Vi møter Rotlaus på det som er backstagen til festivalen Trollrock på Beitostølen.
På veg inn observerte vi mange spente publikum med T-skjorter med Rotlaus-motiv. Nokon godt vaksne, men også mange unge med tydeleg dialekt.
Bygderampen er på veg mot scena.
No opplever Rotlaus at stadig fleire får auge på breidda i musikken deira. Likevel blir bandet framleis ofte omtalt som eit «festband».
– I starten var det nok mange som plasserte oss i ei bestemt bås. No opplever vi heldigvis at fleire lyttar til musikken vår utan dei merkelappane.
Det seier Rotlaus-vokalist Bjørn Marius Øyehaug og strekker seg etter noko å drikke.
Denne dagen har bandet bak seg ein lang busstur frå Ørsta på Sunnmøre til Valdres. Straks etter konserten går turen vidare til Trøndelag og nye spelejobbar.
– Vi speler til både gravøl og fest. Musikken vår blir brukt i både vielsar og begravelsar. Eg har aldri sett på oss sjølve som eit reint festband.
Spelte for fulle hus
Bandet blei nominert til Spellemannprisen som årets nykomar i 2018, noko dei sette stor pris på.
Då dei tre år seinare blei nominerte i kategorien festmusikk, kjende dei likevel at kategorien ikkje spegla det uttrykket dei ønskte å bli vurderte for.
– Vi valde å ikkje møte opp. Samtidig var vi stolte over å bli nominerte.
For Rotlaus handla det meir om at dei ønskte å bli vurderte ut frå heilskapen i musikken dei lagar, ikkje kva kategori juryen plasserte dei i.
– Vi gjorde to fullsette konsertar den helga, noko vi sjølve ser på som ein langt større heider enn raud løpar og finskjorte.
Øyehaug peikar på at artistar i sjangeren ofte får mindre omtale enn mange andre når dei gir ut ny musikk.
– Vi har vore heldige. Publikum har møtt opp år etter år, og det er eigentleg den viktigaste anerkjenninga vi kan få.
Står på sitt
Rotlaus har aldri lagt skjul på kvar dei kjem frå eller kven dei lagar musikk for.
Sjølv om uttrykket har utvikla seg gjennom åra, meiner Bjørn Marius Øyehaug at dei viktigaste verdiane har vore dei same heilt sidan starten.
– Vi prøver å vere dei same menneska som før vi byrja med dette. Vi har aldri prøvd å vere noko anna enn oss sjølve, og eg trur folk merkar om det er ekte eller ikkje.
Han meiner publikum alltid har vore den viktigaste drivkrafta.
– Vi har vore utruleg heldige som har fått bygge eit publikum over heile landet. At folk kjem tilbake år etter år, betyr meir enn alt anna.
Samtidig har utviklinga ikkje alltid vore utan diskusjonar.
Då bandet ønskte å ta musikken i ei ny retning, møtte dei motstand – også internt i bransjen.
Bandet fortel at dei møtte motførestillingar, også frå eige plateselskap.
Dei ønskte å ta musikken i ei ny retning, med større vekt på ekte instrument og eit meir organisk uttrykk.
– Musikken vil alltid vere i utvikling. Vi blir eldre, livet skjer, og det pregar også det vi skriv og spelar, seier Øyehaug.
Då eitt av bandmedlemmene valde å gi seg, blei det også naturleg å sjå på den musikalske retninga.
– Vi opplever at fleire har blitt nysgjerrige på kva slags band vi eigentleg er, og det set vi stor pris på.
Står ikkje stille
Rotlaus har sidan starten for elleve år sidan bygd eit stadig større publikum.
Sjølv om enkelte framleis har sterke meiningar om kva slags band dei er, opplever Øyehaug at fleire no lyttar utan dei gamle merkelappane frå musikkpolitiet.
– Musikken vår har aldri stått stille, slår han fast.
Øyehaug seier at musikken blir forma av det dei høyrde på då dei vaks opp, av musikken som inspirerer oss i dag.
Etter kvart kjem også livserfaringane deira inn i tekstane og musikken.
– Vi har eigentleg aldri vore så opptekne av kva som er moderne eller kva som nødvendigvis vil slå best an. Vi prøver heller å lage musikk som kjennest rett for oss.
– Det er jo ein god ting at det viser seg at mange likar det same som oss, seier han.
Utvatna fest-rykte
Rotlaus har gjennom mange år blitt knytt til fest og bygdeliv. Det har bandet aldri hatt noko imot.
– Om folk samlar vener, syng med og har det kjekt til musikken vår, så er det jo eit kompliment.
Han meiner ikkje at bandet har forandra seg – berre at fleire har fått sjå fleire sider av dei.
