Erling Braut Haaland
VARIERT: Det dukkar stadig opp nye kreative bilde frå Erling Braut Haaland sin Snapchat-konto. Foto: Skjermdump fra Snapchat

Selfie på selfie på selfie. Ofte i bar overkropp eller med eit fargerikt klesplagg.

Plutseleg spring han opp eit fjell. På det neste bilete held han to store humrar i kvar si hand.

– VM skapte jo ei nasjonalkjensle og ekstra nærleik til spelarane, så kombinert med deira merksemd i sosiale medium den siste tida har det verkeleg tatt fyr, seier ekspert på kommunikasjon, Dorthea Roe.

Det er ofte ikkje noko samanheng mellom snapchat-innhaldet til Erling Braut Haaland.

Og det funkar som berre det.

Erling Braut Haaland på snapchat
SELFIE: Eit typisk bilde som Haaland legg ut på Snapchat.Faksimile: Erling Braut Haaland på Snapchat

I skrivande stund har han 9 millionar følgarar på den kjende appen. Det gjer at han no er blant dei aller største i verda, og passerte nyleg Justin Bieber.

Stadig fleire fotballstjerner deler sin private kvardag med resten av verda. Likevel åtvarar eksperten om at innhaldet ikkje nødvendigvis er sunt. Og kor private er dei eigentleg?

VM og ferieliv

– Å få innblikk i liva til fotballspelarane, og kjenne at ein vert kjend med desse stjernene, det har ein sett med kjendisar i lang tid. Men etter VM vil alle ha ein bit av Haaland og gutane, og det gjeld ikkje berre den gruppa som er ekstra fotballinteressert.

Dorthea Roe er stipendiat på Universitetet i Bergen og ekspert på helsekommunikasjon i sosiale medium og strategisk kommunikasjon, i tillegg til at ho er influensarar.

Ho er imponert over Haaland sin evne til å treffe publikummet sitt, og tek atterhald om at det er han sjølv som styrer brukaren.

kvinne
EKSPERT: Dorthea Roe er stipendiat på Universitetet i Bergen og ekspert på helsekommunikasjon i sosiale medium, influensarar og strategisk kommunikasjon. Foto: Universitetet i Bergen

– Han evnar å treffe publikum i sosiale medium på ein tilsynelatande naturleg måte. Han er «straight to the point», med ein enkelheit og humor – og det fungerer, folk likar det, seier Roe og legg til:

– Det framstår ekte, ein ser for seg at han slengjer inn kommentarane meir mellom nokre sett på gymmen, eller om kvelden etter ein lang dag på fotballbana, medan han skrollar og slappar av.

Haaland som går ned fra et fly med designerveske og en utstoppet vaskebjørn
DYR: Haaland kom heim til Noreg med ein utstoppa vaskebjørn, som han også dokumenterte på Snapchat. Foto: Jan Langhaug / NTB

På det norske landslaget er det i alle fall to andre profilar som har tatt etter Noregs spydspiss.

Antonio Nusa har i sommar lagt ut bilete frå sine feriedagar etter VM, frå båtliv, restaurantar og venner.

Jørgen Strand Larsen har brukt appen til å sjå tilbake på det store meisterskapet og delar små og store høgdepunkt med sine følgarar.

Framstår autentisk

– Det kan hende at dei ikkje har så mykje anna å finne på enn å dele frå liva deira? spør treningsinfluensar Hedda Skaug.

Sjølv har ho 65 tusen følgarar på Snapchat og brukar appen mykje til å oppdatere frå sin kvardag, som ofte består av trening.

Hedda Skaug
PROFIL: Influensar Hedda Skaug. Foto: Espen Solli

Snapchat er kjent for å vere ein plattform store kontoar kan tene gode pengar på.

Likevel trur ikkje Skaug at det er økonomien som driv fotballstjernene, men at det er ein fin måte å snakke med fansen.

– Det er ein veldig stor plattform, du når ut til mange og er veldig tett på følgarane dine. Det er ein veldig enkel app, du må ikkje redigere og sånt.

Og meiner Haaland har knekt ein kode.

– Han er seg sjølv og svarar morosamt på spørsmål som følgarane stiller. Han er veldig naturleg. Eg føler det er ekte, han pyntar ikkje så mykje på sanninga på Snapchat. Du tar eit bilde og kan legge ut med ein gang, seier Skaug.

Jørgen Strand Larsen
PÅ SNAPCHAT: Her speler Jørgen Strand Larsen golf med Erling Braut Haaland. Grafikk: Skjermdump fra Snapchat

Ofte svarar stjernene på spørsmål som blir sendt inn frå følgarane sine. Ekspert Roe seier Snapchat gir eit innblikk «bak fasaden».

– Det kan i det minste framstå autentisk – noko som ofte gjer same nytta. Delinga verkar spontan.

Antonio Nusa
MIDDAGSTID: Antonio Nusa er aktiv på Snapchat. Grafikk: Skjermdump fra Snapchat

Men ein må uansett ha ein kritisk tanke til kvifor dei vel å dele det dei gjer.

– Sjølv om det framstår som ei form for live-deling på Snapchat, så vel dei jo sjølve kva dei deler. Og dette er eit viktig aspekt: kva dei vel å dele, og kvifor. Kva vil dei oppnå med det?

Folk får servert det behagelege

Den personlege merkevara vert stadig ei viktigare kommersiell brikke. Og det kan vere ein strategisk tanke spelarane har i hovudet når dei publiserer på Snapchat.

– Når Haaland eller Nusa skal ha nye sponsorar, selje produkt, vere med i reklamar, eller kjem med eigne produkt – så kan dette imaget i sosiale medium vere gull verdt. Dei skapar ei nærleik og kjennskap med følgarar og «folket» utanfor det dei gjer på fotballbana.

Gode biffar, soling på store båtar og enda ei handlerunde kan fort freiste den alminnelege mannen i gata.

Fotballspillerne Julian Ryerson, Erling Braut Haaland og Mats Møller Dæhli i offisielle antrekk. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
KONGEBESØK: Her kosar Ørjan Håskjold Nyland, Erling Braut Haaland og Julian Ryerson på slottet etter å ha helse på kongen. Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB

Roe seier det er omdiskutert kor sunt det er at unge følgarar konsumerer så mykje frå eit så «behageleg» liv.

– Dei kan gjerne vere audmjuke og gode førebilete, men det å samanlikne kvardagslivet sitt med kvardagslivet til ein verdskjend fotballspelar er ikkje nødvendigvis sunt. Og så vert jo ikkje heile kvardagslivet deira delt heller; det er eit utval som ikkje treng å samsvare med realiteten, seier Roe og legg til:

– Så lenge dei deler «positive» verdiar kan det vere fint, men den tilliten kan òg vere farleg i generell forstand dersom spelarar eller andre ein «følgjer tett» i sosiale medium deler innhald og meiningar som ikkje er like sunne.

Det florerer også av falske brukarar av dei store Snap-profilane. Då ber Roe om at ein sjekkar ein ekstra gong.

– Gå til kjelda der du trur det kjem frå, i dette tilfellet søk opp den offisielle kontoen til Haaland for eksempel, og sjå om det stemmer. Ein kjem langt med litt sunn skepsis, og det er ytst nødvendig å ha når ein bruker sosiale medium.