Etter fleire dagar der aktoratet har presentert eit omfattande sakskompleks, var det torsdag forsvararane til dei åtte tiltalte, Karlsøybruket og dei tre reiarlaga sin tur til å levere sine innleiingsføredrag.
– Vyrde rett, god morgon. Vi skal bli godt kjent desse månadane, og de kjem sikkert til å bli lei oss etter kvart, forhåpentlegvis ikkje endå.
Slik starta advokat Thomas Hansen i Nord-Troms og Senja tingrett torsdag.
Han representerer kaiformannen som påtalemakta meiner er sakas hovudmann.
Hansen gjekk raskt til angrep på politiet og påtalemakta si framstilling av saka, der klienten hans er tiltalt for å ha leidd ei organisert kriminell gruppe og svindla for rundt 20 millionar kroner.
– Skuldingane er heilt absurde for han, og har ingen rot i verkelegheita, held han fram i retten.
«Cherry-picking»
Hansen fortel vidare og peikar på at politiet, Økokrim og Kripos har jobba kontinuerleg i tre og eit halvt år med eitt mål for auge: «å bevise at det har gått føre seg juks i stor stil.»
– Dette er blitt ein prestisjesak utover alle dimensjonar, og påtalemakta sin agenda er innleiingsvis å fargeleggje retten og deira syn på saka, seier Hansen.
Advokat Øystein Remme, forsvararen til den andre kaiformannen, seier seg einig og reagerer på det han kalla rein «cherry-picking» frå påtalemakta si side:
– Dei hentar ut små delar av bevisgrunnlaget, fiklar med det og får det til å passe sin eigen hypotese, uttalte Remme.
Nye dokument rett før rettsstart
Hansen uttrykte også sterk bekymring for rettssikkerheita etter at tusenvis av dokumentsider – inkludert ein 300 siders skriftgranskingsrapport frå Kripos – vart lagde fram berre dagar før rettssaka starta.
– Det er over 40.000 sider i dokumentomfang. Å få nye rapportar fem dagar før hovudforhandlinga er uforsvarleg og uhaldbart. Det handlar om rettssikkerheita til den tiltalte, avsluttar han.
Dei andre forsvararane sluttar seg til Hansens merknader på dette punktet.
Aktor Tor Børge Nordmo har tidlegare peika på at det var nye opplysningar og undersøkingar under aksjonen på Karlsøybruket i juni, som gjorde det nødvendig å leggje fram ytterlegare dokumentasjon rett før rettssaka.
Må setjast inn i ein større kontekst
Advokat Reidar Andresen representerer bedrifta Karlsøybruket AS. Han la i sitt innleiingsføredrag vekt på å setje dei påståtte lovbrota inn i ein større kontekst.
– Vyrde rett, det er viktig å forstå den kontekstuelle forståinga i ein større samanheng.
– Karlsøybruket, som er eigd av Fjordlaks-konsernet, er eit av Noregs største fiskemottak og tek imot mellom 25.000 og 30.000 tonn fisk i året, seier Andresen i retten.
Advokaten framheva at tiltalen berre gjeld 302 av i alt 10.721 landingar i perioden 2018–2023. Over 10.400 landingar har påtalemakta altså ikkje reagert på.
– Dette er mindre enn tre prosent av det totale talet landingar, opplyser Andresen.
Karlsøybruket ble i april ilagt eit forelegg med ein bot på 15 millioner kroner, i tillegg til eit inndragningskrav på 19 millioner kroner. Siden bruket nekter å godta forelegget, må saken nå avgjøres i retten.
Forventa kritikk
Aktor seier kritikken frå forsvararane er mykje som forventa.
– Eg registrerer at forsvararane har halde sine innleiingar og det var vel mykje som forventa.
– Forsvararane har ein jobb å gjere og det har dei gjort no, avsluttar han.