmel, sett gjennom et gjerde i forgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK