Brasil-landslaget i fotball poserer for bilde før kamp. De står oppstilt på en gressbane med tribuner fulle av tilskuere i bakgrunnen. Spillerne er kledd i gule trøyer og blå shorts. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
VM-MOTE: 25 spelarar på Brasils lagbilde før kampen mot Marokko. 21 av dei hadde rosa sko. Foto: Yuki Iwanmura / AP,NTB

Det er umogleg å ikkje leggje merke til det. Blant nesten alle spelarar på 48 land i VM er det ein farge som er meir populær enn andre.

Ein kunne sjå det alt i den fyrste kampen i meisterskapet – nesten alle spelarar på Mexicos og Sør-Afrikas landslag hadde rosa fotballsko.

– Det har vore ein mote- og designeksplosjon på fotballsko sidan rundt 2005. Etter det har det skjedd ekstremt mykje, seier NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp.

Han er med å kommentere kampar under årets meisterskap. Han har fått med seg den store trenden.

– No er det nesten blitt slik at det er dei klassiske, svarte fotballskoa som skil seg ut, legg han til.

Nesten alle spelarane på det norske landslaget spelar med rosa sko i VM:

Norges herrelandslag i fotball poserer før en kamp. Spillerne er kledd i røde drakter med blått og hvitt design. Bak spillerne sitter tilskuere på tribunen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
IKLEDD ROSA MOT IRAK: Ti av elleve norske spelarar hadde rosa sko i kampen mot Irak. Foto: Vegard Grøtt / NFF

– Må vere skikkeleg god

– Me har sett ganske like sko dei siste åra, men i dette meisterskapet er det snakk om omtrent nøyaktig same farge, seier Ben Warren, grunnleggar av BW Boots i London, som spesialiserer seg på å finne sjeldne og klassiske fotballsko.

Men korleis enda alle produsentane opp med akkurat rosa?

Odinga Nimako, som jobbar for eit av dei store skoleverandørane i VM, fortel at stor etterspørsel etter dristigare fargar førte til at selskapet valde rosa.

– Det me stadig høyrer frå både idrettsutøvarar og forbrukarar, spesielt når det gjeld dei store augeblinkane, er at sterke fargar gjev dei sjølvtillit. Det var eigentleg utgangspunktet vårt, seier Nimako til The Athletic.

– Det me alltid høyrer frå forbrukarane og utøvarane våre, er at når du har på deg ein farge som rosa, som er så høglydt og skrikande, så er det nesten slik at du må vere skikkeleg god for å gå med dei fargane òg, seier Nimako.

Nimako fortel at dei under utviklingsfasen la merke til kor godt ein rosa sko skil seg ut. Under testing på banen var det ingenting som fanga blikket meir enn rosa. Samtidig fortel han at rosa har blitt såpass akseptert at det ikkje opplevast som for sært for folk.

Norges herrelandslag i fotball poserer for lagbilde. Spillerne står og sitter på gresset foran en fullsatt tribune. De bærer røde landslagsdrakter med nummer på. Bildet er tatt på en fotballbane under en kamp. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
SVARTE SKO: Noreg før VM-kamp mot Brasil i 1998. Den gongen var det svarte sko som var «inn». Foto: X00211,NTB

Også Torp kjenner seg att i kjenslene til utøvarane i dag. Han fortel at han likte å bruke lyse sko då han var aktiv fotballspelar.

– Eg følte meg meir teknisk og kvikkare. Svarte sko kunne av og til gje ein følelse av å vere litt tyngre eller «seig».

Fotballeksperten fortel at fargen på skoa kan påverke spelaranes sjølvtillit.

– Dei føler seg betre og kulare når dei spelar i sko dei likar, seier han.

Torp fortel at det før 2005 handla om å ha svarte sko, og at Kjetil Rekdal var blant dei som skilte seg ut då han i 1998 spela VM i gule sko.

– Det var ein kjempesnakkis. Han var «han som spelte i gule sko».

En mann med blonde hår holder en fotballsko. Mannen har på seg en mørkegrønn genser med røde og hvite detaljer og flere sponsorlogoer. I bakgrunnen sitter en person som ser ut til å være en fotograf. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
HISTORISK SKO: Kjetil Rekdal viser fram skoen som han brukte då han skåra mot Brasil i VM i 1998. Foto: PER LØCHEN / NTB

Skapar kontrast

Skoprodusenten fortel at dei også ynskja å skape kontrast med det grøne graset på banen. Det som også gjer at fargen skil seg ut, er at ingen av laga i dette meisterskapet har drakter som hovudsakleg er rosa.

Det vil likevel framleis vere nokon sko som skil seg ut frå havet av rosa.

Fifa bekrefta til the Athletic at dei krev at dommarane brukar tradisjonelle svarte sko.

Men enkelte spelarar vil også gå mot straumen. Lionel Messis sko er kvite og lyseblå for å matche Argentinas drakt, med glitrande gulldetaljar.

Christian Pulisic sine sko er kvite med blå stjerner, og er ein referanse til det amerikanske flagget.

Nimako fortel at dei fleste spelarane i turneringa er kontraktsmessig forplikta til å bruke dei rosa skoa dei har fått delt ut. Men ein skal ikkje forvente at den rosa bølga varer særleg lenge.

– Når ein ny sesong startar rundt slutten av juli, vil det vere ein ny farge som gjeld, avsluttar Warren.

Gjett og vinn premier i NRKs store VM-konkurranse