Før fotball-VM i USA, Canada og Mexico blei sparka i gang, lurte alle på kva Donald Trump kom til å finne på.
Krig med Iran, militære aksjonar i Venezuela og Fifas nystifta «fredspris» er noko av det som har definert Trumps sitjande presidentperiode.
Likevel har ikkje den amerikanske presidenten dukka opp på éin einaste kamp som tilskodar hittil i VM.
– Vi må konkludere med at VM skuldar Trump ein stor, stor takk. Han er meisterskapets største helt, seier NRKs sportskommentator Jan Petter Saltvedt.
– Kanskje VMs største skandale
Saltvedt trekker fram to grunnar til sitt eige, kanskje noko ironiske, utspel.
– At han held seg heilt borte frå VM og at når han først får merksemd så er han dum nok til å gi oss innblikk i kor korrupt Fifa-systemet er.
Sjølv utan Trump til stades, klarte han å få fram VMs kanskje største skandale, skreiv Saltvedt i ein kommentar.
Ein omdiskutert situasjon i kampen mellom USA og Bosnia-Hercegovina, gjorde at USA-angripar, Folarin Balogun, fekk raudt kort for ein stempling.
Seinare kom det fram at Donald Trump hadde kontakta Fifa-president Gianni Infantino om å revurdere det raude kortet.
«Takk til Fifa for at de gjorde det rette, og at de reverserte denne grove urettferda.», sa Donald Trump i sosiale medium.
– Den situasjonen er ein total skandale, seier Saltvedt.
– Frykt for å komme dårleg ut
Eirik Løkke er USA-kjenner og rådgivar i tenkjetanken Civita.
Han er ikkje i tvil om kvifor den amerikanske presidenten ikkje har dukka opp meir gjennom meisterskapen.
– Han er historisk upopulær og det ville han nok også vore under desse arrangementa, seier Løkke og utdjupar.
– Det er ein frykt for å komme dårleg ut i offentlegheita – han likar jo å stå fram som at han er bra, størst, best og mest populær av alle.
I forkant av meisterskapen var Trump den første amerikanske presidenten til ta del i NBA Finals, i oppgjeret mellom New York Knicks og San Antonio Spurs.
Der blei 80-åringen buet på av svært mange frammøtte.
– Det var nok ein dårleg oppleving og det tar seg dårleg ut for sjølvbiletet til Trump, hevdar Løkke.
Ifølge BBC, skal det ha skjedd på grunn av mengda menneske som ikkje kom inn på stadion på grunn av ein unormal lang sikkerheitskontroll. Det var nemleg Trumps nærvær som utløyste ekstra sikkerheitsbehov.
– Det spekulerast jo om at opplevinga han hadde sist gong med Knicks, kan ha påverka oppmøtet hans undervegs i VM, seier Saltvedt og utdjupar.
– Når verdas største scene står open og han ikkje ønsker å gå ut på den, så liknar det jo eigentleg ikkje på Trump.
Til Blue News, ein sveitsisk avis, har Infantino sagt følgande:
– Donald ser på alle kampane og nyt meisterskapen.
– Han ville nok fått mykje negativitet
Både Løkke og Saltvedt er einige om kvifor Trump ikkje har møtt opp hittil i VM.
– Han har tynn hud, så det ville vore risikabelt å møte opp på kampar i frykt for å bli bua på igjen, seier Løkke.
– Nokon rådgivarar og han sjølv har nok konkludert med at han ville fått mykje negativitet, påpeiker Saltvedt, og fortset.
– Eller kanskje har han skjønt at han må begynne å gjere jobben sin – som han no brukte til å ta opp att krigen med Iran, diverre.
Berre for nokon dagar sidan var derimot Trump tilskodar på ein UFC-kamp, som tok plass utanfor Det kvite hus.
Sjansane for at presidenten blir å sjå minst éin gong i meisterskapen er likevel høg.
Dukkar opp i finalen
Ifølge BBC vil Trump overlevere VM-trofeet til vinnarane av finalen, som spelast søndag kveld. I intervjuet med Blue News nyleg, sa Infantino at planen er at han og Trump saman skal gi ut trofeet på finaledagen. Det kvite hus har stadfesta at Trump vil vere til stades under finalekampen mellom Spania og Argentina.
Det vil bli første gong Trump viser ansikt i eit av meisterskapets kampar.
– I finalen vil han nok gjere alt han kan for å få mest ut av den situasjonen, trur Saltvedt.
– Trump vil nok dele ut litt medaljar, men vi får sjå om han også blir med på lagbiletet og konfetti, seier Løkke lattermildt.
Under klubb-VM i 2025, som før anna også blei arrangert i USA, overrekte 80-åringen trofeet til vinnarlaget Chelsea.
Trump blei ståande att på scenen, til spelarane si store forvirring.
Vanlegvis pleier berre spelarar og støtteapparat å løfte trofeet saman.
– Eg visste at han skulle vere der, men ikkje at han skulle vere med å løfte trofeet. Eg blei ganske forvirra, sa Chelsea-spelar, Cole Palmer, ifølge The Independent.
Også NRKs fotballekspert, Kristoffer Løkberg, kommenterte finalesermonien i podkasten «Bakrommet».
– Hald deg unna podiet i alle fall! Hald deg unna podiet! Eg vil ikkje sjå den mannen nær den pokalen, sa Løkberg om Trump.