4–0 i favør England.
Det var stillinga til pause i bronsefinalen.
– Allereie ein audmjuking, blåste Frankrikes største sportsavis, L'Équipe, opp.
– Vi kunne ikkje gjort det verre. Det var katastrofalt, sa Frankrike-trenar Didier Deschamps, og heldt fram:
–Det handlar ikkje ein gong om tredjeplassen, men det handlar om ære og stoltheit til kva det franske landslaget representerer og til ein kamp som er såpass viktig.
Men på veg inn i garderoben var det lite som minna om audmjuking hos Frankrikes kaptein Kylian Mbappé.
Der blei han nemleg observert i det som verka som ein svært triveleg passiar med Englands tyske trenar Thomas Tuchel, samtidig som han tilsynelatande akkurat hadde bytta drakt med Englands Declan Rice. Det skal nemnast at Tuchel trente Mbappé i PSG i to og eit halvt år, frå sommaren 2018 til julaftan 2020.
Sjå situasjonen øvst i saka.
– Endrar seg ikkje ein millimeter
I NRKs studio var kritikken hard.
– Det er sjokkerande defensivt arbeid, det er uinspirert, det er fantasilaust og Mbappé oppsummerer det eigentleg fint med kroppsspråket sitt, både etter scoringane og på veg inn til pausen, sa fotballekspert Petter Veland.
– Det er nesten som at ein startar å lure på om han spør Thomas Tuchel om kva de heldt på med i den semifinalen mot Argentina. Foreslår han: «Ok, eg snakkar med mine gutar i pausen no. Dykk kan få ein scoring eller to til, men då må eg få to etter pause»? Kampen er jo tapt allereie til pause, sa Veland.
– Dette er veldig uvanlege bilete, oppsummerte han vidare.
Han påpeikte at ein ikkje veit kven som tok kontakt med kven. Men ut ifrå det han såg, trur Veland at det berre handlar om éin ting for franskmannen:
Scoringar.
– Kylian Mbappé har vunne ein VM-finale og tapt ein VM-finale. Hans karriere endrar seg ikkje ein millimeter av om han blir nummer tre eller fire.
Englands lagndslagssjef svarar slik på nyssgjerrigheita rundt bileta av dei to:
– Det var hyggeleg, vi slo berre av ein vennleg prat og spurde om alt stod bra til.
Han legg ikkje skjul på at den franske superstjerna var prega av resultatet då laga gjekk til pause på 4-0.
– I pausen var han sjølvsagt ikkje nøgd, og han sa at det allereie var ein heilt galen kamp. Og så, i løpet av andreomganen då det stod 4-3, spurde han om vi framleis var i garderoben. Det var berre ein vennleg tone. Det var ei glede å han som spelar, og du kan berre sjå all den kvaliteten han viser, fortel Tuchel.
– Ein del av ettermælet mitt
Veland fortset:
– Men det som endrar ettermælet hans, er å bli toppscorar i VM. Kall han gjerne egoistisk, men det er ein grunn til ingen TV-stasjonar heilt veit korleis dei skal angripe denne kampen. Det er fordi den eigentleg ikkje betyr så mykje.
Mbappé svarte sjølv slik på spørsmålet om et rekordjag etter kampen.
– Eg ville heller ha spelt finalen, framfor å bli toppscorar. Det er ein del av ettermælet mitt, men det er ikkje det første eg tenker på i dag, sa han.
– Gav inntrykk av at vi svikta han
I den andre omgangen var det eit heilt anna fransk lag som kom på banen. Med tre mål på 20 minutt, sørgde dei for ein uventa spenning. Fleire gonger hadde dei store sjansar til å utlikne, men i staden for var det England som scora. Til slutt enda det altså 6–4 til England.
– Det var to veldig forskjellige omgangar. I første omgang kan eg forstå at nokon seier det var ein spøk, at vi ikkje hadde respekt for drakta. Eg vil seie at vi var menneske. Vi var ikkje inne i kampen.
Kampen var den siste til Didier Deschamps som Frankrike-trenar.
– Vi ville heidre han, men dessverre gav den første omgangen inntrykk av at vi svikta han, seier Mbappé om Deschamps.
Med to mål i 2. omgang overtar Mbappé både tittelen som (foreløpig) toppscorar i VM 2026, og tidenes VM-toppscorar.
– Han verkar meir leken. Han har ein energi som seier «dette betyr ikkje så mykje». Det er nesten sånn at det er betre jo fleire mål England scorar, for då opnar dei seg meir opp bakover, seier fotballtrenar Vilde Mollestad Rislaa til NRK.
Toppscorartittel utan dei gjævaste trofea har blitt ein liten vane for Mbappé dei seinare åra.
I spansk La Liga blei Mbappé både i 24/25- og i 25/26-sesongen toppscorar mens hans Real Madrid enda på 2.-plass.
I Meisterligaen førre sesong netta han også flest gonger (15 mål), sjølv om laget rauk ut i kvartfinalen.
Det same under førre VM. Då tapte hans Frankrike finalen.
Lionel Messi er nærmaste rival på begge rekordar, to bak i årets VM og eitt bak i VM-historia.
– «Leo» scorar alltid. Han kjem til å score i morgon (søndag), sa Mbappé etter bronsefinalen.