Forbipasserande redda bebuarar ut av brennande hus
Det brann kraftig i første etasje i ein einebustad ved Mariero i Stavanger, meldte politiet klokka 09.21. Klokka 09.44 meldte politiet om kontroll på brannen, etter at brannvesenet fekk starta sløkkinga raskt. Det var eit vitne som sykla forbi adressa, som oppdaga røyken gjennom eit vindauge i huset. Vitnet fann ein stige og knuste eit vindauget og fekk redda ut dei tre bebuarane som låg og sov i huset då det brann. – All honnør og takknemlegheit går til vitnet som oppdaga brannen, og gjorde innsatsen for å redde dei, seier operasjonsleiar Helen Rygg Ims, etter hendinga. Dei involverte er no teke med til sjukehuset for sjekk, ettersom brannvesenet er uroa for røykskadar. Politiet melder at det er for tidleg å seie noko om årsak til brannen.