To menn i landslagstrøyer til Norge med kart over USA med streker som viser flyreiser
VM-KLARE: Ole Føystad (t.v.) og Torstein Hamran skal følge Noreg i VM. Då blir det svært mykje reising. Foto: Anne Rognerud / NRK

– Hovudårsaka til denne enorme mengda utslepp er flytransport.

Det seier den engelske miljøforkjemparen Freddie Daley til NRK. Han er ein av tre forskarar som har skrive rapporten «FIFAs klimablindsone». Dei slår fast at utsleppa frå årets fotball-VM i USA, Canada og Mexico er nesten dobbelt så store som tidlegare meisterskap.

Totalt vil det sleppast ut heile ni millionar tonn CO₂ – noko som svarer til 20 prosent av Noregs totale utslepp i løpet av eit heilt år.

Kart over USA, Mexico og det sørlige Canada med streker mellom VM-byene med små fly på.
VM-byane er spreidde utover kontinentet. Det krev mange flyreiser.Grafikk: Jørgen Oskar Figenschou / NRK

– Nesten åtte millionar tonn av dei totale ni millionane kjem frå flytransport. Dette gjeld både transport av fans, men også av lag, forklarer Daley, som også er lidenskapeleg fotballtilhengar og heiar på Portsmouth og ikkje minst England no under VM.

Freddie Daley jobbar for Cooldown, eit nettverk som jobbar for ein meir klimavennleg idrett. Han er også tilknytt universitetet i Sussex.Grafikk: Freddie Daley / Freddie Daley

Men no er han klar på at Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) har late VM vekse seg for stort.

Skal sjå alle Noregs kampar

Det er det mange som får merke. To av dei som skal sette seg på flyet til USA er Torstein Hamran og Ole Frøystad. Dei er med i Oljeberget, supporterklubben bak det norske landslaget. Dette har dei venta på i 28 år.

– Det er ein draum som går i oppfylling. Eg har venta sidan eg var liten gut. Eg gler meg enormt mykje, seier Ole Frøystad.

To menn i norske fotballtrøyer smiler mot kamera
Ole Føystad (t.v) og Torstein Hamran er norske fans. Hamran er styremedlem i supporterklubben Oljeberget. Foto: Anne Rognerud / NRK

– Eg skal sjå alle Noreg sine kampar. Så er det berre å håpe at dei kjem langt, seier Hamran.

Men det er krevjande å planlegge logistikken når ein er blodfan.

For kjem Noreg langt, vil det innebere mange og lange flyreiser for norske fotballtilhengarar. Hamran teiknar på eit kart over Nord-Amerika og forklarer. Han har sett seg nøye inn i dei ulike scenarioa ut frå kva plass Noreg hamnar på i gruppa.

– Skamma høyrer heime hos Fifa

Dersom Noreg skulle vinne gruppa, blir det «berre» reising mellom byar på nord-austkysten før ein eventuell semifinale i Dallas, sør i USA.

Men om dei blir nummer to eller tre i gruppa er det annleis. Hamran teiknar lange strekar på kryss og tvers over heile det nord-amerikanske kontinentet som viser kor langt dei eventuelt må reise for å følge Noreg vidare.

Sjølv om dei gler seg enormt til å følge Noreg under VM, er det med ein liten bismak.

– Det er kjedeleg at fotball må føre til større klimautslepp, seier Hamran.

Forskaren er tydeleg på at fansen ikkje skal kjenne klimaskam når dei flyg til VM.

– Det skal ikkje vere ansvaret til fotballfansen. Det er ikkje byrda deira. Det er hos Fifa skulda og skamma høyrer heime, seier Freddie Daley.

Oppfordrar til gange og sykling

Det internasjonale fotballforbundet har bestemt at VM skal utvidast frå 32 til 48 lag frå og med meisterskapen i år. Det betyr 104 kampar mot 64 tidlegare. Avstandane mellom VM-arenaene i USA, Canada og Mexico er enorme.

