Etappen tysdag vart vunne av sveitsiske Marlen Reusser. Sigrid Ytterhus Haugset, som sykla seg inn i gul trøye etter etappesigeren måndag, klarte ikkje å behalde leiinga i samandraget.
Etappevinnar Reusser tek over den gule trøya. Haugset er nå nummer fire i samandraget.
Men det var ikkje Haugset sin kamp om å forsvare den gule trøya som var den største snakkisen i forkant.
Sykkelsporten har i alle år handla om marginale gevinstar.
Sykling i vindtunnel, spesialdrakter og meir aerodynamiske hjelmar er i dag kvardagskost for proffane.
No skaper ein ny og uvanleg metode debatt i internasjonalt kvinnesykling:
Å utnytte bryststorleiken for å hente sekund under sykkelritta.
Kan vere avgjerande
Trikset handlar i all si enkelheit om å jamne ut forma på overkroppen. Når utøvaren sit framoverbøygd på temposykkelen, vil ein polstra eller større BH fylle tomrommet på brystet og styre lufta betre rundt kroppen.
Dette fenomenet vert kalla «Chest Fairing».
– Vi snakkar om at ein endrar luftstraumen rundt kroppen, slik at ein får mindre overtrykk på låra, forklarar Bert Blocken, professor i aerodynamikk, til det internasjonale sykkelmedietWielerFlits.
Den belgiske professoren har utført omfattande forsking på nettopp denne metoden. Hans resultat viser at det er mogleg å oppnå ein reduksjon i luftmotstanden på opptil 3,6 prosent dersom ein bruker ein gjenstand med den mest optimale forma over brystet.
Dette tilsvarar ein tidsgevinst på minst 0,78 sekund per kilometer.
– Det er ikkje slik at ein får ein fordel på titals sekund på dette i ein tempoetappe, men på ein tur på 20 til 30 kilometer kan det gi sekund som kan vere avgjerande, fortel Blocken.
– Det er nok ikkje forskjell på første- og 50. plass, men det kan vere den tiandedelen eller det sekundet viss du kjempar i toppen i samandraget eller kjempar om etappesiger. Då kan det vere avgjerande, seier Øivind Lukkedal, som var NRKs sykkelekspert under Tour de France for herrar.
Innfører akutt-kontrollar
Etter ei undersøking gjort blant WorldTour-laga denne sesongen, har fleire kvinnelege sykkellag uttrykt stor frustrasjon over at nokre utøvarar «faker» ein større cup-storleik for å skape seg ein aerodynamisk fordel, det skriv WielerFlits.
Tysdag morgon opplyser nettstaden at Det internasjonale sykkelforbundet (UCI) tek grep etter reaksjonane.
Før tysdagens etappe i Tour de France Femmes har UCI-juryen sendt ut ei åtvaring til alle lag.
Dei varslar at det vil bli gjennomført kontrollar av klesplagga til ryttarane, slik at det ikkje blir gjort misbruk av ein større bryststorleik.
Forbundet har bestemt at det er ein kvinneleg kontrollør som skal sjekke utøvarane ved sluttkontrollen ti minutt før start.
Klart brot på reglane
Problemstillinga med å fylle ut drakta for å hente aerodynamiske gevinstar er ikkje heilt ukjend i sykkelsporten.
– Eg har høyrd om denne problemstillinga før, men då har det vore på mannlege syklistar og at folk har putta flasker eller andre ting i sykkeldrakta for å gjere seg meir aerodynamisk, fortel Lukkedal.
Han drar også parallellar til at det i starten av mannlege Tour de France var forbode med isposar på nakken under tempoetappar, nettopp fordi det kunne gi ein aerodynamisk fordel.
Det internasjonale sykkelforbundet sitt regelverk slår tydeleg fast at dette er ulovleg.
I artikkel 1.3.033 heiter det at klesplagg berre skal tene som klesplagg, og at det er forbode kunstig å endre ryttaren si kroppsform (morfologi).
– På tempo har det veldig mykje å seie kor aerodynamisk ein er, og ryttarane er i vindtunnelar og gjer diverse aerotestar for å bli raskast mogleg. Då er det klart at ein vil ha rettferdig konkurranse, og då får man ein mest mogleg fair konkurranse når man følgjer regelverket, meiner Lukkedal.
– Dommar ville sjå nedi sports-BH-en
Uno-X-ryttar Marte Berg Edseth (27) blir overraska når NRK fortel om metoden.
– Det har aldri vore noko snakk om det i laget vårt i alle fall, seier ho.
Ho fortel at både drakt og undertøy allereie blir utnytta for å oppnå betre aerodynamikk – innanfor regelverket.
– Vi har jo radioen ofte nede i sports-BH-en, då på ein måte liggjande mellom puppene. Det skal i alle fall vere meir aerodynamisk enn viss vi har den i sports-BH-en på ryggen.
Edseth fortel om ein episode som viser at dommarane allereie følgjer nøye med på kva utøvarane har under drakta.
– Det var ein sykkelryttar som snakka om at ho hadde hatt hanskane sine nedi sports-BH-en eller noko sånt, rett før ein tempo. Så hadde ein dommar kome bort og ville sjå nedi sports-BH-en hennar, fordi han syntest det såg litt mistenkeleg ut, fortel Edseth.
Sidan kontrollar av denne typen rammar eit privat område på kroppen, er Edseth tydeleg på korleis UCI må handtere dette før start:
– Viss ein skal ha sånne sjekkar, så må jo det innførast av UCI. Og i alle fall ha kvinnelege folk som sjekkar det, understrekar Uno-X-ryttaren.
Ho meiner sykkelforbundet må vere varsame med kva grenser dei trår over.
– Personleg, så tar eg ikkje det så høgtideleg, men det er jo litt sånn inn i den tida vi er i no, så skal ein vere litt varsam, avsluttar Edseth.