– Kva er det verste med VM så langt? spør BBC-programleiar Gordon Smart.
– Kjendis-spotting, svarar David James med ein gong.
Den tidlegare England- og Premier League-målvakta reagerer på antalet kjendisar som blir vist på skjermen i løpet av kampane under VM.
– Dei brukar så mykje tid på å kikke på desse kjendisane, seier James, som er fast ekspert og analytikar for BBC Radio 5 Live.
Meisterskapet som blir arrangert i USA, Mexico og Canada viser fire-fem kampar i døgnet. På tribunen kryr det av ivrige supporterar og kjendisar, og det er ikkje uvanleg at kameralinsene blir retta mot stjernene i løpet av ein omgang.
– Halvparten av kjendisane ser ikkje på kampen ein gong. Noko som er respektlaust, meiner James.
«I meste laget»
Kampen mellom USA og Australia førre fredag var eit ekstremt døme. Allereie før avspark var kameralinsene retta mot superstjerna Paris Hilton.
Kameraa heldt fram med å oppsøke kjendisane også etter avspark, noko som skapte frustrasjon i kommentatorboksen.
– No skulle eg gjerne sett bilde av kampen, for den er i gang. Det er spel som går føre seg på banen, sa NRKs kommentator Nora Johnsen.
Johnsen fortel at det ikkje har vore eit særleg problem tidlegare, men at det fekk meir merksemd under USA-kampen.
– Eg ser gjerne Ronaldinho, Ronaldo og Kaká på Brasil-kamp, og Zidane som ser Zidane junior vakte målet til Algerie. Men på USA-kampen synest eg det var i det meste laget med kjendisar i monitor, seier Johnsen og held fram:
– Spesielt når ballen faktisk er i spel på banen. Men kanskje er det berre «the American way»!
Årets VM-kampar blir vist på NRK og TV 2. Ingen av dei norske kanalane er ansvarlege for kva bilde som blir vist, bilda blir levert av den internasjonale offisielle vertskringkastinga.
Difor har ikkje kommentatorane noko makt i kva bilde som blir vist til ei kvar tid.
Desse dukka opp i kampen mellom USA og Australia:
Også då USA spelte mot Tyrkia var Paris Hilton til stades. NRK prøva å få eit ord med stjerna. Sjå intervjuet under:
– Dritlei
Det dukka ikkje berre opp kjendisar på USA-kampen. Fleire store stjerner har vore på plass under andre kampar under VM, inkludert profilar som David Beckham, Tom Cruise, Jay-Z og Ryan Reynolds.
– Eg er dritlei! seier BBC-programleiar Mark Chapman i podkasten the Sports Agent.
Chapman er sentral i BBC si dekning av meisterskapet.
– Men no er det liksom Beckham og Cruise og Rod Stewart 27 gonger her om kvelden i Foxborough, seier Chapman.
Han fortel at han under sending får høyre på øyre kven som blir vist på skjermen, men at han verken bryr seg eller veit kven alle er.
– Eg meiner, me gjer det her til lands også (England), og det irriterer meg grøn. Eg veit at Noel Gallagher er på ein City-kamp, eg treng ikkje sjå han kvar einaste gong, avsluttar han.
Bli med i NRKs store VM-konkurranse og vinn premier