Sjølv om det ikkje er bygd nokon nye arenaer til VM i år, blir det altså likevel sleppt ut ni millionar tonn CO₂. Ifølge rapporten var utsleppet frå meisterskapa mellom 2010 og 2022 i snitt på 4,7 millionar tonn CO₂. I år blir det nesten dobbelt så mykje.

Ni millionar tonn med klimagassar er nok til å smelte bort 27 kvadratkilometer av sommarisen i Arktis. Det svarer til arealet av 3800 fotballbanar.

NRK har sendt ei rekke spørsmål til Fifa og blant anna spurt kva dei meiner om funna i rapporten. Dei kommenterer ikkje tala direkte, men peikar på fleire lokale klimatiltak under VM.

Organisasjonen skriv blant anna at Fifa krev at alle arenaene har sertifisering for berekraftig drift og vedlikehald. Og så har dei ei oppfordring til publikum:

– Under arrangementet vil Fifa fremje offentleg transport, gange og sykling, i samarbeid med vertsbyane og offentlege myndigheiter.

Oversiktsbilde over stor fotballstadion
Boston Stadium der Noreg skal spele to av gruppespelkampane sine. Fifa seier dei stiller krav om berekraft til alle VM-arenaene. Foto: Reuters

Fifa skriv også til NRK at utvidinga av talet på lag til 48 i VM først og fremst er sportsleg grunngitt.

I klimastrategien til Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) står det at dei har mål om å vere klimanøytrale, altså ha null utslepp, innan 2040. Dei svarer ikkje NRK på spørsmål om korleis utsleppa frå årets VM samsvarer med strategien deira.

– Skremmande høgt tal

Morten Thorsby er fotballspelar på det norske landslaget og jobbar for ein grønare planet gjennom si eiga stifting We Play Green. Han synest ni millionar tonn CO₂ er eit skremmande høgt tal.

Morten Thorsby i Milano
NRK møter ein engasjert miljøforkjempar i Milano. Morten Thorsby speler til dagleg i den italienske klubben Cremonese Foto: Pia Rivelsrud Christiansen / NRK

– Hadde rapportane også tatt med alle dei andre naturkostnadene, ville vi blitt enda meir skremte. VM er ei massiv belastning på naturen, det vil seie at han reduserer evna naturen har til å produsere maten vi et, vatnet vi drikk og lufta vi pustar, seier han.

Thorsby er opptatt av at det må koste pengar å øydelegge naturen.

– Om vi hadde betalt den rette prisen for dette, så hadde sannsynlegvis Fifa tenkt seg litt om og sett at oi, kanskje dette blir for dyrt å arrangere VM på den måten, seier han til NRK

En mann i rød drakt med norsk flagg på brystet spiller fotball. Han er i aksjon på en gressbane med tilskuere i bakgrunnen. Bakgrunnen er en rød vegg med et stort, utydelig emblem på. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Morten Thorsby speler med drakt nummer 2 som symbol på dei 1,5 gradene til Paris-avtalen sitt mål, altså å avgrense klodens temperaturstigninga til under to grader celsius. Foto: Terje Pedersen / NTB

Klimaforkjemparen og forskaren Daley er tydeleg på at Fifa er nøydde til å ta nokre vanskelege avgjerder.

– Dei må vurdere å redusere talet på lag frå 48 til 32. Det vil ha ein uvilkårleg effekt på utsleppsintensiteten til turneringa, slår han fast.

Daley er smerteleg klar over at fotballen då vil miste noko.

– Som fotballfan gjer det vondt, fordi det fantastiske med VM er at ein får sjå lag og land som aldri har vore der før, konkurrere på toppnivå, og dei får skrive si eiga historie seier Daley.

– I lys av klimakrisa og behovet for å redusere utslepp, står fotballen overfor nokre veldig, veldig vanskelege val. Men eg vil understreke at det er avgjerder som må takast, seier forskaren.