Lionel Messi og Lamine Yamal
KAN MØTAST: Det er ikkje tilfeldig at to av VMs største profilar kan møtast i finalen. Foto: David Ramos / Florencia Tan Jun / AFP

Du trur kanskje det er tilfeldig at dei fire beste landslaga i verda kom seg til semifinalen? Da må du tru om igjen.

Grunnen får éin av NRKs fotballekspertar til å vilje kaste opp.

– Kastar opp av tanken

NRK-ekspert Kristoffer Løkberg er ikkje nådig i sin dom over Fifas innblanding for å auke moglegheita at storkanonane kan møtast i semifinalane i VM.

– Det som irriterer meg er at Fifa fekk det akkurat som dei ville, seier han.

Kristoffer Lie Løkberg med en VM-plakat i bakgrunnen
KRITISK: NRK-ekspert Kristoffer Løkberg er ikkje fornøgd med Fifas nyvinning. Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Da alle kvartfinalane var ferdigspelt blei det klart at dei fire beste landslaga i verda, i samsvar med Fifa-rangeringa, ville møte kvarandre og gjere opp om VM-pokalen.

Det er ikkje tilfeldig. På langt nær.

Før trekkinga av VM-gruppene bestemte Fifa at vegen skulle vere open for at alle dei fire beste laga skulle kunne nå semifinalen utan å måtte møte kvarandre på vegen.

– Det irriterer meg, dei sit og tel pengane og jublar. Infantino gliser frå øyre til øyre. Eg kastar opp av tanken.

Infantino
KAN GLISE: Det trur Kristoffer Løkberg at Fifa-president Gianni Infantino gjer etter at semifinalane blei klare. Foto: AP

Det seier Løkberg om scenarioet – som nå har blitt realitet – i den nyaste utgåva av podkasten Bakrommet.

Kallar det «sportsleg balanse»

Med alle dei største favorittane igjen i turneringa står vi framfor to tungvektarar av nokre semifinalar. Frankrike skal først gjere opp om den eine finaleplassen mot Spania tysdag, mens England og Argentina gjer opp om den siste plassen onsdag.

Det gjer semifinalane til to kampar av ekstra stor kommersiell interesse, men det betyr også at vi ikkje har fått nokon underdog blant topp fire. Grepet blei av Fifa kalla for «sportsleg balanse»Les også Haaland ignorerte Hollywood-stjerne: – Ikke engang et svar?!

Dette grepet er ikkje heilt nytt i sportsverda. Tennissporten nyttar seg av same system.

NRK har sendt ein førespurnad til Fifa for ein kommentar på kritikken. Dei har foreløpig ikkje svart på førespurnadene våre.

– For å sikre sportsleg balanse har det blitt oppretta to separate vegar til semifinalane. Dette sikrar at dei to høgast rangerte laga ikkje kan møtast før finalen, gitt at dei vinn gruppene sine, uttalte Fifa i ei pressemelding da ordninga blei presentert.

Kylian Mbappé er klar for sin tredje VM-semifinale i karrieren. Han kan dermed også nå sin finale. Foto: Martin Meissner / AP,NTB

– Først og fremst gjort jobben sin

Løkberg er likevel tydeleg på at favorittane sjølv har gjort jobben som krevst.

– Da har dei fire beste laga først og fremst gjort jobben sin, for dei har vore avhengige av å vinne gruppa – det var første steg – og deretter så må dei jo ta seg vidare, seier han på spørsmål om kva han tenker om at «dei fire store» alle har nådd semifinalen.

– Så dei skal ha all mogleg honnør for at dei har gjort jobben sin, men eg liker det ikkje, legg han til.

Løkberg får støtte av Andrine Stolsmo Hegerberg.

– Eg har ikkje sansen for at dei beste skal få det enklare.

– Dei har fordelar nok av ressursar og sånne ting rundt, så eg er ikkje heilt fan av modellen der, men som Kristoffer (Løkberg) seier så har dei levert og prestert.

Andrine Stolsmo Hegerberg
GIR STØTTE: Andrine Stolsmo Hegerberg er einig med podkast-kompanjongen sin. Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Hegerberg meiner dei beste skal nå langt uansett motstand.

– Dei beste skal uansett alltid klare å komme seg langt, seier ho.

England slo som kjent Noreg ut av VM på sin veg til semifinalen. Spania overvann Belgia, Argentina vann nervedrama mot Sveits, mens Frankrike slo Marokko i kvartfinalen.

Spania og Argentina møtest i VM-finalen søndag. Spania slo Frankrike 2-0 i semifinalen og Argentina og England 2-1.