En mann med skallet hode ser til venstre. Han har en blå genser med et hvitt symbol. Ved siden av ham sitter en annen mann. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
AVFEIA SPØRSMÅL: Ståle Solbakken hadde ikkje mykje meir å seie om Skottland-kampen. Foto: Fredrik Varfjell / NTB

– Eg har ikkje noko meir å seie. Vi hadde ikkje gjort det på den måten. Så må dei ha sin moral, og vi ha vår moral, seier landslagssjef Ståle Solbakken til pressa måndag.

Natt til søndag kom beskjeden om at det ikkje blei noko av kampen mellom Noreg og Skottland, som det var planlagd at skulle bli spelt måndag.

Kampen skulle bli spelt bak lukka dører, og har vore ein dårleg skjult hemmelegheit i fleire månadar, etter at nyheita først sprakk i norske medium i mars.

Solbakken freste etter kampen mot Marokko søndag, og kalla det heile uprofesjonelt frå Skottland. Solbakken reagerte blant anna på at han ikkje sjølv fekk beskjed frå Skottland-trenar Steve Clarke. Spelaransvarleg Brede Hangeland kalla det «pinleg».

Måndag fortel landslagssjefen at han ikkje har høyrt noko meir frå Clarke. Han held fram:

– Det er ikkje noko poeng å snakke meir om den kampen. Han er ferdig. Det blei 0–0.

Kampen mot Skottland skulle vere ein siste generalprøve før Noregs første VM-kamp 17. juni. I staden blei det gjennomført ei treningsøkt på spelarane som ikkje fekk speletid i 1-1-oppgjeret mot Marokko.

– Det blei veldig bra gjennomført. Vi hadde ein liten prat i går, og det var klart at tre, fire, fem av gutane blei skuffa over at dei ikkje fekk vist seg fram i kamp i dag. Men måten dei takla det på er føredømeleg, seier Solbakken til NRK.

– Var ikkje verdt risikoen

Måndag melder blant anna Dagbladet at det var ein fulltalig skotsk tropp som var på trening, og det skotske forbundet har i ei fråsegn sendt til blant anna VG svart på kritikken frå Solbakken.

– Treningskampen for lukka dører blei organisert og arrangert mellom dei respektive lagleiarane – ikkje hovudtrenarane – og dette var den same prosessen vi følgde da vi dessverre måtte avlyse på laurdag, seier ein talsperson.

Steve Clarke Skottland
AVLYSTE: Skottland-leiren avlyste treningskampen mot Noreg. Foto: LEONARDO FERNANDEZ / GETTY IMAGES NORTH AMERICA,NTB

– Vi meiner dette var den rette og konsekvente prosessen. Kampen skulle også spelast for lukka dører og ikkje annonserast offentleg – så vi blei overraska då nyheita om kampen sprakk i norsk presse, seier talspersonen vidare i uttalen.

Landslagstrenar Steve Clarke sa følgande til BBC søndag:

– Det skulle berre vere ein treningskamp i ein time på treningsanlegget vårt. Vi fekk ein eller to smellar førre veke, og fall ned på at det ikkje var verdt risikoen, sa Clarke søndag.

Skottlandspelar John McGinn svarte kjølig til Dagbladet om situasjonen.

– Vår jobb er å fokusere på Skottland. Noreg fokuserer på Noreg. Og dersom dei har gjort litt research så veit dei at vi mista vi ei viktig brikke like før avreise. Det var ei stor påkjenning, og vi ville ikkje risikere nokon fleire.

Det fortalde Aston Villa-kapteinen og sikta til Napoli-spelar Billy Gilmour, som måtte trekke seg på grunn av ei kneskade dagen før avreise til USA.

Martin Ødegaard
REAGERTE: Noreg-kaptein Martin Ødegaard reagerte på avgjerda. Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Landslagsstjernene reagerte

Då nyheita om at Skottland valde å avlyse treningskampen reagerte fleire landslagsstjerner.

– Det er sjølvsagt kjipt. Vi skulle gjerne hatt ein kamp i morgon, slik at alle fekk kamptrening. Slik er livet, vi kan ikkje klage på det. Vi må finne løysingar, sa Martin Ødegaard til NRK.

Alexander Sørloth synest også at avlysinga passa dårleg.

– Det er veldig synd og ganske uprofesjonelt av Skottland, sa trønderen.

Kristian Thorstvedt, som starta på benken i kampen mot Marokko, ville truleg fått meir speletid om Noreg hadde møtt Skottland måndag.

– Eg veit ikkje korleis situasjonen er. Det er kjipt for oss som ikkje spelte i dag, at vi ikkje får ein skikkeleg gjennomgang. Det blir nok ei høgintensitetsøkt i Greensboro i morgon, sa Thorstvedt.

Sjå det norske herrelaget trene.

Kampen mot Skottland var planlagt som siste generalprøve før meisterskapet startar. Noregs første VM-kamp er mot Irak. Den blir spelt 17. juni.