En student står med ryggen til å strekker seg etter en vare i butikkhyllen.
USIKKER: Fredrik Imsen meiner ferdigmaten i butikken er blant varene som kan vere vanskelege å vite om er sunne eller ikkje. Han trur dei som oftast er usunne. Foto: Leon Halgunset / NRK

Vi står saman med student Fredrik Imsen framfor hylla med ferdiglaga middagsrettar i butikken.

Han tykkjer ikkje alltid at det er like lett å vite om maten er sunn eller ikkje.

– Altså, det kjem jo an på. Dersom det er veldig sånn innpakka ferdigmat, så veit ein ikkje heilt kva som er i han. Men om ein lagar maten sjølv, og har grønsaker og kjøttdeig, så er det litt enklare.

– Men av og til er kjøtt pumpa fullt av vatn og salt, så det er jo greitt å vite, seier studenten.

Fredrik Imsen holder en pakke grilla kyllinglår på Rema 1000
Fredrik Imsen studerer økonomi og administrasjon. Han seier det kan vere vanskeleg å finne ferdigmat som er sunn i ei travel studenttid. Han meiner ei ny merkeordning hadde vore fint. Foto: Leon Halgunset / NRK

Eit krav for alle

Ifølgje Forbrukarrådet er det mange som slit med det same som Fredrik Imsen. Derfor ønsker dei no å innføre ei heilt ny merkeordning.

Dei har sendt eit brev til Helse- og omsorgsdepartementet, der det står at dei vil at alle matvarer i Noreg skal ha eit merke framme på pakninga. Merket skal fortelje kor sunn eller usunn vara er.

I dag er berre nokre varer i butikken merkte med det grøne Nøkkelhullet. Denne ordninga er ikkje god nok, ifølgje Forbrukarrådet.

– Det finst enkelte pølser og frosne pizzaer med slik merking. Det kjem av at dei er mindre usunne enn andre alternativ. Det betyr ikkje at pølser og frosne pizzaer er sunne av den grunn.

Det seier Aysha Grönberg til NRK. Ho er fagsjef for mat og helse i Forbrukarrådet. Ho peikar også på at Nøkkelhullet er frivillig, noko som betyr at mange produkt fell utanom.

Aysha Grönberg i Forbrukerrådet
Aysha Grönberg meiner det trengst ei meir heilskapleg merkeordning på matvarer i Noreg. Foto: Forbrukerrådet / NRK

Kroppspress

Emina Koric studerer ved NTNU Handelshøgskulen. Ho er på butikken for å kjøpe lunsj. Valet fell på ein pakke med oppskoren melon.

Ho er meir skeptisk til ei ny merkeordning og trur det i ei viss grad kan føre til kroppspress.

Emina Koric mellom hyllene på Rema 1000
Emina Koric er usikker på om det å merke mat er ei god løysing. Foto: Leon Halgunset / NRK

– Ikkje sånn direkte, men at det blir meir fokus på det. Det kan vere at ein drar til butikken for å kjøpe ei vare, og så ser ein at dei andre har kjøpt noko som er merkt sunt. Og det kan jo bidra til litt kroppspress, då.

Men ifølgje Forbrukarrådet er dette noko folket vil ha. Og dei seier at det ikkje handlar om å stemple maten som «lovleg» eller «ulovleg».

83 prosent av folket vil ha hjelp

I 2023 gjennomførte Ipsos ei undersøking på vegner av Forbrukarrådet.

Her svarte49 prosent at dei syntest det var vanskeleg å vite om ei matvare var sunn eller ikkje. 83 prosent meinte det burde bli lettare å få svar på dette ved hjelp av merking.

Forbrukarrådet meiner derfor det er viktig å løfte fram dei sunnaste vala, men også å gi tydeleg informasjon om produkt som ikkje er sunne, forklarer Grönberg.

– Derfor ønsker vi ei ordning som omfattar alle matvarer, slik at forbrukarane får eit meir komplett avgjerdsgrunnlag.

Vidare fortel fagsjefen at erfaringar frå andre land viser at slike ordningar kan motivere produsentane til å betre oppskriftene sine. Dette har skjedd ved at dei har redusert innhaldet av til dømes salt, sukker og metta feitt.

– Dermed kan ei god merkeordning både hjelpe forbrukarane og bidra til eit sunnare mattilbod over tid.

Ønsker å behalde Nøkkelhullet

Terje Sletnes er direktør for politikk og analyse i NHO Mat og Drikke. Han meiner vi ikkje treng ei ny ordning.

– Norske mat- og drikkeprodusentar har over mange år støtta opp under Nøkkelhullet som merkeordning for å gjere det enklare for forbrukaren å ta sunnare val i tråd med dei nasjonale kostråda frå helsemyndigheitene.

Han poengterer også at dette er eit felles nordisk merke, som det over mange år har blitt lagt ned store ressursar for å etablere i bevisstheita til forbrukarane.

– Derfor meiner vi at det er viktigare å ta vare på Nøkkelhullmerket, framfor å bruke tid og ressursar på å innarbeide heilt ny merkeordning, seier Sletnes til NRK.

En mann i dressjakke og skjorte ser inn i kameraet med et smil. Han har bart og skjegg.
Terje Sletnes meiner det er viktig at ein vidareutviklar Nøkkelhullmerket, som allereie er kjent for forbrukaren. Foto: Moment Studio

Sunt?

Student Fredrik Imsen seier at han har fokus på å ete sunn mat, men at det ikkje nødvendigvis er like lett heile tida.

– Problemet er berre at det ofte finst ei enklare og raskare løysing enn å velje det sunne. Så det hadde vore fint å ha eit sunt alternativ som også går kjapt i ein studiekvardag.

Studenten held opp eit grilla kyllinglår.

– Eg vil jo seie at dette er sunt, sjølv om det er litt ferdiglaga, seier han med ei uvisse i stemma.

7 av 10 unngår eller prøver å kutte ned på ultra­prosessert mat