Presisering: Artikkelen er 4oppdatert med presisering av at omtala forlik er gjort opp, samt partane si rolle. Endringa er gjort 4. november kl. 07.32.
– Først og fremst er dette ei trist sak som vi hadde håpa å kunne løyse på ein annan måte. Når det ikkje var mogleg, så er vi sjølvsagt letta og nøgd over at det er teke ut tiltale, seier advokat Jan Magne Isaksen.
Han representerer dagleg leiar Øystein Danielsen i bergensselskapet NF Engros.
– Kjensla av rettferd er styrkt
Omsider ser det ut til å gå mot ein slutt for Danielsens årelange kamp.
For fire år sidan gjekk han til politiet med det han meinte var omfattande bevis på at to tilsette i selskapet hadde underslått over 2 millionar kroner frå verksemda.
Politiet la vekk saka, og forklara dette med manglande kapasitet.
Politiet henla anmeldelsen av millionunderslag: – Alle burde vel bli hvitsnippforbryter
Så vart mennene melde av Skatteetaten og bustyrarar for skattesvik og brot på bokføringslova i samband med tidlegare oppløyste firma.
I mai 2023 bad Statsadvokaten politidistriktet opne etterforskinga att.
No må den eine av mennene møte i retten. Saka mot den andre mannen er lagt vekk.
– Vi er nøgde med at politiet no har gjeve saka ei grundig etterforsking. Kjensla av rettferd er styrkt, seier Isaksen.
– Ingen kommentar
Denne veka tok Vest politidistrikt ut tiltale for grov økonomisk kriminalitet mot mannen i 30-åra.
Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå politiadvokaten på saka.
Ifølgje tiltalen skal mannen ha brukt nær 280.000 kroner av verksemda sine midlar til å betale for kunst, vin og møblement, samt restskatt, billån til familiemedlem og kostnader knytt til ei tvangsoppløysing.
– Det har vore ei stor belastning for selskapet og Øystein Danielsen, seier Isaksen.
Etter NRK-saka i 2024 skal den tiltalte mannen også ha logga seg inn på e-postkontoen til Danielsen for å lese kommunikasjonen hans med andre.
– Eg kan stadfeste at han vart kjent med tiltalen torsdag, men har ingen kommentar utover det, seier mannen sin forsvarar Emilia Niemi.
Viktig med straff
Advokaten seier at dei fire siste åra har vore krevjande for den daglege leiaren i engrosverksemda. Firmaet skal ha vore på hælane økonomisk.
Då NRK omtala saka for to år sidan hadde partane gått inn forlik om tilbakebetaling av 2,1 millionar kroner. Denne er no oppfylt.
– Selskapet har hatt ei sivil erstatningssak som er løyst gjennom eit rettsforlik der selskapet kravde heile beløpet erstatta, seier Isaksen og understrekar at det viktigaste for NF Engros er å få eit strafferettsleg oppgjer.
– Det sentrale for selskapet er at dette får ein reaksjon og ein prosess i domstolane. Danielsen har gjort sitt beste for å få selskapet på beina att. No har kjensla av rettferd fått seg ein styrke.
Førte ikkje rekneskap
Vidare er mannen også tiltalt for å ikkje opplyse om over ein halv million kroner i inntekt frå eit firma han var dagleg leiar i.
Over ein periode på to år, der den same verksemda omsette for samla over 100 millionar kroner, skal han heller ikkje ha ført løpande og fullstendig rekneskap.
Det same skal gjelde eit anna firma han var dagleg leiar i. Firmaet omsette samla for over 40 millionar kroner i perioden.
Det er uvisst når saka kjem opp for retten.