– Kvar er dei spanske spissane? spør NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp.
Ein Ørjan Håskjold Nyland i mål og ein Erling Braut Haaland på topp var livsviktige ingrediensar for Noreg i VM.
Men gjeld ikkje dei same mekanismane for Spania?
– Både ja og nei. Det er nokon store vesentlege forskjellar her, forklarar ekspert på spansk fotball Petter Veland.
Dei regjerande europameistrane har tatt seg til finalen i fotball-VM for første gong sidan sigeren i 2010.
På høgrekanten finn ein vedunderet Lamine Yamal som allereie har bergtatt fotballverda i fleire år. Midtbana florerer av ballkontrollørar, med gullballvinnar Rodri i spissen.
Ei reise få kunne spå
Men dei to kanskje aller viktigaste spanjolane finn vi heilt bakarst og heilt fremst og på bana.
Spanske landslagsspissar har tradisjonelt vore store stjerner som David Villa, Fernando Torres og Raul.
Det kan ein ikkje seie om mannen som har skåra mest for Spania denne gongen: Mikel Oyarzabal.
– Han er eit finurleg syn. Han er så god og jamn og så stabil. Og så skjønar han si rolle, seier Veland om Oyarzabal.
– Han er ein smart spelar. Han involverer seg mykje i spelet, seier Torp.
29-åringen fekk debuten sin tilbake i 2016 men måtte vente tre år på sin neste kamp. Fram til 2023 starta han dei fleste landskampane frå benken eller var ute med skade.
Statistikken viste sju mål på dei åtte første landslagsåra.
Ofrar seg
Men etter dette skulle det snu for den 181 cm høge angriparen.
Trenaren Luis de la Fuente flytta han inn som spiss. I EM-finalen 2024 vart han matchvinnar i ekstraomgangane.
No står Oyarzabal med 25 målpoeng på dei siste 22 kampane for Spania. I særklasse best på laget. Mikel Merino er nest best med 11 målpoeng i same tidsrom.
Sjølv om han ikkje oppfører seg som ein spiss, der han heller droppar ned enn å jakte bakrom, er han fast inventar på topp hos Spania.
– Han ofrar seg for laget og er med på å sørge for at dei er i numerisk overtal rundt ballen heile tida, og er kjapp på å vinne tilbake ballen dei få gangane dei slår ein feilpasning, seier Veland.
Torp peikar på spissmangelen i Spania som grunnen til at Oyarzabal har fått tilliten dei siste åra. Men at det likevel fungerer på grunn av det spanske spelesystemet.
– Spania er unike i sin måte å spele på og dominere kampar. Oyarzabal har vore gjennom heile det spanske systemet. Skoleringen dei har, dei tenker veldig likt. Det kunne ikkje Haaland gått inn og gjort på same måten.
Sjølv om begge ekspertane trur Haaland hadde scora fleire mål på topp for Spania.
I VM er Oyarzabal Spanias toppscorar med fem mål og ein målgivande, så langt.
Bakarst på bana har dei ei heilt anna utfordring.
Keepertrio i verdstoppen
Sisteskanse Unai Simon har, i likskap med Ørjan Håskjold Nyland, vore i hardt vêr før VM. Mange meinte at andre fortente startplassen i mål.
For konkurranse er brutal. Unai Simon, David Raya og Joan Garcia.
– Den er jo den sterkaste trioen, kanskje nokosinne på eit landslag, seier Torp.
Raya spelar for Arsenal, som vart seriemeister i England, medan García spelar for Barcelona, som tok tittelen i Spania. Begge vart dessutan kåra til den beste keeperen i kvar sin respektive liga.
Men Unai Simon – som spelar for eit Athletic Club som enda på 12. plass i den spanske ligaen – vakter framleis buret.
– Trur du Luis de la Fuente har vurdert dei to andre keeperane som førsteval?
– Nei, det trur eg ikkje han har. Når det gjeld spelestil, har de la Fuente vore krystallklar på at Simón er den spanske landslagsmålvakta og er det så lenge han held nivået, svarar Veland.
Sleppt inn eitt mål i VM
Luis de la Fuente har vore trufast mot Unai Simon, som har stått fast mellom dei spanske stengene sidan slutten av 2020.
– Han har vore førstekeeper i mange år no, og knapt gjort ein einaste feil som spansk landslagskeeper. I tillegg er han fantastisk til å leie forsvaret, seier Veland og legg til:
– Det er rett og slett måten ein kommuniserer med resten av forsvaret og gir ein sånn enorm tryggleik på. Og der trur eg Simon er ufatteleg god.
Så langt i meisterskapet har han berre sleppt inn eitt mål, mot Belgia i kvartfinalen.
Han kan bli historisk om han held nullen i finalen. Ingen VM-vinnar har sleppt inn færre enn to skåringar i løpet av turneringa.
Så får vi sjå om det blir fleire mål i kassa, enten framover eller bakover for Spania i VM-finalen på søndag.