Personer går over en våt flyplass mot et parkert passasjerfly med fjell i bakgrunnen.
FOT-TRØBBEL: DeHavilland Dash 8 er ryggrada i det norske kortbanenettet. Her frå Leknes flyplass i Lofoten. Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

– Det aller verste er at eit kvart forsøk på å fikse fotrutene berre gjer det verre, seier Vidar Thom Benjaminsen.

Han er ordførar i Vågan kommune i Lofoten, ein av kommunane der dei såkalla FOT-rutene speler ein viktig rolle.

Flya på kortbanenettet er eit berande framkomstmiddel for folk i distrikta, men også ein kjelde til mykje diskusjon.

I førre veke vart det stor ståhei etter at ein rapport frå Oslo Economics blei offentleggjort.

Til neste år skal FOT-rutene i Nord-Noreg ut på anbod.

I den forbindelse skulle rapporten skulle sjå på korleis ein kan gjere tilbodet meir effektivt. I eit av alternativa i rapporten foreslo dei å kutte fleire av dagens flyruter.

Nokre dagar seinare måtte samferdselsminister Kamzy Gunaratnam (Ap) roe gemytta. Ho lovar at regjeringa skal jobbe for å behalde dagens FOT-rutetilbod.

I tillegg ynskjer dei å sjå på moglegheitene for å gjere det billigare for lokale innbyggjarar å reise med fly, ved å innføre ein såkalla beboarrabatt.

Men forslaga imponerer ikkje alle som faktisk er avhengige av FOT-rutene for å kome seg ut i verda og tilbake.

Fleire flygingar og betre tidspunkt

– Det vi treng er auka kapasitet, seier Jonny Finstad, ordførar i Vestvågøy kommune.

Utfordringa med FOT-rutene i dag er nemleg todelt.

I 2024 sette regjeringa ned maksprisen på flybillettar på FOT-rutene. Men billige billettar førte til utselde fly. Blant anna på grunn av turistar som kjøpte full flex-billettar for ein billeg penge.

Dermed blei det vanskelegare for lokalbefolkninga å kome seg til timen på sjukehuset, eller eit viktig møte, i ein anna by.

I tillegg gir flytidene utfordringar, fortel Jonny Finstad.

Widerøe lèt flya sine overnatte i Bodø. Dette fører til at det går svært tidlege fly ut frå Bodø, og svært seine fly tilbake til Bodø.

– Disse reisetidene er lite attraktive for folk, seier Finstad.

Derfor er han usikker på om grepa regjeringa no foreslår er dei rette.

– For ein turist betyr det lite om ein flybillett kostar 700 eller 1400 kroner over fjorden. Eg er veldig skeptisk dersom bebuarrabattar kjem på kostnad av auka kapasitet, seier ordføraren i Vestvågøy.

I nabokommunen Vågan er Vidar Thom Benjaminsen heilt einig. Han viser blant anna til utviklinga i passasjertal for dei mest populære FOT-rutene.

Turister på kaia i Svolvær som tar bilder av fjell og fjord i Lofoten.
Turistar frå heile verda kjem til Lofoten året rundt. Foto: Petter Strøm / NRK

Fleire passasjerar

Rapporten frå Oslo Economics viser til eksempel ein stor auke dei siste åra for flygingane til og frå Lofoten og Vesterålen.

– Det som må på plass er fleire flyruter, seier Benjaminsen.

NHO i Nordland har også meldt seg inn i debatten.

Regiondirektør Hans Christian Hansson er nøgd med at regjeringa er tydelege på at dei ynskjer å bevare FOT-rutene.

Men også dei krev meir.

– Vi har vore tydelege på dette lenge: Det hjelper lite med rimelege billettar dersom flya er fulle eller forbindelsane ikkje fungerer. No må vi bruke den vidare prosessen til å sikre eit tilbod som faktisk svarar på behova i Nordland, seier han.

Også i Vesterålen tar dei no grep for å få eit betre flytilbod.

Vil ha helsetenesta på banen

Vesterålsrådet vedtok onsdag og gjenreise Flyplassutvalet.

Grete Ellingsen er ordførar i Sortland og leiar frå Vesterålsrådet. Ho seier at dei er letta over samferdselsminister Gunaratnam si avklaring om flyrutene, men håpar no at helsetenesta bidrar inn i høyringa om ny FOT-ruteordning.

– Store statlege aktørar som spesialisthelsetenesta må fortelje regjeringa og departementet at vi er nøydd til å snakke om korleis ting fungerer, inntil ein har landa ei endeleg løysing. Dette går i dag utover spesielt pasientar, seier Ellingsen.

Ho rettar ut handa til ministeren og inviterer ho til besøk i Vesterålen for å sjå på situasjonen.

– Me tar gjerne imot også statsråden her ute, så kan ho også snart få erfare truleg der masse tid ho har nøydd til å bruke på ei reise frå Oslo til Sortland for å komme seg fram og tilbake igjen.