Heimir Hallgrimsson ser i gresset
SÅG I GRASET: Heimir Halgrimsson (til venstre) og resten av det irske støtteapparatet kikka ned i graset under den israelske nasjonalsongen. Foto: Bernadett Szabo / REUTERS,NTB

– Det kjem ikkje til å gå vennskapeleg for seg.

Det sa Irlands landslagssjef Heimir Hallgrímsson før kampen søndag.

Det hadde han heilt rett i; laurdag morgon blei ein pressekonferanse brått avbroten på grunn av ei rekke skuldingar.

Israelske reporterar pepra Irlands landslagssjef med kritiske spørsmål. Presseattacheen frå det irske fotballforbundet prøvde å avbryte spørsmål om det politiske klimaet og bad om spørsmål «om fotballen».

Heimir Hallgrimsson
AVBROTE: Heimir Hallgrímsson rakk ikkje å svare på mange spørsmål. Foto: Darko Vojinovic / AP,NTB

Avbraut reporter: – Det er løgn

Då kom det spørsmål om at irske spelarar skal ha kalla ein Israel-spelar for «ape» undervegs i kampen søndag.

– Det er heilt usant, det er heilt usant, det er heilt usant. Vi avsluttar denne presseseansen no.

– Det er løgn. Du har akkurat kringkasta ei løgn, la presseattacheen til.

Då ropte ein israelsk reporter:

– Dette er ein pressekonferanse, vi er inviterte hit for å stille spørsmål.

en banestormer gir klar beskjed
ENGASJERT: Då Irland spelte heimekamp mot Austerrike torsdag blei kampen avbroten av protestar to gonger. Her har ein banestormar komme seg på banen. Foto: Brian Lawless / PA,NTB

«Ein brå slutt på pressekonferansen i dag», skriv den irske kringkastaren RTÉ.

Kampen søndag blir ikkje spelt i Irland. I sommar vedtok forbundet at kampen skal spelast på nøytral bane – utan tilskodarar.

Derfor speler Irland «heimekamp» 2000 kilometer heimanfrå, i den serbiske byen Bačka Topola.

– Dei hatar oss

Sist laga møttest blei det brennheitt utanfor banen.

  • Under den israelske nasjonalsongen stod dei irske spelarane demonstrativt og såg ned i graset.
  • Irland-spelarane nekta å ta israelske spelarar i handa før kampen.
  • Irland spelte med svarte sørgebind for offera etter krigen i Gaza. Da Jack Moyland skåra 3-0-målet løfta han sørgebindet og kyssa det i feiringa.
  • Irlands målvakt Gavin Bazunu trekte seg frå landslagstroppen fordi han meinte det «vil vere feil å vere med på.»
droppet å hilse
INGEN HANDTRYKK: Kaptein Dara O’Shea (til venstre) snur seg og går i staden for å helse på Israels kaptein Manor Solomon (til høyre). Foto: ATTILA KISBENEDEK / AFP,NTB

Dei mange markeringane blei lagt merke til, så då Israel-kaptein manor Solomon blei intervjua etter kampen hadde han lite fint å seie om Irland.

– Eg bryr meg ikkje om dei (dei irske spelarane). Vi er eit land som er ti gonger betre enn deira, sa Salomon.

– Dei hatar oss openbert. Og vi likar dei ikkje, sa Solomon.

Midt i hendingane står islandske Heimir Halgrimsson, som trenar Irland. Han fekk rett nok svart på noko før seansen blei runda av.

Både Halgrimsson og det irske laget har vore under ekstremt press dei siste dagane. «Stop The Game», ein kampanje av aksjonistgruppa Irish Sport for Palestine, har oppfordra til å boikotte kampane mot Israel.

– Å komme ut av denne samlinga heilskinna er ein stor siger for meg. Alt vi har vore gjennom, kritikken. Å overleve som gruppe vil vere ein stor siger for denne gruppa og for Det irske fotballforbundet, at vi kjem oss gjennom dette, sa Hallgrimsson.