Dommer viser rødt kort til en sveitsisk fotballspiller mens lagkamerater reagerer. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
RAUDT: Her ser sveitsaren Breel Embolo det raude kortet. Foto: Albert Gea / REUTERS,NTB

Underdogen Sveits var det skapande laget mot den regjerande verdsmeisteren og hadde på meisterleg vis sett inn utlikninga halvvegs ut i den andre omgangen.

Men i det jubelen la seg skulle det heile brått snu heilt om, til Sveits si store fortviling.

Fotballspillere fra Argentina og Sveits i duell på banen under en kamp. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
FRISPARK: Her trudde Embolo at han hadde skaffa laget frispark. Like etter fekk han sitt andre gule kort. Foto: Ashley Landis / AP,NTB

Den sveitsiske spissen Breel Embolo blei liggande etter ein duell med Argentina-spelar Leandro Paredes.

– Det er jo kjempefilming, sa NRKs ekspertkommentar Carl-Erik Torp.

– Pinleg

Dommaren dømde først frispark til Sveits og gav gult kort til Paredes. Men vart fort kalla bort til skjermen for ein VAR-sjekk. Etter litt skjermtid hadde den portugisiske kampleiaren gjort opp si meining.

Filming og gult kort nummer to til spissen.

– Klokka er halv fem, men det er ingen som er voksen nok til å vere oppe og sjå på det der. Det er så pinleg, sa Torp.

Sveits sine spelarar protesterte kraftig på avgjerda, utan hell. Vonbroten måtte Breel Embolo forlate banen.

To sveitsiske fotballspillere i røde drakter omfavner hverandre på banen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
TÅRAR: Embolo i tårar etter at han fekk det raude kortet. Foto: Lee Smith / REUTERS,NTB

– Eg føler med Embolo sine lagkameratar, eg føler ikkje med han. Han har kanskje kosta laget eit avansement til semifinalane, sa ekspertkommentator og tidlegare Manchester City-profil Bradley Wright-Phillips til kanalen ITV.

Trener rasar

Før VM vart det innført ei regelendring så VAR-bussen kan gå inn for å sjå på gule kort som er gitt til feil spelar.

Og ettersom det var filming og ikkje ei felling, var det ikkje Paredes som skulle ha det gule kortet. Men sveitsiske Embolo.

Trenar Murat Yakin var ikkje er særleg fornøgd.

– Det er ikkje eg som lagar reglane. Men det er ein regel som – etter mi meining – ikkje har noko med fotball å gjera. I dag vart me straffa for det, seier Yakın til NRK etter kampen.

Fotballtrener med briller står med armene i kors ved sidelinjen på en stadion. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
TRENER: Sveits' Murat Yakin var ein lite fornøgd mann etter kampslutt. Foto: Charlie Riedel / AP,NTB

– Dommaren gir eit gult kort for ei harmlaus misferd, om det i det heile er ei misferd. Denne regelen øydela kampen vår. Det gjer utruleg vondt å ryka på denne måten, seier han på pressekonferansen seinare.

Duellar på duellar

Frå start av bar kampen preg av mange tøffe duellar begge vegar og til tider amper stemning.

Det tok blant anna åtte minutt før Messi var borti ballen.

To minutt seinare slo han hjørnesparket som Alexis Mac Allister ekspederte i mål.

– Han står heilt umarkert på første stolpe. Lekker heading. God dødball. Det er rett og slett berre perfeksjon, sa ekspert Torp.

Spillere fra Argentina jubler etter en scoring på en fotballstadion. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
HOVUDET: Alexis Mac Allister skåra det første målet i kampen. Foto: Abbie Parr / AP,NTB

Med det sette Messi ny assistrekord i VM, med ti totalt. Maradona er på plassen bak med åtte.

Resten av omgangen var lite finspelt og hadde totalt 19 frispark. Det var meir frispark enn det var gjennom heile kampen mellom Noreg – England (18).

Ni liv

Etter pause var Sveits best, og fekk lønn for strevet etter 68 minutt.

Dan Ndoye inviterte til veggspel med venstreback Ricardo Rodríguez. Frå hjørnet av femmeteren lirka førstnemnde ballen mellom beina til keeper Martínez og i mål.

Og så vart Embolo utvist. Sjølv med ein mann meir klarte ikkje Argentina å avgjere kampen i ordinær tid, og det såg lenge ut til at kampen skulle ende med straffesparkkonkurranse.

Men i det 112. minutt varta ein argentinar opp med magi. Julian Alvarez tok eit touch før han curla ballen opp i krysset frå 20 meter.

– Himmel og hav for ein måte å gjere det på. Sjå på det tilslaget, det er berre å nyte, sa Torp.

Like før slutt punkterte Lautaro Martínez kampen, som enda 3–1.

– No har dei hatt mange dårlege dagar på rad, og dei har vunne kvar gang, men det følast jo litt som at dei har begynt å bruke opp ein del av dei liva sine. Men dei er jo ein katt, og har ni liv.

Argentina klarte som dei gjorde mot Kapp Verde og Egypt, å ta seg marginalt vidare. No ventar England i semifinalen onsdag.