Det blei temperatur i slutten av kampen mellom USA og Australia. Etter ein ganske roleg sisteomgang byrja spelarane å knuffe mot kvarandre og fleire hamna på bakken.

Dommaren, Felix Zwayer frå Tyskland, såg seg nøydd til å dele ut fem gule kort. Men så skjedde det noko uventa – han gjekk sjølv ned for teljing.

– Det er klart det tar på for ein dommar òg. Krampe, då er det greitt å få litt tøyehjelp, sa NRKs kommentator Nora Johnsen.

Dommaren blei liggande på bakken i halvanna minutt, mens han fekk hjelp av assistentdommarane. Etter kvart måtte han også få i seg væske.

Fjerdedommaren kom springande ut med ei lita flaske med det som såg ut til å vere sylteagurksaft.

Safta fekk mykje merksemd under EM i 2024.

Zwayer sylteagurk
SYLTEAGURKSAFT: Her får dommaren sylteagurksaft av fjerdedommaren. Foto: BLAKE DAHLIN / REUTERS,NTB

– No er han stressa

Det var på overtid av kampen at dommaren blei liggjande med krampe.

– Herlege bilde. No er han stressa når han ligg på matta der og har alles auge på seg og må prøve å tøye vekk ein krampe som verkeleg har låst seg, det er ubehageleg, kommenterte NRKs ekspert Jonas Grønner.

I NRKs VM-studio spøker ekspertane om hendinga:

– Det er eit eller anna så utruleg audmjukande med det, Magnus, ikkje at du nokon gong har fått krampe men, seier Aleksander Schau før NRKs fotballekspert Magnus Wolf Eikrem svarer:

– Eg har fått ofte krampe, men håpar at eg spring meir enn dommaren. Det var vel det mest interessante som skjedde i andre omgang, så det seier vel sitt.

Eikrem, som til vanleg spelar i eliteserien, fortel at det er viktig å få i seg nok vatn og elektrolyttar.

– Det hadde ikkje dommaren gjort i dette tilfellet, legg han til.

Dommer gir gult kort til spiller. Dommeren holder opp et gult kort foran en spiller i gult. En annen spiller i gult står ved siden av. En spiller med nummer 20 på ryggen, med navnet BALOJUIN, står vendt bort fra kameraet. Alle befinner seg på en grønn gressmatte. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
GULE KORT: Dommaren delte ut fleire gule kort før han sjølv gjekk ned for teljing. Foto: Maddy Grassy / FR172029 AP,NTB

– Eg tenkte «oh lord, her må eg springe»

Det andre målet i kampen kom i slutten av første omgang. USA fekk eit frispark som til slutt hamna i føtene til Alex Freeman. Dommaren måtte dobbelsjekke målet med VAR, og då det var klart at det blei mål, tok det helt av på benken.

– Det er berre i VM du ser slikt. Det er heilt fantastisk, seier Eikrem.

Dei amerikanske innbytarane storma banen og omfamna målskåraren.

– Då det blei mål, såg eg bak meg alle lagkameratane kome mot meg. Eg tenkte «oh lord, her må eg springe», seier Freeman.

Etter kampen vart han rosa av lagkamerat Tyler Adams.

– Det handla mindre om målet, og meir om kven ein er som menneske. Me ville ha feira slik med alle, men Freeman er ein spelar som alltid er positiv. Han har har vakse mykje og toppa det med eit mål, du såg kva det betydde for laget.

– Alle på benken er med og feirar. På klubblag blir du ofte sur viss du sit på benken, men her er alle med, så det er kjekt å sjå. Spesielle bilde, legg Magnus Wolf Eikrem til.

Kampen enda med ein 2-0-siger over Australia i deira andre gruppespelkamp i VM. USA er difor også vidare til sluttspelet.

Superstjerne mot egen vilje

Australia overraska då dei vann 2–0 over – Tyrkia søndag morgon. Også USA overraska då dei vann sin opningskamp 4–1 over Paraguay.

– Dei ser bra ut, men dei møter jo også to lag som ikkje er veldig bra.

Det er fotballekspertens dom over USA, som har vunne to av to kampar.

– Dei har ikkje møtt noko lag som har utfordra dei på noko som helst, så det er vanskeleg å analysere, legg han til.