– Vi har alltid skrive songar om mykje meir enn fest. Om vennskap, familie, sorg, kjærleik og livet slik det er.
Øyehaug meiner det er fint at fleire oppdagar den sida av bandet.
– Vi kjem nok alltid til å spele songar folk kan feste til. Men vi kjem også alltid til å skrive om det som betyr noko for oss.
Stor suksess
Dei siste åra har norsk country, norske «festband» og artistar hatt enorm suksess, særleg utanfor dei store byane.
Artistar som Tobias Sten, Carina Dahl, Staysman, Rotlaus og Staut trekker tusenvis av publikum.
Rotlaus ønskjer først og fremst å bli vurdert ut frå breidda i musikken dei lagar, sjølv om mange framleis forbind dei med festmusikk.
Andre artistar omfamnar merkelappen fullt ut.
Som til dømes Staysman, som sa til NRK tidlegare i år at unge artistar må kome seg ut på bygda for å spele: «Det nytter ikke bare å spille de fancy festivalene i storbyene».
Eit av desse banda er Knivblad frå Rogaland med Kjell «Kapteinen» Øverland i spissen.
– Vi legg jo merke til skiljet mellom bygd og by, men vi tenker at folk er jo berre folk og alle har ulik smak, seier Øverland til NRK.
Han peikar på at dei lagar låtar om det å leve på bygda.
– Heldigvis spelar vi så langt unna byane at det berre er vanleg politi på våre konsertar, og ikkje «musikkpoliti».
Går i studio
Tilbake på Beitostølen snakkar Rotlaus fritt om korleis det føles å ikkje ha blitt heilt akseptert av «musikkeliten».
Utanfor backstage-lokalet byrjar folk å strøyme til scena.
– Det var ikkje alle som gav oss eit anerkjennande nikk då vi var ferske. Men vi meiner alle artistar fortener å bli møtte med respekt, uansett kva slags musikk dei lagar.
I sommar har Rotlaus to store sceneproduksjonar som rullar og går, ein i Sør-Noreg og ein i Nord-Noreg.
Det gjer Rotlaus til eit av dei største livebanda i Noreg.
Når festivalstøvet har lagt seg utover hausten, går ferda vidare til øya Giske og Ocean Sound ute på Mørekysten.
Der skal dei legge siste hand på det kommande albumet, der americana og heartland møter eit tyngre og meir rocka uttrykk.
– Vi ønskjer å behalde den jordnære tilnærminga, men samtidig tørre å bite litt meir frå oss musikalsk. Kjernen er den same, men vi utfordrar oss sjølve litt meir denne gongen.
– Subjektiv kunstform
Redaktør i musikkmagasinet Gaffa, Sigurd Hollen Elgenes, meiner at det ikkje finst noko reelt «musikkpoliti» i den forstand Rotlaus skildrar.
– I røynda rommar musikkpressa eit breitt spekter av smak, preferansar og perspektiv, meiner Elgenes.
– Men kva tenkjer du om rolla til kritikarane når ein artist og ein meldar har helt ulike oppfatningar av musikken?
– Musikk er ein subjektiv kunstform, og oppgåva til kritikarane er ikkje å stadfeste artistane si eiga forståing av musikken dei lagar, men å tolke og skildre korleis han vert opplevd.
Han peikar på at ein artist kan ha ein tydeleg idé om at kva uttrykket deira er, men at det ikkje betyr dei same tinga for lyttarar eller anmeldarar.
– Det er ein helt naturleg del av møtet mellom kunst og publikum.
Føler på det
Subjekt-redaktør Danby Choi forstår at det er lett å føle seg misforstått i kulturen.
– Som redaktør har eg stått i denne problemstillinga og kritikken mange gonger. Anten det gjeld kjønn, sjanger eller motiv.
Sjølv meiner han at bygderock-banda må stå i det.
– At nokon mistenkjer deg, misforstår deg eller representerer deg feil, stikk djupt i identiteten til ein. Ein kan bli «Rotlaus» av mindre, seier Choi.
Møter nye talent
Sjølv om Rotlaus har gått eigne vegar og tidvis kjempa for å bli anerkjente i musikkbransjen, har dei aldri mista ønsket om å spele andre gode.
På vegen møter dei støtt yngre artistar som er i startgropa på karrieren.
– Vi prøver å vere dei vi sjølv ville møte då vi begynte å reise rundt, seier trommeslagar Simen Bjørdal.
– Musikk-Noreg er ikkje så forbaska stort. Det var ikkje alle som gav oss eit anerkjennande nikk då vi var ferske, men vi meiner alle fortener det, utdjupar Bjørn Marius Øyehaug.