Irak, som Noreg møter i første VM-kamp, spelte 1-1 mot Spania torsdag kveld.

Det skal seiast at Spania mangla fleire av sine største stjerner, men det var likevel eit sterkt resultat av Irak, som ligg på ein 56. plass på Fifa-rankinga.

Nasjonen blir rekna av dei fleste ekspertar til å vere det svakaste laget i Noregs gruppe.

Spania, på si side, blir utifrå NRKs prognose rekna som det sterkaste laget i VM.

Fotballspillere feirer sammen på en bane. Flere spillere i hvite drakter omfavner hverandre. Tilskuere sitter på tribunen i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
SJOKKERTE: Irak sjokkerte Spania då Merchas Doski skåra 1-1-målet. Foto: Manu Fernandez / AP,NTB

– Blir tøft

Reaksjonane er delte etter kampen. Ein av dei som meiner Noreg har grunn til å vere på vakt, er Viaplay-ekspert Lars Tjærnås.

– For dei som har tenkt tanken at Irak blir enkelt for Noreg i VM. 1-1 mot Spania i dag! Berre eitt av siste 14 kampar har dei sluppe inn meir enn eitt mål. Blir tøft i opningskampen også, skriv Tjærnås på X.

Også TV 2s fotballekspert Yaw Amankwah er imponert over Irak sitt spel.

– Irak imponerande solide mot Spania i første omgangen. Eit lag Noreg bør slå, men synest dei viser at det ikkje er noko «walkover».

Slik blir Noregs tre gruppekampar:

NRKs ekspertar sit derimot med lågare skuldre etter torsdagens skrell.

– Noreg bekymrar seg ikkje over Irak. Spania stilte med B-lag, seier NRKs fotballekspert Magnus Wolff Eikrem.

Kristoffer Løkberg nektar også å la seg skremme av resultatet.

Kristoffer Løkberg
FOTBALLEKSPERT: Kristoffer Løkberg Foto: Nicolai Eid Trondal

– Ta det heilt med ro, Noreg er framleis store favorittar mot Irak. Det Irak gjorde i kveld, endrar ikkje føresetnadene for Noreg. Det er anledninga som er den største motstandaren til Noreg i første kamp. Ein god norsk prestasjon mot Irak held kvar dag i veka, seier eksperten.

Han har tidlegare denne veka uttrykt at det ville vore «skandale» om Noreg ikkje slår Irak i gruppespelet.

– Alt anna enn siger er ... Eg toler ikkje tenkje på det ein gong, sa Løkberg i onsdagens episode av NRK-podkasten Bakrommet:

«Kasteball» i gruppa

I episoden blei det diskutert Noregs motstandarar i gruppe I.

Eikrem meinte Irak kan bli ein «kasteball» i gruppa, men åtvarar samstundes mot å undervurdere innstillinga deira:

– Det her er eit lag som kjem til å kome med så mykje energi, vilje og glød. Dei er glade for å vere med.

– Det er det som kan vere håpet deira, og at dei andre laga har ein dårleg dag, sa Eikrem.

Han peika også på trenaren til Irak, Graham Arnold, som trente Australia førre VM. Der tok Australia seg vidare frå ei tøff gruppe med Frankrike, Tunisia og Danmark.

– Dei har ein trenar som har trent Australia og René Meulensteen som assistenttrenar, som har vore i Manchester United. Dei har erfaring på benken, og dei har vore i meistarskap før. Det kan jo ta dei eit stykke, meinte Eikrem.

Fransk smell

Like bra gjekk det ikkje for den store gruppefavoritten Frankrike. Dei tapte 1-2 for Elfenbeinskysten torsdag kveld.

Den anerkjende franske sportsavisa L'Equipe kalla det «Ein kald dusj»

En fotballspiller med en blå drakt med striper holder hendene over hodet. Spilleren har mørk hud, kort hår og skjegg. I bakgrunnen er det utydelige figurer og lys. Bildet er merket med en grå NTB-logo. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
SKUFFA: Jean Mateta etter tapet mot Elfenbeinskysten. Foto: FRANCK FIFE / AFP,NTB

Manchester City-stjerne Rayan Cherki sende Frankrike i leiinga like før pause, men i den andre omgangen snudde den afrikanske nasjonen kampen.

Guéla Doué og Manchester United-profilen Amad Diallo skåra dei to måla.

Frankrike får ei tøff opning på verdsmeisterskapen i sommar mot Senegal tysdag 16. juni, men dei har høve til å finsikte VM-forma mot Nord-Irland 8. juni.