Et skip med stort, åpent dekk og styrhus seiler gjennom et landskap av isflak
Store parti med open sjø på veg til Nordpolen. Foto: Vegard Stüerzinger / Norsk Polarinstitutt

– Det er mindre is enn vi forventa, seier toktleiar Paul Dodd frå Norsk Polarinstitutt i ei pressemelding.

Toktet er ein del av Polhavet 2025, eit ti år langt forskingsprosjekt utført av 18 norske forskingsinstitusjonar med budsjett på opp til 2 milliardar kroner.

Det er Noregs største forskingssatsing i Arktis nokosinne.

Prosjektet har som mål å forske på korleis klimaendringane påverkar Polhavet og konsekvensane av dette på sikkerheit, miljø, økosystem og næringsutvikling.

Forskningsskipet Kronprins Haakon bryter seg gjennom is i Arktis, sett fra fugleperspektiv.
FF Kronprins Haakon navigerer rundt isflak. Foto: Norsk Polarinstitutt / Polhavet 2050

Dodd kallar reisa overraskande lett

– Vi kunne for det meste køyre i ope farvatn rundt isflaka. Vi brøyt nesten ikkje is i det heile, held han fram.

Person i verneutstyr bruker en isbor på en islagt flate i et arktisk landskap.
Forskarane samla inn kjerneprøver frå verdas nordlegaste is. Foto: Norsk Polarinstitutt / Polhavet 2050

FF Kronprins Haakon var i området rundt Nordpolen i eit døgn. Forskarane om bord tok prøver av isen og det som lever på og under isen. Dei brukte fleire nye typar spesialutstyr, mellom anna eit kamera som kan ta bilde av plankton.

– Då kan vi sjå korleis næringskjedene i isen endrar seg når istypen vert annleis og temperaturane stig, seier Dodd.

En mann i mørk genser sitter innendørs og ser mot siden under et intervju.
Toktleiar Paul Dodd. Foto: Norsk Polarinstitutt / Polhavet 2050

Etter å ha segla over toppen av verda, sette FF Kronprins Haakon kursen vestover i retning Canada. Dei vil då reise lenger vest enn noko anna norsk forskingstokt av denne typen har gjort.

Toktet starta 23. juli frå Longyearbyen, og skal vare i 50 dagar.

En stor gruppe mennesker står oppstilt på dekk på et skip i arktiske omgivelser.
Forskarar og mannskap på FF Kronprins Haakon. Foto: Norsk Polarinstitutt / Polhavet 2050

– Det var langt mindre is enn ein skulle forvente, seier direktør i Norsk Polarinstitutt, Camilla Brekke. Klimaendringane og temperaturaukinga går raskare i nord enn mange andre stadar. Det gjer at isen i Polhavet svekkast og krympar.

– Så isen blir rett og slett tynnare, og det blir mindre av den.

Og dette gjorde altså at toktet som skulle ha kome fram denne veka kom fram allereie på fredag

– Samtidig så er det jo sjøis og økosystema der som vi forskar på. Så da er det jo interessant å sjå på istypane og isklassene, om dei endrar seg i takt med at klimaendringane trer fram, seier Brekke.

I mange år var det mykje is, og det var vanskeleg å komme seg fram i Polhavet.

– No ser vi at det blir meir og meir ope, og ein lengre sesong, der man kan flytte seg enklare, seier Brekke.