Eit mogleg vegskilje nærmar seg for vår nordiske nabo Island.
29. august skal folket stemme over om dei vil at Island skal halde fram med forhandlingane om medlemskap i EU.
Dei siste meiningsmålingane viser eit svakt fleirtal for å opne opp forhandlingane igjen.
No er det stor splid blant ja- og nei-sida og NRK har reist til Island for å snakke med dei ulike sidene.
I denne saka kan du lese dei største argumenta til partane:
- Kor står Island no?
- Draumen om euroen
- Men vil euroen hjelpe?
- Fryktar evig handelskrig
- Trur Nato ikkje er nok
- Kallar EU krigsgal
Lagt på is
I dag er Island både del av EØS og medlem av EFTA, i likskap med Noreg.
Folkeavstemminga gjeld ikkje sjølve EU-medlemskapet, men ho spør om Island skal ta opp igjen den sovande søknaden sin frå 2009 eller ikkje.
Først etter eit eventuelt fleirtal for «ja», kan folket stemme over om dei faktisk vil at Island skal bli medlem.
Draumen om euroen
Derfor kallar ja-sida av diskusjonen den noverande valkampen sin for «ja, til å sjå».
Men i parken framfor Alltinget veit dei i organisasjonen Ungir Evrópusinnar at dei absolutt vil bli med i unionen.
Det viktigaste for leiar Ódinn Freyr Baldursson er å bytte valuta til euro.
Ifølge han er den islandske krona tre til fire gonger så flyktig som euroen, noko som gjer økonomien for ustabil.
– Vi har ikkje dei same moglegheitene til å starte nye, internasjonale selskap og gjere internasjonale investeringar som mange andre land har, seier Baldursson.
Islendingen peiker på at høge rentekostnadar, høge prisar og svingande kronekurs øydelegg mykje.
– Samanlikna med Danmark, som også er eit veldig dyrt land, er det stor forskjell i månadsprisen på bustadlånet, seier han.
Økonom: – Blir ikkje billigare
Baldursson har rett i at den økonomiske reisa til Island har vore turbulent.
Landet blei spesielt hardt ramma av finanskrisa i 2008.
I dag har dei kome seg på føtene igjen, men landet er prega av høg inflasjon og høgt rentenivå.
Å innføre euro vil gi lågare rente og stabil valutakurs, ifølge professor Steinar Holden ved økonomisk institutt på Universitetet i Oslo.
– Den islandske valutaen har vore nokså varierande over lengre tid. Det heng saman med at Island er veldig avhengig av få næringar.
Samfunnsøkonomen har det siste halvåret jobba med å kartlegge fordelar og ulemper med euroen i eit ekspertutval.
– Viss dei får euro vil renta gå ned, og det vil i seg sjølv gi meir fart i økonomien. Det kan føre til høgare lønns- og prisvekst enn det dei no har.
Høgare lønn og prisvekst, hjelper verken sentralbanken eller den vanlege islendingen.
– Da må dei sjå på korleis lønningane blir fastsett og gjennomføre reformer som gjer at lønnsveksten går ned.
Fryktar evig handelskrig
Ein som synest prisen på medlemskapet er altfor høg, er leiar Haraldur Ólafsson i Heimsýn.
– Det kan vere heilt katastrofalt viss vi hamnar i ein situasjon der vi absolutt må følge alle europeiske lover. Det kan bli veldig dyrt for oss, seier han.
Leiaren trekk fram at økonomien til Island i stor grad er basert på bruk av naturressursar og ikkje industri, slik som Tyskland og Frankrike.
– Dei er i ein evig handelskrig med Kina og Nord-Amerika. Island sin økonomi treng berre fri handel. Vi vil ikkje ha handelskrig med USA og Kina. Absolutt ikkje.
– Det har kome nye tollsatsar no frå Trump som EU og Noreg, men ikkje Island, er ramma av. Kva tenker du om det?
– Det styrker akkurat det eg seier. Vi kan ikkje hamne i ein situasjon der den stormakta som dei ønsker å lage nede i Europa, styrer utanrikshandel på Island. Det berre går ikkje an.
Meiner Nato ikkje er nok
Tilbake i parlamentsparken er det fleire unge håpefulle som ropar ja til EU.
Egill Hermannsson i Ungt Jafnadarfólk (UJ) er eit av ja-menneska.
Han er bekymra for den sikkerheitspolitiske situasjonen i verda no.
– Vi er ein liten nasjon og det finst både ein sterk president i USA og ein sterk president i Russland, som angrip Ukraina, eit land som står utanfor Nato.
Hermannsson meiner islendingane må tenke på om det er nok med beskyttelsen Nato gir dei.
Ifølge han er Russland ein reell trussel på Island og da kan EU-fellesskapet gi ekstra sikkerheit.
– Det er tryggare å vere i eit stort telt saman med andre land. Det er vanleg for små land å skjerme seg bak større land for å motarbeide store aktørar som USA, Russland og Kina.
Ungdomspolitikaren kallar det for internasjonal realisme, men først og fremst meiner han at alle bør stemme ja på avstemminga i august, uavhengig av kor dei står.
– Det er arrogant å ikkje la island fullføre forhandlingane før ein bestemmer seg for kva ein vil.
Kallar EU krigsgal
Men det har altså Ólafsson tenkt til å gjere.
Han kallar seg patriot og peiker spesielt på forskjellen på Island og resten av Europa, at Island ikkje har eit militært forsvar, sjølv om dei er medlem av Nato.
– Det passar enda dårlegare å vere medlem av EU, for EU er ein union av krigsgale nasjonar.
Men han er likevel ikkje bekymra for avstemminga.
– Viss det blir ja, så vil denne prosessen gå i stå før eller seinare, avsluttar han.
På Island er førehandsstemminga allereie i gang, men sjølve valet skjer 29. august.