En mann i mørk jakke holder hånden til ansiktet mens han ser ned. Bakgrunnen er blå. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
FÅR FORTSETTE: Southamptons kontroversielle hovudtrenar får fortsette som normalt heile sesongen. Foto: Jason Cairnduff / REUTERS,NTB

Onsdag kom nyheita om at Southampton-trenar Tonda Eckert har fått ei vilkårsbunden utestenging frå fotball i seks veker etter spionskandalen førre sesong.

Dommen er det store samtaleemnet på pressekonferansen i forkant av serierunden i helga.

– Det var ei moglegheit for at det hadde gått ein annan veg. Vi har fått dommen vår nå, og kva du forventar er ikkje alltid det du får til slutt. For meg er det berre å strekke hendene i vêret. Eg har gjort ein feil, og eg må ta konsekvensane, seier Eckert til britisk presse.

På eit oppfølgingsspørsmål om kva han seier til dei som meiner seks veker ikkje er nok, svarer han kontant:

– Ingenting.

Fotballtrener Pep Guardiola snakker med en kollega på sidelinjen under en kamp foran publikum. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
SKITNE TRIKS: Tonda Eckert (til venstre) imponerte stort i både cup- og seriespel førre sesong, men det blei overskygd av juks. Her avbilda med daverande Manchester City-trenar Pep Guardiola under semifinalen i FA-cupen. Foto: Dylan Martinez / REUTERS,NTB

– Frykta langt verre

For dei aller fleste forventa – eller frykta – at straffa ville vore langt strengare.

– Det var mykje, mykje betre enn det vi kunne håpa på, oppsummerer Endre Kaurin, som er leiar for Southamptons norske supporterklubb.

Straffa til Eckert er i tillegg suspendert til slutten av 2027/28-sesongen, så dei einaste konsekvensane for den tyske trenaren i år er ei bot på 28.000 pund og ei irettesetjing frå forbundet.

– Vi har frykta langt verre straff i supportergruppa, så vi er alle einige om at dette var veldig gode nyheiter, fortset supporterleiaren.

Endre Kaurin
SOUTHAMPTON-SUPPORTER: Endre Kaurin. Foto: Privat

Det blir tilføydd av Eirik Aase. Han driv nettstaden Championship Norge og følgjer Mesterskapsserien svært tett.

– Eg blei veldig overraska, for det var ganske mykje mildare enn eg hadde trudd. Eg såg for meg at det skulle bli ei ganske hard straff. Det verka som at Southampton og Eckert hadde ei kjensle om at dei kom til å bli ganske hardt straffa, seier han til NRK.

Fulham-trener Marco Silva jubler med knyttet neve på en fotballbane. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
KAN JUBLE: Tonda Eckert slapp billig unna. Foto: GLYN KIRK / AFP,NTB

Teken for spionasje

I mai blei den engelske klubben kasta ut av opprykkskvalifiseringa til Premier League og fekk ei poengstraff på fire poeng for sesongen i år.

Årsaka var at ein Southampton-tilsett hadde blitt teken for spionasje på motstandarlaget Middlesbrough i forkant av møtet mellom dei to klubbane.

Det heile viste seg å bli ein kaotisk og absurd seanse.

Etter kvart kom det også fram at Eckert hadde lagt til rette for spionasje på treningsøktene til Oxford United og Ipswich tidlegare i sesongen òg.

Eckert har seinare innrømt skuldingane, og det har verkeleg storma rundt tyskaren og trenarteamet i etterkant.

Det kunne supporterane til motstandarane gjere narr av i etterkant:

Reagerer

Sjølv om Eckert no har blitt funnen skuldig i ulovleg spionasje, har hendinga berre knytt klubben endå sterkare saman, ifølgje Kaurin.

– Eg trur det er eit samhald om at det er «oss mot verda». Vi kjenner vi har blitt urettferdig behandla, og supporterane har fått eit sterkare samhald.

At supporterane framleis står trufast ved Eckert, stussar Mesterskapsserien-guru Aase over.

Han meiner personleg at det er dumt at tyskaren framleis har ei så stor stjerne i klubben sjølv om han har blitt tatt i juks.

– Vi må tru på nye sjansar, men det er litt vanskeleg å ønskje andre nye sjansar når andre hyllar dette her og nesten ler av heile greia etterpå.

Aase reagerer mellom anna på at Southampton la ut ei hyllest av Eckert på X rett etter at straffa hadde blitt offentleggjord.

– Dei tok null sjølvkritikk. Det er ingen som stoppar opp og tenkjer at dersom Eckert ikkje hadde gjort dette, så hadde dei mest sannsynleg rykt opp. I staden blir han nesten løfta opp som ein slags helt. Eg synest det er litt spesielt.

Eirik Aase
STUSSAR: Eirik Aase har ikkje late seg imponere av Southamptons reaksjonar etter at Eckerts straff blei klar. Foto: Privat

Går for opprykk

Men at tyskaren kan oppnå sportsleg suksess, er begge partane einige om.

– Dei er overraskande lite prega. Eg trudde dei ville få ein tøffare start med meir usikkerheit. I staden har dei nesten halde fram litt der dei sleppte før sommaren, oppsummerer Aase så langt.

Sjølv om Southampton starta sesongen fire poeng bak konkurrentane sine, har dei framleis heng på tabelltoppen.

– Vi har framleis trua på at det skal bli opprykk, svarer Kaurin kontant.