nagelsmann
SINT: Julian Nagelsmann er trenar for Tyskland. Her seier han noko til fjerdedommaren i kampen mot Elfenbeinskysten. Foto: MEGAN BRIGGS / GETTY IMAGES NORTH AMERICA,NTB

– Vi liker å bruke dei store laga som forbilde, og eg er skuffa over mangelen på fair play frå dei i dag.

Det uttaler Emerse Faé, trenar for Elfenbeinskystens landslag.

Særleg éi hending gjorde han opprørt etter kampen mellom Tyskland og Elfenbeinskysten.

Fyrte laus

Wilfried Singo spelte ut ballen fordi han var skadd. Men da Tyskland ikkje spelte tilbake ballen, rakna det for Elfenbeins­kysten-trenaren. Han gav klar beskjed til Tyskland-spelar Nathaniel Brown.

Han fekk beskjed om å «stay humble» – vere meir audmjuk.

– Han hadde ein bra kamp, han speler på eit bra lag. Men han treng ikkje snakke stygt til oss, seier Faé på pressekonferansen etter kampen mot Tyskland.

– Eg hadde den same diskusjonen med det tyske støtteapparatet. Eg synest ein stor nasjon som Tyskland skulle vore meir opptatt av fair play, seier Faé.

Han påpeikar likevel at det var to lag som fortente å vinne, men hadde forventa meir av fotballstormakta.

Julian Nagelsmann
KLAR BESKJED: Julian Nagelsmann og Emerse Faé etter kampen. Foto: MEGAN BRIGGS / GETTY IMAGES NORTH AMERICA,NTB

Tyskland, er ifølgje NRKs prognosar, blant favorittane til å løfte trofeet i slutten av meisterskapet.

Innbytar redda Tyskland

Elfenbeinskysten tok leiinga i 1. omgang etter ei scoring av Yan Diomande. Tyskland sleit med å skåre, men så gjorde Tyskland tre byte, og i det 68. minutt utlikna dei.

På overtid sette han inn eit nytt mål - og sikra sigeren.

Nummer to i denne gruppa, som enda ikkje er avgjort, møter nummer to i Noregs gruppe.

– Ein bra avsluttar

Tysklands landslagssjef meiner laget fortente siger, trass i at Elfenbeinskysten hadde kontroll den første timen.

– Eg synest me fortente det. I starten var me ikkje så gode, det tok oss litt tid å kome inn i kampen, men me klarte det til slutt, seier Tysklands landslagssjef Julian Nagelsmann etter kampen.

Når han får spørsmål om Undav skal starte neste kamp, svarer han:

– Ja, me må nok tenkje på det, men han kom inn, brukte verkeleg banen. Første målet var eit bra løp og ein bra pasning. Han gjorde ein bra jobb med å kome seg til målet og han er veldig god til å lese situasjonar, seier Nagelsmann.

– Han tok ein sjanse på det andre målet, og det er typisk for Deniz. Han er ein bra avsluttar.

Tre tyske fotballspillere, ikledd hvite drakter med tysk flaggdetaljer, står samlet. En spiller med ryggen til har hendene på skuldrene til en annen. Den andre spilleren har armene rundt en tredje. Det er et logo for FIFA World Cup 2026 på en av draktene. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
FEIRA: Lagkameratane gjekk bort til Undav etter kamp. Foto: Piroschka Van De Wouw / REUTERS,NTB