– Når supporterar no har valt å prøve sakene sine for retten og fått medhald i sju av sju saker, må politiet etter vårt syn stille spørsmål ved eigen praksis, seier Inge Braa.
Han er leiar for Rosenborg sin supportergruppe Kjernen.
I juli blei seks Rosenborg-supporterar frikjent i Trøndelag tingrett etter at politiet hadde ilagt dei bøter og opphaldsforbod.
I august gjekk ei ny sak knytt til supporterbråk for retten.
Ein Vålerenga-supporter fekk eit førelegg på 15.500 kroner etter at politiet meinte han tente på fyrverkeri utanfor Lerkendal stadion.
Tingretten konkluderte med at politiet ikkje hadde bevist at det var den tiltalte mannen som hadde tent på fyrverkeriet.
Ikkje objektive bevis
Hendinga fann stad før kampen mellom Rosenborg og Vålerenga 22. mars.
Ifølge dommen var det ein brannkonstabel som såg at fyrverkeriet blei tent.
Etter at brannkonstabelen gav beskjed til politiet om kven han meinte stod bak fyrverkeriet, blei mannen i 30-åra pågripen.
Da han blei pågripen blei det funne ein lighter og supporterutstyr på tiltalte. Supporteren nekta heile vegen for å ha tent på fyrverkeriet.
Retten meiner brannkonstabelen sin forklaring er truverdig og at det ikkje er grunnlag for at han har gitt ein bevisst feilaktig forklaring.
I dommen legg tingretten mellom anna vekt på at brannkonstabelen ikkje kunne fortelje kva klede den tiltalte mannen hadde på seg.
Mannen fekk dermed medhald og blei frikjent.
Meiner politiet må stille spørsmål ved eigen praksis
– Vi opplever at politiet i Trondheim over tid har lagt seg på ei meir konfronterande linje overfor fotballsupporterar, seier Braa.
Han meiner det blir brukt «ganske inngripande verkemiddel».
– Det er vanskeleg å bygge tillit når sak etter sak ikkje held når ho blir prøvd av domstolen.
– Vi har over lang tid forsøkt å få til ein betre dialog med politiet i Trondheim, fordi vi meiner det er den klart beste vegen.
– Erfaringa både frå andre norske byer og internasjonalt er at god dialog mellom politi, klubbar og supportermiljø løyser veldig mykje.
Braa meiner det er beklageleg at ein ikkje har klart å få til den typen samarbeid i Trondheim.
– I staden opplever mange supporterar at politiet møter miljøet med mistru og konfrontasjon. Det gjer avstanden større, ikkje mindre.
Det har vore fleire episodar med vald knytt til fotballsupporterar dei siste åra.
Også kvelden før Rosenborg møtte Vålerenga rykka politiet ut til fleire masseslagsmål i Trondheim:
Flere masseslagsmål før kamp: – Uakseptabelt
– Opplever ikkje slike episodar med politiet andre stadar
– Det føyer seg inn i rekka av saker der politiet i Trondheim er ute etter supporterar utan å ha gyldig grunn, seier Christian Arentz om dommen frå tingretten.
Han er talsperson for Vålerenga sin supportergruppe Klanen.
Arentz presiserer at han ikkje er kjent med den konkrete saka, men at Vålerenga-supporterar tidlegare har hatt uheldige opplevingar med politiet i Trondheim.
– Eg opplever politiet i Trondheim som veldig konfronterande, seier Arentz.
Han fortel at dei tilreisande supporterane i fjor hadde avtalt kva utestad dei skulle samle seg på før kamp.
På veg bort til staden blei dei konfrontert av politiet utan grunn, hevdar Arentz.
– At vi var ein gjeng supporterar som gjekk samla var tydelegvis ikkje populært.
Arentz fortel at mange i Klanen reiser rundt på mange borteturar. Måten dei blir møtt på i Trondheim skil seg frå andre stadar i landet, meiner han.
– Ein opplever ikkje slike episodar med politiet andre stadar i landet.
– Vi må gripe inn
Politiet opplyser at dei har hatt dialog med fotballsupporterane lenge, utan at det har gitt resultat.
– Når dialog ikkje fører fram og det blir skapt farlege situasjonar, er politiet også nøydd til å ta i bruk sterkare verkemiddel, seier Svenn Ingar Viken, politistasjonssjef ved Trondheim Sentrum politistasjon.
Vidare fortel han at dei har for mange døme på at supporterar har slåst midt på dagen og gått til angrep på andre gjester eller supporterar i Trondheim.
– Vi må gripe inn for å hindre vald, vareta tryggleiken til publikum og etterforske moglege straffbare forhold. Det meiner vi ikkje er ei for konfronterande linje.
Eli Tronvold Aasland, påtaleleiar i Trøndelag politidistrikt, fortel at det har vore vanskeleg å føre tilstrekkeleg bevis for å knyte enkeltpersonar til hendingane.
– Vi har ut frå ei heilskapsvurdering valt å ikkje prioritere å anke til lagmannsretten. Det er fordi det er snakk om bøteforhold og det skal meir til for at politiet ankar og til at lagmannsretten samtykkjer i å fremje ei slik sak, seier Aasland.
Etter at fleire supporterar fekk opphaldsforbod, har det ikkje vore nokon ordensforstyrringar i samband med kampane, ifølgje politiet.