– Det er veldig inspirerande.
Det seier Frida Marie Engeland Jacobsen om «stuntet» til Formel 1-stjerna. Ho er kampanjeleiar for «Sykle til jobben» – og hyllar finske Bottas som har tatt kampanjen deira på største alvor.
For han har rett og slett tatt sykkelen fatt mellom dei to Formel 1-destinasjonane. Ein distanse som svarer til rett i overkant av 350 kilometer.
Søndag formiddag køyrde han ut i grusen ved Sepang-banen og braut, berre timar seinare var Cadillac-føraren på sykkelsetet og starta på den lange vegen til Singapore.
– For alle som følger han i sosiale medium, så verkar det som at han er meir interessert i å sykle enn å køyre Formel 1-bil, seier Atle Gulbrandsen, kommentator hos Viaplay.
– Flyg verda rundt i eit privatfly
På dag éin, same dag som løpet, la Bottas bak seg 56 kilometer. På måndag, dag to av turen, la han bak seg over 161 kilometer på 5 timar og 45 minutt. Tysdag kom han i mål. Då hadde han nye 161 kilometer i beina og distansen lagt bak seg.
Fasiten blei på 378 kilometer fordelt på tre dagar.
Turen gjennomførte han saman med kjærasten Tiffany Cromwell som er profesjonell syklist.
Framkomstvalet vekker oppsikt og har skapt overskrifter i fleire aviser, blant anna hos BBC.
Konkurrentane valde det meir tradisjonelle valet: Privatfly. Førarar som Max Verstappen, George Russel og Lando Norris, blei alle observerte stige om bord i flya sine etter runden i Malaysia.
– Dette står i sterk kontrast til det konkurrentane hans gjer, seier Jacobsen.
– Han flyg verda rundt i eit privatfly og har med seg sykkel. Det er litt artig, for av og til er det ikkje mange timane sidan målgang, og han har floge privatflyet sitt ein eller annan stad i verda der han set seg på sykkelen, seier Gulbrandsen.
– Favoritthobbyen hans
Finnen har foreløpig ikkje uttalt seg om sykkelstuntet, men det er venta at dette blir blant temaa i Singapore kor ein pressekonferanse ventar torsdag.
– Eg tenker at ein heldigvis ikkje treng å sykle 350 kilometer, men nokre kilometer til jobb på heile eller delar av vegen. Det er ein fin start, seier Jacobsen.
37-åringen er langt frå fersk på sykkelsetet.
Under sommarens Formel 1-pause prioriterte han å kvalifisere seg til VM i grussykling. Dette gjorde han ved å komme på femteplass i aldersgruppa si ved eit grusritt i Tsjekkia. Det einaste minuset: VM i grussykling er same helg som den kommande Formel 1-runden i Singapore.
– Dette er favoritthobbyen hans, eg trur han elskar det og han vil sykle så mykje som mogleg. Eg trur han er veldig opptatt av å sykle mange ulike stader i verda, for å sjå verda frå sykkelsetet. Da passa det jo perfekt med to Formel 1-løp som er så nære som dette, seier Gulbrandsen.
Bottas har hamna mykje i grusen under Formel i år 1-sesong. Finnen er på 22.-plass i VM og har brote åtte av løpa i sesongen.
Mystiske kollapser stoppet Formel 1-løp: – Totalt kaos