– Verdiane ser ut som at ein har fått hjarteinfarkt og hjartesvikt.

Det seier Jonny Hisdal, professor i klinisk fysiologi ved Universitetet i Oslo.

Ved målgangen for den kvite trøya står han klar for å undersøke utøvarane som akkurat har kjempa seg gjennom eit av verdas hardaste triatlon.

Dei er totalt utmatta.

– Men ein har jo ikkje hjarteinfarkt. Ein er berre veldig trøytt, seier professoren.

Falske signal i blodet

Sidan 2015 har Hisdal og forskarteamet undersøkt kva Norseman eigentleg kostar kroppen. Dei tek blodprøvar før start, ved målgang, og dagen etter.

Når utøvarane kjem opp på fjellet, skyt såkalla biomarkørar i vêret. Dette er stoff som cellene i kroppen skil ut når dei blir skada.Forskarane sjekkar markørar for både hjarte, musklar, nyrer og lever.

– Kroppen veit nok forskjell, men markørane som vi måler i blodet, gir oss falske signal, forklarar Hisdal.

Denne kunnskapen er viktig.

Viss nokon av utøvarane hamnar på sjukehus etter løpet, kan legane i verste fall stille feil diagnose.

Brutal tidsgrense

Ein av dei som fekk kjenne på kor nådelaust dette løpet er, var Rune Hagaeie.

Han jobbar som butikksjef på Kiwi på Rjukan og var ein av to som fekk tildelt ei gjev lokal startplass i år.

– Hovudmålet er sjølvsagt Gaustatoppen og svart trøye, sa Hagaeie før start.

Han hadde trent systematisk for dette i to og eit halvt år og kjente løypa inn og ut. Han hadde òg takka ja til å vere med i Hisdal sitt forskingsprosjekt.

– Det er veldig gøy å vere med på. Ein lærer ein del om eigen kropp. Så har eg fått stadfesta at kroppen er forholdsvis frisk, sjølv om han kanskje ikkje er like frisk når vi kjem på toppen, har eg fått høyre.

Norseman gir ikkje ved dørene.

Hagaeie fekk eit brutalt møte med tidsgrensa, «cutoff», før den bratte stigninga opp mot fjellet. Han rakk den ikkje, og fekk dermed ikkje lov til å halde fram mot toppen.

Draumen om den svarte trøya brast, og han måtte i staden avslutte på den flatare strekninga og ta imot den kvite trøya.

Rett til blodprøve

For andre gjekk draumen heilt til topps.

Helene Melsom Tungesvik kom inn til ein knallsterk andreplass blant kvinnene.

Ho er sjølv lege og har tidlegare vore ein del av forskarteamet. I år stod ho på andre sida av nåla.

Etter å ha kryssa målstreken på 1883 meters høgde, var det lite tid til feiring.

Tungesvik gjekk rett bort til Frode Sæter, som var ansvarleg for testinga på Gaustatoppen, for å ta blodprøvar og puste i eit apparat for å måle lungefunksjonen.

Rask retur til normalen

Sjølv om lungene midlertidig fungerer dårlegare og blodet slår full alarm, er ikkje løpet farleg for friske folk.

– Eg er ganske overraska over kor fort kroppen går tilbake til utgangspunktet igjen, fortel Hisdal.

Allereie etter ei veke eller to, er nivåa i blodet tilbake til normalen hos dei fleste.

Så kvifor pressar over 8000 håpefulle søkarar seg for å få plass i eit løp som bryt ned kroppen så totalt?

– Det meste i samfunnet vårt er behageleg og tilrettelagt. Det å ha moglegheit til å gjere noko slikt under relativt kontrollerte forhold, tiltrekker mange, seier Hisdal.

Han trur meistringskjensla er heile nøkkelen.

– Det er ei oppleving for livet. Eg skulle ønske vi hadde hatt fleire startplassar, så fleire fekk oppleve det.