Oppstilling militæret
BETRE PENSJON: Dei som er i Forsvaret no, kan vente seg betre pensjon. Dei som gjekk av med pensjon for nokre år sidan, er det verre med. Foto: Nora Elisabeth Madell / NRK

I fjor bestemte Høgsterett at to pensjonerte kapteinar hadde krav på mykje betre pensjon frå staten.

Kva dommen har å seie for resten av Forsvaret, har vore uvisst – fram til no.

No kunngjer regjeringa at dei fleste tillegga i Forsvaret skal vere pensjonsgivande. Til dømes tillegg for øvingar, vakt og segling.

Men oppteninga går berre tilbake til 1. januar 2020.

Tillegga som vart opptente før 1. januar, blir ikkje del av pensjonen.

– Denne avklaringa kjem dermed med ein stor bismak, seier Staale I. Reiten i Noregs offisers- og spesialistforbund (NOF).

Får ikkje like god pensjon som Blålid

Saka vart vunnen i Høgsterett, mellom anna av kaptein Charles Blålid frå Måløy. Han har no fått pensjonsopptening basert på tillegg i heile karrieren i Forsvaret, opp til eit visst årleg nivå.

Andre pensjonistar i Forsvaret får dermed dårlegare pensjon enn Blålid har blitt tilkjend.

– Det er vanskeleg å godta den logikken, siger Reiten.

Charles Blålid
Han vann i Høgsterett, men kollegaene får ikkje like god pensjon. Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Blålid reknar med at 40–50 prosent av lønna har vore tillegg for vakt og segling. Dette har tidlegare ikkje vore pensjonsgivande inntekt.

Viktig for rekruttering

Offisersforbundet meiner saka er den største og viktigaste dei nokosinne har hatt. Dei meiner fleire av dagens pensjonistar burde få 30.000 kroner meir i månaden.

Forsvaret skal ruste opp, og då er det viktig å rekruttere og halde på personell. Fleire tilsette har tidlegare slutta i Forsvaret på grunn av dårleg pensjon.

Sjøforsvaret Bergen
I Sjøforsvaret er ofte store deler av lønna ulike tillegg Foto: Lidvard Sandven / NRK

Forsvarsministeren håpar at avklaringa vil vere positiv for rekruttering.

– Dei som er inne i teneste i dag, vil få ein vesentleg større del av inntekta som pensjonsgivarane. Og det har vore heilt nødvendig for at ein skal kunne klare å behalde personell framover, siger forsvarsminister Tore O. Sandvik i ein pressemelding.

Departementet grunngjev ikkje kvifor dei set grensa for opptening til 1. januar 2020, men seier dei følger opp dommen på ein «grundig og ansvarleg måte».

Tore O. Sandvik
Forsvarsministeren meiner dei har følgt opp dommen frå Høgsterett på ein grundig og ansvarleg måte. Foto: William Jobling / NRK

– Eg er glad for at vi har landa ei god ordning for dei tilsette i Forsvaret. Det er folka som er det viktigaste i Forsvaret, og dette er ei viktig sak for dei, seier Sandvik.