Kvinne kneler foran et blomsterhav med norske flagg. En annen kvinne står bak med blomster. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
EI STILLE STUND: Anne Christiansen tok seg tid til å minnast kong Harald V før jobb måndagsmorgon. Foto: Krister Sørbø / NRK

– Det å gå hit har blitt eit uttrykk for at ein ønsker å vise støtte, seier Anne Christiansen.

Ho vakna tidleg for å få tid til ei stille stund framfor Slottet før arbeidsdagen byrja.

Berre lyden av måker, skritt og syklar bryt tausheita på Slottsplassen tidleg måndagsmorgon.

– Kong Harald har verkeleg møtt oss. Det gjer også kong Haakon, seier Christiansen.

Kong Haakon sin første tale til folket som konge gjorde inntrykk på Christensen.

– Landet vårt er så heldig at vi har sånne kongar som vi har hatt. Eg trur at kong Haakon kjem til å gå føre i den tida vi no er i, og leie Noreg inn i ei ny tid.

Orda om den kristne trua var særleg effektfulle for ho.

– Trua har vore ei forankring.

– Står saman i sorga

I likskap med sin far femnar kong Haakons ord alle, ifølge Christensen. Ho skildrar ein tale som uttrykker alvor, takksemd og sorg.

– Eg er takksam for at han sette ein god kurs og retning framover for oss, seier ho.

Christensen er imponert over korleis den nye monarken har handtert oppgåvene etter sin fars bortgang.

– Det er så spesielle dagar for dei. Det er ikkje mogleg å sette ord på.

– Vi står saman i sorga, legg ho til.

Sjå talen til kong Haakon VIII her:

Personlig kong Haakon i sin første tale: – Kjære faren min

– No er det min tur

I talen sin takka kong Haakon faren for å ha vore ein god pappa, og hans betyding for landet.

– Vi er i sorg. Samtidig gir det trøyst og styrke at så mange sørger saman med oss. Det har vore sterkt og rørande å oppleve og sjå Slottsplassen bli fylt av folk, blomster, helsingar og lys. Tusen takk, sa han.

Då foreldra sin bryllaupsdag blei tema, var det ein prega og personleg konge som snakka til sine landsmenn.

– Når faren min no har gått bort, er det ei stor oppgåve som ventar meg, sa kongen.

– No er det min tur, la han til.

Eit overveldande blomsterhav

Også Anders Brendstuen tok turen oppom Slottet før arbeidsdagen.

– Det er overveldande mykje blomster, seier ham.

– Eg kjenner på nasjonalkjensla som vi har, og som kong Harald har vore med på å skape, seier han og ser utover blomsterhavet.

En mann med golfbag går forbi et hav av blomster og norske flagg foran en bygning. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Anders Brendstuen gjekk innom Slottsplassen før jobb måndag. Foto: Krister Sørbø / NRK

Brendstuen trur at den nye kongen kjem til å vidareføre arven frå far sin «så godt han kan».

Kongen tok same valspråk, «Alt for Noreg», slik som sine forgjengarar.

– Eg trur det blir bra, men det blir ein overgang.

Sjå direktesendinga om kong Haralds bortgang:

Meir om vår nye konge kan du høyre i podkast-episoden til Oppdatert: