– Så får vi enda ei reise med tidenes beste fotballspelar.

NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp tok i bruk store ord i natt.

Det var nemleg duka for Argentina sin første kamp i VM, då dei møtte Algerie i gruppe J.

Og i hovudrolla som så ofte før, Lionel Messi.

Allereie då kampen blåste i gang vart han historisk, som den første spelaren som har spelt i seks verdsmeisterskap.

LITEN: Men stor. Foto: Siphiwe Sibeko / REUTERS,NTB

Og etter dette small det verkeleg.

Etter eit kvarter fekk Messi motta ballen utan press, 30 meter frå mål.

– Kan ta seg ein bolle

Han vende raskt og sprang mot mål med korte touch. Frå 18 meter fyrte han av ei kule, og den suste i nettet til venstre for keeper.

Tre fotballspillere er i luften under en kamp. En spiller i hvit drakt med blå striper, antatt å være Lionel Messi, hopper mens to spillere i grønn drakt prøver å hindre ham. En fotball ligger på gresset til høyre i bildet. Bildet er tatt fra et fugleperspektiv. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
SPRING: Framleis med eit rykk få kan matche. Foto: Siphiwe Sibeko / REUTERS,NTB

– Lionel Messi, da. For dei som lurte på om han var ferdig, dei kan ta seg ein bolle. For ein spelar. At vi kan oppleve han enda ein gang på denne scena, ein kan berre vere takksam. Dette er ikkje normalt, sa NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp.

Etter ein times tid prøvde Mac Allister seg på eit langskot. På returen dukka Messi opp og sette inn sitt andre mål for kampen.

Lionel Messi, Lisandro Martínez og Nicolás González fra Argentina feirer. De er ikledd Argentinas drakt med lyseblå og hvite striper. Bildet er tatt på en blå bakgrunn. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
MÅL: 38-åringen leverer framleis på det høgste nivået. Foto: JUAN MABROMATA / AFP,NTB

Og etter 75 minutt la han ballen fint til rette for seg sjølv på kanten av 16-meteren og prikka den ned i hjørnet. Hat trick for Lionel Messi.

Sjå scoringane øvst i saka.

I tårer etter scoring

Etter den første scoringa var det ein tydeleg tårevåt Messi som tok drakta til ansiktet.

Messi gråter
TÅRER: Messi måtte tørke tårer etter sin første scoring i kampen.Faksimile: NRK

Etter kampslutt kunne Messi svare at det ikkje hadde noko med målet å gjere.

– Eg har hatt nokre tøffe dagar, sa Messi ifølge journalisten Fabrizio Romano.

Før han takka for støtta frå laget.

– Eg er takksam ovanfor heile delegasjonen, til lagkameratane mine. Dei har lagt ned mykje innsats for at eg skal ha det bra.

Kapteinen gjekk ikkje vidare inn i detaljar.

Tangerte målrekord

– Det er berre ein følelse av at ein er heldig. Ein ting er å sitte å sjå det og formidle det, men å oppleve det enda ein gang. Det er utanomjordisk, sa Torp om Messi sin prestasjon.

– Kva hadde du forventa?

– Eg ser jo klipp, og eg ser at han har det jo framleis. Den genialiteten, den touchen, det blikket, og ein høyrer medspelarane som blir intervjua seier at han er ein spelar som dei føler ser ting før alle andre.

Carl-Erik Torp
HELDIG: NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp føler seg heldig som får oppleve nok eit meisterskap med Messi. Foto: BILDBYRÅN NORWAY

Dette var hans 14., 15. og 16. VM-scoring i sin kamp nummer 200 på landslaget. Hans første hat trick i VM.

– Wow, Messi! Hans første hat trick nokon gong i eit VM. Og no deler han offisielt rekorden for flest VM-mål, skriv Rio Ferdinands på X.

Messi tangerte tyske Miroslav Klose, som før hadde målrekorden aleine i fotball-VM for herrar.

Haaland sett i skuggen

Det er fleire som lar seg begeistre.

Erling Braut Haaland scora to mål mot Irak, berre timar før Argentina sin kamp. Men han lét seg begeistre av argentinaren sin prestasjon.

På sin eigen Snapchat-konto la han ut «Messi is a madman», altså «Messi er ein villmann».

Haaland på snapchat
HYLLA: På Snapchat la Haaland ut dette bilete etter Messi sin kamp. Foto: Snapchat

– Det er ei nyting å sjå han spele fotball. Alt ser enkelt ut, kjem det frå NRKs ekspert Eirik Horneland.

Det har vore knytt spenning til om 38-åringen, som fyller 39 i løpet av meisterskapen, framleis har nivået inne.

Messi
USA: Lionel Messi spelar til vanleg i dei rosa draktene til Inter Miami. Foto: AFP

Til dagleg spelar han fotball for Inter Miami i den amerikanske ligaen MLS, ein liga fleire store stjerner har dratt til mot enden karrieren. Der står han med 20 målpoeng på 16 kampar denne sesongen.

– Han ser fit ut, med god fart i beina, fortset Horneland.

– Det gjer meg nervøs, for det var ikkje sånn han var i opningskampen for fire år sidan. Så han er i form, legg NRK-ekspert Andrine Hegerberg til.

Ein siste dans

Argentina er regjerande verdsmeister i fotball, då dei slo Frankrike i finalen i 2022. Men dei tapte opningskampen mot Saudi-Arabia.

En fotballspiller i Argentinas drakt hever FIFA verdensmesterskapstroféet. Han er omringet av feirende supportere. Arenaen har en stor kapasitet, og mange tilskuere er til stede. Stemningen er festlig, med folk som tar bilder og jubler.
VINNAR: Han vann VM i 2022 med Argentina Foto: AP

I år stiller Argentina med nesten identisk tropp som den gongen. Det er eit av VMs eldste mannskap, med ein snittalder på 29. Og for 1987-modellen Lionel Messi, er dette fort det siste.

– Dette må jo vere hans siste VM, så eg er spent på kva som skjer med laget i 2030. Vi må nyte det mens vi kan, sa NRKs ekspert Alexander Schau.

Argentina og Algerie viste begge gode takter gjennom kampen. Men Messi vart forskjellen. Kampen enda 3–0.

I kveld skal Portugal i aksjon, der Cristiano Ronaldo kan tangere Messi sine seks VM-deltakingar. Portugal mot DR Kongo kan du sjå på NRK1 frå kl. 19.00.